Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Lovisenbergkollen i nydeleg septembersol

Dato:
30.09.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:44t
Distanse:
4,9km

Herleg tur i eventyrleg, nesten parkaktig terreng. Parkerte ved innkjørselen til Langtangen.Tok av til venstre etter anbefaling frå to damer som var ute og merka til turløp i morgon. Breie fine stigar, eike- og furuskog med nokre granparti i våtere søkk. Sjølve toppunktet var overgrodd og låg litt innpå kollen, men utsiktspunkte mot søraust var herleg i solskinnet. Fekk tips frå dei same damene om å gå rett ned frå dette berget og oppom ein fortopp mot aust. Det gjorde vi, og den var enda finare. Så fann vi alternative stigar nedatt, like fine! Var nedom Valbergtjønna og bortom fråflytta gard Langtangen. Synd at det står der til nedfalls. Flott plass. 4,89 km, 190 hm, 1 t 43 min. Tom var med.

Kart