Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Vått i terrenget

Date:
30.10.2011

På veg frå hytta stoppa vi denne gongen på Hokksund, og skjønt etter éin bom at vi skulle følgje skilt til Skotselv, og etter å ha kome til Burud, køyrde vi litt langt, skjønte ikkje at vi skulle ta av til skytebane og Myre. (Vi hadde altså ikkje kart med.) Men derifrå gjekk det greitt, vi køyrde til vi kom til skiltet med Rakkestadsetra, og rett før vi kom til slutten av vegen spurde vi ein elgjegar som sa at jo - dette blei riktig, men det er ein betre stig frå Midtstua. Vi hadde sett vegen ta av dit lenger nede i dalen ved ei bru. Men gjort var gjort, og vi følgde traktorvegen til den stansa, heldt mot venstre over bekk og myr, drog etter kvart opp ein mørk granli, og vel oppe trefte vi på blåmerkt stig - truleg den frå Mitdstua. Kom til Hoggtjern - nudeleg i låg ettermiddagsol. >>>

Map    

FIre i gråvêr

Date:
23.10.2011
Map    

Kald og klar tur

Date:
16.10.2011

Hadde ærend på Gardermoen og la dette til denne sundagen som hadde føott værmelding. Slik kombinerte vi med ny kommunetopp. Tom var motivert av at det var fylkestopp, har erklært at fylkestoppane blir han i alle fall med på - ikkje så farleg med dei 411 andre kommunetoppane. Køyrde langs Hurdalssjøen, masse tåke/alvedans i nordlige enden, men den køyrde vi gjennom og ut av etter å ha svingt av ved kjerka mot brandbu, og så Fjellsjøkampen/Gjødingseter. Berre ein annan bil på parkeringsplassen etter bommen klokka 1200. fann lett stigen og gjekk greitt opp på god og stort sett tørr stig. Markert for høgdemeter både på 600 og 700. Ein stad mellom 600 og 700 såg vi den første snøen som må ha lege sidan sist helg. Uventa. ved varden var det flott utsyn, og hundeglam frå >>>

Map    

Blank haustettermiddag

Date:
09.10.2011

øyrde frå Grova, fann stigen etter fjellkløfta, og byrja oppstiginga utpå ettermiddagen. Vi hadde sol og klart ver, ikkje ei sky på himmelen og ikkje eit vindpust. Berga var tørre og oppstiginga gjekk greitt, men fekk akutt næringsbehov og måtte raste og spise litt oppe ved dei store velta tørrfuruene om lag ein tredjedel av turen opp. Vi var oppe klokka 1800, og gjekk frå storvarden bort til grensevarden lenger bak. Månen var komen opp som ei kvit skive då vi stod på toppen, og halvvegs nede gjekk sola ned bak Hægefjell. Klokka 1900 var vi ved bilen og då var det duskmørkt med måneskin. Minneverdig tur. i dag då vi vakna på hytta snødde det - haustens første! Helge var med.

Map    

Kveldstur i klart vêr

Date:
08.10.2011

Køyrde frå Grova, fann stigen etter fjellkløfta, og byrja oppstiginga utpå ettermiddagen. Vi hadde sol og klart ver, ikkje ei sky på himmelen og ikkje eit vindpust. Berga var tørre og oppstiginga gjekk greitt, men fekk akutt næringsbehov og måtte raste og spise litt oppe ved dei store velta tørrfuruene om lag ein tredjedel av turen opp. Vi var oppe klokka 1800, og gjekk frå storvarden bort til grensevarden lenger bak. Månen var komen opp som ei kvit skive då vi stod på toppen, og halvvegs nede gjekk sola ned bak Hægefjell. Klokka 1900 var vi ved bilen og då var det duskmørkt med måneskin. Minneverdig tur. i dag då vi vakna på hytta snødde det - haustens første! Helge var med.

Map    

Fagerliheii

Date:
08.10.2011
Map    

Kveldstur til Tårnåsen

Date:
04.10.2011
Map