Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Eventyrleg tur

Date:
30.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:42h
Distance:
20.0km

Ferieturen går til Russland via Kirkenes. Difor starta Marit og ein dag tidlegare, leigde bil på Høybuktmoen og køyrde til Bugøynes. Mange ting litt uplanlagde: gløymd å ta kartutskrift, ikkje matbutikk eller bensinstasjon mellom flyplassen og Maribukt. Difor køyrde vi til Bugøynes og bunkra skikkeleg, og det var lurt, for då vi til slutt kom til Neiden fjellstue for å overnatte, var det ikkje mat og drikke å få kjøpt der (alt stenger kl 1900). Vi parkerte før ei lita bru med betonggjerde i Maribukt, følgde ein stig forbi hytter og ein liten dam med plastsvane, stigane gjekk jo stort sett til hytter, men det ER ein stig som går opp langs elva, først på høgre, så på venstre side. Ved Marivatn gjekk vi venstresida langs stigen innover, og så opp til neste vatn. Der var >>>

Map     1 comment

Flotte sva i Roholtfjellet

Date:
11.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:30h
Distance:
17.0km

Køyrde frå hytta til Heia og byrja å gå vestover kl 1200. Sol i starten, meir skya etter kvart, men opplett og god temperatur. Rast første gong på austre toppen, prøvde å følgje stig vestover langstoppeggen, men skjønte at det blei for bratt å kom oss ned, så vi snudde og gjekk ned same vegen vi hadde kome opp. To tau var lagde ut for å hjelpe på klyvinga. Litt vrient for hunden! Så gjekk vi langs austre toppen på sørsida, kryssa ved nokre små pyttar som låg som basseng ute på svaberga. Lekkert! Oppe på høgda under vestre toppen gjekk eg frå hund og turfølge for å ta toppen i raske kliv. 9 minutt opp utan sekk og hund. Same vegen tilbake. Dramatisk og sjeldent terreng. Litt Ronja Røvardotter-vibbar! Møtte 15 personar fordelte på 5 følge. Såg ein hoggorm. 17 km, >>>

Map    

Muen i knallver

Date:
05.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
9.1km

Etter møte i Oppdal hadde eg tenkt å få med meg ein større større topp i dag på veg tilbake til Oslo. Vêret var utruleg, ikkje ei sky, og så å seie vindstille. Eg hadde landa på Gravskardhøgda, men fann ingen stad å kjøpe meg mat, så torde ikkje starte på tom mage. Dermed blei det Muen i staden. Gjekk opp på 46 minutt, og sat vel like lenge der oppe. Og så 30 minutt nedatt. 5,6 km, 372 hm. Gjekk aleine. Stutt tur opna jo opp for ein tur til, og det blei Ringsrudåsen i Gjøvik. Veldig lang biltur inn Snertingdalen, tok av opp Sprænbekkvegen, og etter å ha parkert inst i Finndalen, var det ein fin liten tur opp til Ringsrudsetra, der ein flokk spelsau kom springande ut frå under det gamle fjøset for å helse på. Følgde Knut Sverre sitt GPS-spor, fann både Gjøvik-toppen >>>

Map