Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Tryvannstårnet på årets første snø

Date:
10.11.2019
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:45h
Distance:
3.7km

Frå Frognersetra på årets første snø, vrei meg gjennom gjerdet for å kome meg «til topps». Gjekk ned og åt middag på Frognersetra etterpå. 3,66 km, 111 hm, 46 minutt. Tom var med.

Map    

Kommune nr 250: Ullandhaugtårnet før konferanse

Date:
29.10.2019
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:21h
Distance:
1.0km

</gallery> Etter Kjerrberget gjekk eg eit par km, men då eg stod ved Sola ungdomsskole og sjekka busstider, kom det ein ledig drosje forbi, og eg praia han og blei køyrd til Ullandtårnet. Ein svipp opp og ned, blank og herleg utsikt, prata med ein sprek joggar som gjorde turen opp til tårnet to gonger for veka. Gjekk ned til Universitetet der eg tok rutebussen til Stavanger sentrum. 0,9 km, 16 minutt, 41 hm. Ikkje rare turen, men nydeleg dag, interessante omgjevnader og dessutan kommune nr 250, og topp nr 240.

Map    

Kjerrberget før konferanse

Date:
29.10.2019
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:16h
Distance:
1.1km

Med tidleg fly frå Oslo rakk eg både konferansestart i Stavanger kl 1200 og to små kommunetoppar før det. Fantastisk vær, heilt klart, skyfritt og vindstille, men ganske kaldt. Tok taxi frå flyplassen til ganske nær Kjerrberget. Men drosjesjåføren rørte fælt, og det var eg som ved hjelp av GPS måtte få han på rett spor. Følgde ruta rett opp jordet og over straumgjerdet slik som aask. Brukte 21 minutt opp og ned frå der taxien slapp meg av. Gjekk då 1,1 km, og gjorde unna 75 hm. Første tur med ryggsekk, handveske og PC-veske!

Map    

Rusttur i vind

Date:
15.09.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
5.0km

Kosetur til Rust i sol. Sterk vind på toppen. Matpause i le på framsida. Tom, Svein og Ingunn var med.

Map    

Gulle fint på Gullfjellet

Date:
08.09.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:15h
Distance:
9.1km

Køyrde frå Bergen til stor parkeringsplass med godt merkt løypenett til og rundt Gullfjellet. Masse folk ute denne solblanke sundagen. Først eit strekk med stig/løypetrasé. Så bratt opp våt stig/bekkefar, så myrar og stig over dei slakt oppover. Store flotte vardar langs stigen starta på toppen av myrstrekket. Stigen frå første varde gjekk så i ordentleg fjellterreng med vardar i jamne intervallar heile vegen opp til toppen. Overraskande høgt opp, stadig nye bergtoppar bak kvarandre. Masse folk på toppen, fantastisk utsikt. Havørner i lufta som vi følgde med på medan vi åt niste. Same veg tilbake. 9,1 km, 3 timar og 15 minutt, 864 hm. Anne var med.

Map    

Mykje køyring for lite

Date:
08.09.2019
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
2.3km

Etter flott tur på Gullfjellet, fann vi litt frivolt ut at vi kunne rekkje å køyre til Mongstad før Annes flyavgang og min jobbmiddag. Så det gjorde vi. Parkerte ved stengt port på Mongstad-sida, vi hadde planlagt å køyre heilt inn. Sidan vi hadde små marginer til flyavgangen, gjekk og småløp vi fram og tilbake. Eg har ikkje sprunge på fleire år, men for Anne var jo dette ein kurant løpetur. Fann bolten i høgt gras, og sprang tilbake til bilen. Litt dårleg samvit for all denne bilkøyringa for så skral topp! Anne var med.

Map    

Andre topp for dagen - Eldsfjellet i Meland

Date:
07.09.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:26h
Distance:
3.0km

Frå Øverdalen i Os køyrde vi nordover og kryssa Nordhordlandsbrua inn i Lindå og så Meland. Køyre til Eldsfjellet p-lomme eit kort strekk frå Vikebø, nydeleg langs vatnet her! Vi skar inn den merkte stigen og gjekk rett opp den bratte lia og gjekk opp skardet mellom to bratte fjellhamrar. Vi var oppe på toppen etter knappe 30 minutt. Flott sol og super utsikt, men litt vind. Den hadde vi stort slett sluppe på Sveningen. Men her hadde vi jo havet rett ut mot vest og nord, og det hadde vel blåse opp litt. Utruleg nok greidde vi å gå feil veg nedover, etter å ha surra rundt og sett oss omkring og tatt bilete og sånt, hadde vi mista retninga, og vi starta å gå nedover langs merkt stig som ikkje var den stigen vi hadde kome opp. Vi tok oss inn att relativt raskt, gjekk tilbake og >>>

Map    

Sveningen i flott vêr

Date:
07.09.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:47h
Distance:
11.5km

Klare for kommunetopphelg i Bergen, valde vi å starte med toppen i Os. Vatnet i Øverdalen låg som ein spegel, og vi starta å gå frå parkeringsplassen ved elva ca 1030. Fin slag stigning og god stig opp gjennom skogen, ein pause akkurat i det vi kom ut av skogbeltet pga ein jobbtelefon, og så vidare inn dalen og deretter bratt opp den kvitmerkte stigen opp mot toppen. Det var ei skikkeleg kleiv der vi tok 300 hm på relativt kort distanse. Éin kar sat på toppen då vi kom, men han var nok ute etter ro og fred, for skar av garde rett før vi var oppe. Vi rasta på toppunktet med fabelaktig utsikt, Gullfjellet hadde ei sky rundt hovudet i starten, men den letta etter kvart. Før vi starta nedturen møtte vi ein peakbook-kollega som hadde primært fokus på 100 m pf i Hordaland, men som >>>

Map    

Tredje topp - Morkefjellet i Radøy

Date:
07.09.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:57h
Distance:
2.1km

Vi kom til startpunktet ved Kolås kl 1930, og hadde ein litt eventyrleg kveldstur. Den gamle bygdevegen som vi følgde i starten, var eit interessant kulturminne, og den planta skogen var totalt mosedekt, og vi gjekk gjennom eit merkeleg grønt eventyrlandskap. Så kom vi til eit skilt som viste til Morkefjellet, og vi skar bratt opp eit svakt tråkk i den planta granskogen, kom ut av den og følgde da sporet av eit tråkk opp ei veldig bratt grasli, møtte eit piggtrådgjerde og ein gamal nydeleg steinmur, vi kryssa gjerdet, og følgde muren til vi møtte stig frå andre sida (frå Morken-gardane), så eit stutt strekk opp til toppen. Der fekk vi nydeleg kveldssol over havet, tok bileta våre og følgde same vegen nedatt. Vo brukte 58 minutt brutto, 52 netto. Distansen var berre 2,1 km, men >>>

Map    

Furufjell igjen - med moltetur

Date:
25.08.2019
Duration:
3:00h
Distance:
6.0km

Tom og eg gjekk raskt opp, så brukte eg 2-3 timar til i moltemyrene. Resultat: tre liter!

Map