Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (399)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Ishovden - i bygevær
- Date:
- 06.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:50h
- Distance:
- 5.0km
<gallery>
image:bakken59_20250706_686acc6452e14.jpeg
image:bakken59_20250706_686acc65305c3.jpeg
</gallery>
Dette er eigenleg ein kjempefin tur, og eg valde ganske ideell trasé opp, det vil si traseen eg valde nedatt er heilt ideell. Eg busha meir enn dei fleste kanskje likar opp, men fann veldig snill trasé med svak stig nedatt til Ståvåtjønn.
Eg køyrde altså til Nørdsteteig i Svartdal, følgde så hyttevegen opp til den øvste parkeringsplassen. Ovanfor garden Nørdsteteig er dei ei sag og ei parkering, og der var det slått opp eit kart med skiløyper avmerkt. Det var veldig nyttig, for det er ganske mange hyttevegar å velje mellom her. Bestemte meg for å kome tilbake til vinteren for å prøve skiløypa som faktisk går heilt inn til Svafjell!
Frå parkeringa tok eg traktorvegen >>>
Regnvått til Jåfjell
- Date:
- 05.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 4.8km
Køyrde frå Øyfjell forbi Berge og Lid, så inn grusveg til Listaul der eg parkerte. Skifta til regntøy. Det var heilt rett utstyr i dag, men blei tøysevåt på beina likevel sjølv om Goretex-støvlane burde ha halde væten betre ute. Gjekk på retning oppover, men tangerte gamle stigar og dyretråkk som eg heldt litt fast i. Gjekk forbi eit sel med god kvalitet på tømringa som låg i kne. På toppen slutta det å regne og eg fekk eit lite opplett med noko utsyn. Veldig fint toppunkt forresten, markert med liten varde. Eg følgde eit tråkk nedover som tok meg for langt til høgre. Kryssa eige spor rett før den nedfalne staulen, men greidde her å gå for langt til venstre. Mobilen var våt og norgeskartet hang seg opp. Kom litt forvirra ned på vegen igjen, og gjekk først til venstre >>>
Første av to små i Rauland: Batnehov
- Date:
- 01.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 0:27h
- Distance:
- 1.6km
Andre i Rauland: Orrenuten
- Date:
- 01.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 0:54h
- Distance:
- 2.5km
Russttur siste dagen i juni
- Date:
- 30.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:19h
- Distance:
- 6.7km
Køyrde til Valedammen og gjekk roleg til Skor. Litt tunge bein etter løpeturen tidlegare på dagen. Gjekk litt meir på etter Skor og var oppe etter 55 min. Gjekk forbi eit ungt par i Kåbakkan, kjende dei merkeleg nok ikkje.�
Drakk saft på toppen og gjekk nutane bortover før eg skar ned til Damtjønn og Svartetjønn og rett ned skardet ved Olsokfonni. (Sjølvsagt ikkje noko fonn der no etter denne dårlege snøvinteren!)
I brattlia der gjekk eg på ein hoggorm, andre på ei veke.
6,7 km, 529 hm, 2 t 20 min. Gjekk aleine.
Engfjellet- dagens andre
- Date:
- 29.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:08h
- Distance:
- 4.9km
Flott tur, skar av frå stigen oppover, kanskje ikkje heilt ideelt, måtte klyve litt i ulendt terreng, men kom fint opp på nydeleg topplatå. Verkeleg favoritterreng dette, smådramatiske brynesteinsberg, fine sva, grøne lyngbakkar - og ikkje minst nydeleg rundskode! Fleire brynesteinsbrot oppover heile fjellsida, det siste rett under toppen. Prøvde å følgje stigar nedetter, men stigane tok meg for langt aust, så eg måtte følgje tversoverstig på framsida. Det siste stykket før eg var “back on track” var stupbratt, men følgde svake stigar og gjekk meg ikkje fast. Høgdepunkt: to lavskriker som eg såg på nært hald og lenge.
4,9 km, 409 hm, 2 t og 9 min - der 57 min var brukt på oppturen.
Gjekk aleine.
Visåsskarvet med Pb-vener
- Date:
- 29.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:45h
- Distance:
- 7.0km
Hadde avtalt med siroho (Sissel) og møtast for første gong og gå ein fjelltur saman. I sterk vind fall valet i dag på Visåsskarvet som viste seg å vere innartiar. Sissel - med Øyvind - og eg parkerte på Eidsborg, gjekk grusvegen inn til Espelitjønni, og tok så av til venstre etter å ha gått gjennom tunet på Bergeli. Espeli er den gamle garden som ligg lenger inn på vestsida av tjønni. Stigen var brei og fin, kanta med nydeleg bløming av storkenebb, engsoleie, vikker og mjeller og tettegras. Den var også svært godt merkt med raudmåling, og best av alt, vi gjekk oppfrå nordaust og der var det le!
Vi gjekk roleg til topps, gjorde unna fotografering og hadde kjempehyggjeleg rast i lyngen i le aust for toppunktet. Moro å dele turerfaringar og få tips. Eg lærte t.d. korleis >>>
Liten tur i Øyfjell
- Date:
- 26.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:18h
- Distance:
- 3.0km
Handla i Øyfjell og tok denne vesle turen frå Fiskestigen etterpå, inspirert av Siroho, som gjekk her tidlegare i veka. Gløymde å starte klokka før litt oppi bakkane, men turen er vel på ca 3 km, og ca 200 hm. Eg gjekk raskt opp, men brukte litt meir tid nedover, for lytta etter fugl og brukte kikkert. Sjølve toppunktet var eit veldig fint platå med utsyn i alle retningar. Skreiv namnet mitt i bok som var utplassert i kasse. Stigen er veldig velbrukt, raudmerkt, og ein del jobb er gjort med å fjerne veldig mange vindfall. Gjekk aleine.
Draumedag til Grostaulnuten
- Date:
- 25.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:45h
- Distance:
- 7.1km
Fekk selskap av venninne med nøkkel til bommen i Håtovegen, så vi starta høgt oppe i lia ved Håto, gjekk så god traktorveg opp forbi Brekkestaul og opp til dei flate myrene ved Fjellstaul. Her er eg godt kjend om vinteren, og det var kjempefint å sjå kor nydeleg det er her om sommaren også. Vi bestemte oss for å halde ryggen oppover mot Grostaulnuten, og der gjekk det jammen ein stig som vi ganske snart kom inn på. Det var rett og slett ein heilt perfekt dag, sol, litt vind som heldt insekta borte, ikkje for varmt, ikkje for kaldt. Vi rasta i tørr lyng ved toppen og såg då rett over mot Sprettedalsnutane. Så gjekk vi nutane austover og fann ein bratt men farbar trasé som vi følgde ned til Kvanntjønndalen. Der gjekk vi på fin stig og etter kvart ganske brei seterveg til Grostaul >>>
Fjellstulvarden på veg til hytta
- Date:
- 24.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:46h
- Distance:
- 5.5km
På veg til hytta stoppa eg på høgaste punkt på Meheia og gjekk ein kvikk tur til Fjellstulvarden. Tørr og fin stig opp svaberg og bratte kleiver. Nydeleg terreng, små tjern oppå høgda der, krokfuruer og flott utsyn. Brukte 1,5 time opp, 1 time og 15 ned. 527 hm. 5,5 km. Sol og vind. Gjekk aleine.