Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Ski ein dag og sommar den neste

Date:
28.05.2012

Etter fantastisk skitur! på Haukeliseter i går, var det heilt flott å rusle i varm ettermiddagssol til Knarren i dag. Køyrde langt og lengre enn langt i hust, og greidde ein bomtur etter å ha gløymd kart og utan nettkontakt. Då fann eg rett bomveg til Furuvatn ved Tremyr, men køyrde vegen til endes og rota rundt ei god stund før eg gav opp. Men i dag gjekk alt som det skulle. Køyrde ca 3,5 km og fann traktorvegen mot venstre. Følgde den til den tok bratt ned mot høgre, då skar eg opp til venstre og heldt rett mot toppen. Sporet av stig innimellom og til og med eit par nedslitne raude malingsfellker hist og her. Toppen var kjempefin og i dag såg ein fritt og langt til alle kantar. På veg opp såg eg ein stor rovfugl ta av frå toppen, men dessverre viste han seg ikkje medan eg >>>

Map    

I golfland

Date:
20.05.2012

Ikkje så mykje tid denne helga, så vi leita etter ein ettermiddagstur for laurdag ettermiddag. Valet fell på Lørenskogs høgaste, bonusen var å få sjå korleis det er på Losby. Kor grei køyretur, fann parkeringa ved skytebane, følgde raud og blåmerkt sig til vi var på høgd med toppen i følgje gps-en. Klatra opp ura, og skjønte at vi måtte ned att og opp neste åsrygg. Fin topp då vi kom opp, graskledd og open. Nistemat, og så gjekk vi nedatt på andre sida, mykje betre stig ned på austsida, men veldig våt i dag. Kom ned på golfbana, og gjekk vel litt ulovleg tvers over - men ingen golfarar blei uroa. Marit og Uncas var med.

Map    

To toppar i Røyken

Date:
06.05.2012

Møtte Marit i Hyggen. Gjekk først vegen opp til Haugane. Ikkje det smartaste, men vi kom no inn på stien frå Dammen etter litt plunder opp lia. Så gjekk alt greitt heilt til vi kom til myra nedanom Villingstadåsen. Vi drog rett mot toppen og det var litt ulendt nokre stader, men greitt nok. Mat og kosepause på toppen. Det bles litt, så vi fann ei grop under berget istaden for å sitte på toppen. Flott utsyn mot Drammen, for ikkje å sankke om Ble bakom. Heilt kvitt, men blei nedstemt då eg ymta om at det var der vi skulle ha vore. I løpet av året SKAl eg til Ble.....Frå toppen gjekk vi rett sud, fann stigen mot Herstadheia, og fekk med oss den fine toppen òg. Denne gongen utsyn mot Oslofjorden.

Map