Draumetur på Otrøya (25.06.2014)


Characteristic Hillwalk
Map
Ascents Opstadhornet (737m) 25.06.2014

Tok ferga over til Otrøya frå Molde, køyrde først til Midsund for å handle nistemat, deretter tilbake til sør-Heggdal der vi tok av ved skiltet der det stod Oppstadhornet. Godt merkt stig, nydeleg landskap og meir og meir sol. Stoppa litt oppe ved setervollen der det framleis står ei bu. Fabelaktig utsyn. Eg var imponert over den gamle fine furuskogen, ein urskog rett og slett med gamle kronglefuruer, rotvelter og kvite ståande daude furustomnar. Vi følgde raude og kvite plastband og eit "stikk ut"-skilt opp til den tørre og fine ryggen mellom dei to vatna. Opp gjekk vi heilt opp på riset før vi svingte til høgre og rett opp den bratte lia. Ned følgde vi fjellkanten og fann grei stig litt lengre vest. Toppen var heilt fantastisk! Grønn grasbakke med blomar og strå som endte i ein svært luftig kam med fantomutsikt over heile Romsdal. Norsk flagg på varden og boks med bok. Vi rasta i le rett vest for varden i toppen av renna. Nydeleg tur motsols nedatt. Dryge 10 km som vi brukte god tid på, fire timar og 23 minutt. Anne, Eirik og Tom var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.