Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Endeleg Rust igjen

Date:
31.03.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:30h
Distance:
10.0km

Endeleg ein dag denne påska som eigna seg til topptur! Det har snødd, sludda og regna tett i heile påskeveka, men første påskedag opprann slik ein påskedag skal vere. Tom og eg køyrde til Dammen og gjekk opp vanleg trase, eg med feller under fjellskia.Vi rasta på fast plass bak Rust, før vi gjekk opp til sjølve toppen. Sur vind der, men blankt rundskode. På veg ned møtte vi svigerinne og nevø på randoski, dei ville køyre ned på framsida. Vi følgde same sporet tilbake på baksida. Tom gjekk på langrennski fordi han ikkje hadde pakka riktige fjellskistøvlar. Han strevde litt nedover og bar skia i fleire av dei brattaste partia. 10 km, 552 hm, 3 t og 30 borte inkludert matpause mm.

Map    

Resfjellet i supre forhold

Date:
17.03.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:00h
Distance:
14.0km

På veg frå Mo i Rana til Oslo overnatta vi på Fannrem for å få med oss Resfjellet sundag morgon. Vi var kjempeheldige med vêret, og køyrde til Kåsan parkeringsplass. Der var det nykøyrde spor og heilt blå himmel, vindstille og eit par minusgrader. Vi gjekk med fjellski og feller. Då vi tok av frå skisporet og vende nesa mot fjellet og høgdemetrane, valde vi å følgje ein trase på framsida av fjellet. Det var gått folk der før, flest ned rett nok, men vi følgde ein som hadde gått oppover. Vi tok det roleg og kunne verkeleg nyte utsynet mot Trollheimen. På toppen møtte vi Sturla S med hund. Det var jo ikkje heilt uventa, han må ha registrert hundrevis av alle turane til denne toppen. Dette var tredje dag på rad for han, og han brukte berre halve tida på turen i forhold >>>

Map     2 comments

Vårskitur i draumefohold til Bjørndalsnuten

Date:
20.05.2023
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:50h
Distance:
17.0km

Denne turen har eg lese om i nokre år, og sett at den er litt kronglute pga elvekryssing frå Roaldkvam, og ganske ulendt frå Tysseland der Knut Sverre gjekk. Og vi ønskte å gå på ski. Utsynet frå Lammanuten dagen før avgjorde at det var umogleg å gå på ski frå sør, og då vi køyrde forbi Tysseland, såg det også ut til å vere ein lang anmarsj med skibering der også. Otto og Inger Lise hadde gått på ski frå Ilstad, men hadde fåt skyss av traktor i januar, vi derimot måtte rekne med ein ganske lang anmarsj på føtene. Men så fekk vi ideen å ta toppen frå nord ved å køyre opp til Sauda skisenter og starte der. Vi rekognoserte ved å køyre opp der fredag kveld, og då såg vi at det gjekk å køyre heilt opp til Gjuvsbotn til hyttefeltet der. Rett nok var det ein bomveg >>>

Map     4 comments

Brattefjell på ski

Date:
06.05.2023
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:04h
Distance:
16.7km

Ei helg til disposisjon for vårskitur! Skisesongen var jo flott, men eg ser at eg ikkje har hatt fokus på toppunkt i år, men 1100 km er mange timar investert i skiturar. Etter påske har det vore andre fokus enn ski eller toppturar, men så slapp eg frå. Gemalen ofra seg for hagen i Oslo, medan eg drog frå hytta til Sudbø i Åmotsdal og starta turen ca kl 1030. Skare etter kald natt. Parkerte ved Sudbø og gjekk bortom den freda fjellgarden Kvammen der eg har følgt restaureringa av hovudhuset. Det var blitt fint! Så opp bakken bak, og deretter traseen i bjørkeskogen som vel er rydda for skuterkøyring kanskje? Opp til Storevier og over høgda ned til Grotvassdalen. Ikkje problem med kryssing av vatn og bekkar: rett og slett kjempemykje snø til mai å vere. Det bles meir og meir ettersom >>>

Map    

Kabrettstaulfjellet - den faste påsketuren på fjellski

Date:
03.04.2023
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:45h
Distance:
27.0km

