Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Perfekt vær til Ruten

Date:
27.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:43h
Distance:
12.6km

Hadde overnatta i Kristiansund etter Innerbergsalen i går, og var litt møre då vi stod opp. Men vêret var perfekt, ikkje ei sky og mildare og mindre vind enn på laurdag. Vi skulle levere leigebil, og fly frå Værnes, så valet fell på Ruten som låg greitt langs ruta vår. Parkerte på overfylt parkeringsplass på Borstad. Første strekk gjekk i skogsterreng oppover eit par hundre hm. Ille søylut, men lia heitte då også Søylia! Mykje folk heile turen. Veldig pussig korleis nokre fjell trekkjer til seg hordar, medan andre ligg nesten uforstyrra. Klart at Ruten var ein flott topp med mektig rundskode, men ikkje finare enn Innerbergsalen vel, og der møtte vi ein person. På denne turen møtte vi minst 50, inkludert Ove Aunli forresten! Etter å ha kome oss velberga opp søyleskogen, >>>

Map    

Liten topp med havørn

Date:
26.09.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
1:20h
Distance:
5.2km

Etter å ha overnatta på Veiholmen og tatt morgontur rundt omkring i været, køyrde vi til Kuløy og Kuli gard. Moro å sjå kopien av Kulisteinen som eg var med å stemme inn på lista over Norges dokumentarv. Elles har vi sjeldan sett så mykje jernskrap i form av kasserte landbruksmaskiner mm som rundt denne gamle praktgarden. Vi gjekk traktorvegen til høgre i tunet, opp til det store jordet og på skrå over det mot grinda i søraustre hjørnet. Så ned sti i ei bjørkehelling til neste jorde. Skar tvers over og fann stigen til Breivika, småbruk som stod til nedfalls. Då vi skar rett opp mot toppen hang det fleire havørnar over oss, vi trudde vi skulle få sjå dei på nytt på toppen, men då var dei borte. Same veg nedatt. 5,2 km, 11 time og 21 minutt, 133 hm, Tom var med.

Map    

Super topp - heldige med været

Date:
26.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:45h
Distance:
6.5km

Etter Smøla-toppen stoppa vi på Edøy der eg måtte sjå tomta for vikingskipsfunnet som «mine» gutar fann vha georadar i fjor. Kyrkja låg heilt fantastisk til, vêret var perfekt og kulturlandskapet var velstelt og nydeleg. Kontrast til Kuli som har vore tilsvarande høvdingsete ein gong. Noja, vi tok ferga og køyrde til Stabblandet, der vi tok av mot Soleim. Køyrde heilt inn til liten parkeringsplass rett før merkt stig mot Innerbergsalen. Turen var tredelt, først bratt opp stig i skog. Stigen fall tidvis saman med ein bekk. Så utsiktspunkt på 375 moh, derifrå stig i myrbakkar nokre hundre hm. Dinest ur og noko lyng til topps. Vi møtte ein kar frå Orkanger akkurat i skiftet mellom myr og ur. Hans andre besøk, men første i sol. Då vi kom opp var det sol, men det dreiv dessverre >>>

Map     5 comments

Draumedag

Date:
19.09.2020
Duration:
4:17h
Distance:
12.8km

Map    

Ramåsmyrnuten

Date:
18.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
10.5km

Map    

Storsylen i nysnø

Date:
12.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:43h
Distance:
23.3km

Hadde freda denne helga til tur saman med Anne, turmålet blei vald ut i frå værmeldinga. Det beste vi fann i Sør-Noreg var Sylane! Køyrde til Nedalshytta fredag ettermiddag, framme kl 2130 i stiv kuling og regn. Men heldigvis stemte vermeldinga, og vi vakna til oppholdsvær med sol. Det var meldt nedbør frå kl 1200, regn, og snø i høgda, så vi starta så raskt vi greidde etter frukosten kl 0800. Kl 0830 var vi gang. Om anmarsjen er det ikkje stort å seie, lettgått, flotte plankeklopper og fleire flokkar med reinsdyr. Inne ved Syltjønna var vi ganske paffe over at raudmerkt stig gjekk rett opp fjellsida, men sånn var det, og vi gjekk i tillit til at folk hadde gått der før! Etter eit par hundre hm, kom vi inn i nysnø, og frå det punktet gjekk det seint. Vi hadde heldigvis stavar, >>>

Map     4 comments

Jønnardalsfjellet med blåbær

Date:
06.09.2020
Duration:
1:46h
Distance:
5.2km

Gjekk frå hytta med bærspann. Fantastisk flott blåbærlyng opp austflanken til Jønnardalsfjellet. Deilig utsikt som vanleg. 5,3 km, 1 t 45 min, 251 hm. Gjekk aleine.

Map    

Rust med blåbærplukking

Date:
05.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:09h
Distance:
10.1km

Gjekk frå hytta til topps. Rasta i le av varden. Overskya, litt solgløtt, men også lette regnbyger. Litt vind på toppen. Brukte lang tid ned for eg fann kjempeflotte blåbær. Reinplukka 2 liter. 10,1 km. 5 t 10 brutto, 2 t 20 netto. 591 hm. Gjekk aleine.

Map