Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Liten topptur innimellom hyttejobbing

Date:
30.05.2014
Characteristic:
Trip by foot
Map    

Svipptur i kveldssol

Date:
25.05.2014

På veg frå Stathelle til Oslo, greidde eg denne vesle turen sundag kveld. Kveldssol, fuglesong og bøkeskog er også ei flott naturoppleving! Hadde for dårleg kart og køyrde ein heil del feil, noko som gjorde at eg også fekk med meg eit besøk på Midtåsen, Anders Jahres praktfulle eigedom, park og bøkeskog - med utsyn over heile Sandefjord og -fjorden. Hjertås hadde ikkje like fint utsyn, men var altså høgare. Gjekk aleine på vond fot.

Map    

Dagen derpå - var heilt super og blei brukt i Finnemarka

Date:
18.05.2014
Characteristic:
Bike trip - mixed
Distance:
25.0km

Flott helg, og etter nydeleg 17. mai i Oslo, valde vi sykkeltur i Finnemarka og kommunetoppen i Lier. Vi måtte ha med Marit som er barnefødd i Lier, men som mangla toppen. Køyrde til Kanada, og brukte syklane derifrå. Mange oppoverbakkar, men fine sand- og grusvegar. I skuggeparti låg snøen i flekkar, og då var det best å gå av syklane. Vi åt niste ved elva rett etter Vesle Nykkjua og før vi gjekk frå syklane eit lite stykke forbi dammen i Store Nykkjua. Følgde så den breie stigen oppover til den forsvann i terrenget, fann eit tråkk i den grankledde dalen opp til kollen i aust, der vi heldt oss nord for myrtjørna. Toppunktet var heilt nydeleg, med flott utsyn i alle retningar. I nordaust såg vi Norefjell i kvitt, og på bergqa der vi sat i kveldssol var det fine stutttvaksne >>>

Map    

Gastgiveren på sykkel og til fots

Date:
11.05.2014
Characteristic:
Bike trip - mixed

På veg til Halden tok vi av til Trøsken skistadion. Flott anlegg med kustsnømaskiner, skistadion og løysløype. Eg sykla pga dum akilles, og Tom og hunden gjekk p¨å den fine grusvegen opp til der stigen tok av til Gastiveren. Triggpunkt, radar?-anlegg og ganske fin utsikt ut mellom furuleggene, og så bar det ned att. PÅ nedturen kom regnet, Tom såg ein hare, og eg hadde lett nedtur på sykkelen. Tom og Uncas var med. Vidare til middag i Halden.

Map     2 comments