Den faste påsketuren med Hallgrim. Klokka mi gjekk i svart, men Hallgrim logga turen til 27 km, 950 hm og 8 t 48 min i terrenget. Heftig stigning frå Sæli til Kabrettstaulfjellet i laussnø. Slitsamt! Lang, fin pause med bål. Var oppe på ein av dei varda toppane i Kabrettstaulfjellet. Ikkje sikkert eg har logga den riktige. Må evt registrere denne også. Opp frå Sæli altså, så nordover forbi Mykletjønn og Kjeringtjønn og under Storegrønut. Ned til Vorvatn, over begge Kinsarviktjønnan og ned Røynbrekka. Laussnø heldigvis! Bort til bilane ved Grendehuset. Fint vær, ikkje like blått som i går, vindstille. Feller opp, tørrvoks etterpå. Flott dag!

Map    

Første til Rust i år

Date:
02.04.2023
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:05h
Distance:
20.1km

Tom og eg gjekk frå Valedammen. Eg gjekk opp på feller i for det meste skuterspor. Vi rasta lenge i Skavlen. Blikkstille, skyfritt. Ikkje anna enn litt trekk på toppen heller. Vi skilde oss på veg ned. Tom returnerte same veg, eg gjekk vestover forbi Hovdestaul og ned til Gryteåi. Så isen på Gjevar heim. Dryge 6 timar brutto, 3 t 23 min netto. 20 km, 582 hm. Tom og hadde følgje dei første <gallery> fem.</gallery>

Map    

Sein vårtur til Jøkulhytta

Date:
22.05.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:32h
Distance:
15.1km

Herleg dag på Finse. Starta ca 0900 og gjekk på feller til Appelsinhytta. Varmt, så vi gjekk i trøyer oppover. Anne snudde der løypa tar av frå Midtdalen. Så opp til Jøkulhytta. Der oppe var det litt vind og ganske kaldt, overraskande nok. Eg hadde fellene på heile vegen tilbake. Møtte til saman seks personar på heimturen. Svært sugande føre. Deilig time på hotellverandaen før toget gjekk! 15,1 km, 687 hm, 4,54 time. Tom, Knut, Arild og Anne var med.

Map    

Vårskitur til Klemsbu

Date:
21.05.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:57h
Distance:
13.3km

Min 63-årsdag var litt grå på Finse, men mykje betre enn værmeldinga hadde spådd. Vi gjekk Skarverennet-løypa oppover og så vidare til Sanddalsvatnet. Derifrå vende vi vestover til Klemsbu, og så strake vegen nedatt. Gråvær med først litt yr, så litt snø, og til slutt litt tåke, men ganske varmt! 13,3 km, 455 hm, 3,95 time. Knut, Arild og Anne var med.

Map    

På fjellski til Fongen

Date:
23.04.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:45h
Distance:
31.0km

Første kommunetopp på seks månader. Dei er kostbare no! Denne turen bestemte eg meg for på torsdag, fekk sjølvsagt ingen med meg på så kort varsel. Drog frå Oslo etter jobb fredag, var framme på Røros kl 2230. Vermeldinga var avgjerande for meg, kuldegrader om natta, varmegrader på dagen og skyfritt! Den vermeldinga slog til. Eg drog frå Røros kl 0720, var i Tydal 0850 og måtte vente til coopen opna kl 0900. Fekk drikke, mat og sjokolade med meg, og starta å gå noko før 0930. Prata litt med nokre karar på skuter som tipsa meg om elvekryssingane. Bomma likevel på den første, det var jo ikkje bru der vegen stod teikna tvers over, og eg endte med å gå ut på vatnet og runda elveosen i god avstand. Gjekk med fellar på ganske super hard skare. Ikkje mykje å melde anna enn >>>

Map     2 comments

Påsketur til Rust

Date:
16.04.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:30h
Distance:
11.4km

Tom og eg køyrde til Dammen, bar skia opp forbi Bratsberg, spente på fjellski med fellar, gjekk så til topps der vi rasta. Ringde og avtalte å bli henta av sonen vår på vestsida av fjellet. Vi køyrde forsiktig ned på eit føre som blei gradvis til slush. Perfekt dag. 3t 30 min, 11,40 km, 548 hm. Tom var med.

Map