Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Solliknuden

Datum:
25.09.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:25h
Entfernung:
9,2km

Køyrde til Lnden leirstad, måtte snu og køyre inn vegen mot Solli. Der parkerte eg ved kjettingen, og Fjellvegen heilt inn og opp til Solli. Der gjekk eg inn nak bruket til venstre, men mista stigen ganske fort før eg fann den att lenger oppe. Høgdemetrane frå Solli og opp til toppen var ganske konsentrerte. Følgde vardar til toppen. Fin temperatur, men overskya. Ikkje vind, men snudde etter å ha skrive meg inn i boka. Åt ein kvikklunsj medan eg gjekk nedover, tenkte på dn lange bilturen tilbake til Oslo. Brukte 1 time og 15 minutt opp, 1 time og 5 tilbake. 9,2 km, 520 hm. Gjekk aleine og møtte ingen.

Karte    

Vinjakula - var flott!

Datum:
24.09.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:53h
Entfernung:
10,9km

For ein super dag! Køyrde opp til parkeringa på toppen av vegen mot Maudal. Starta å gå ved 10-tida. Følgde merka stig. Ordentleg bratt første kilometer. Tok igjen eit ungt par oppe ved telemasta, det måtte av med yttertøy. Omtrent her slapp morgontåka taket, og resten av dagen var berre så blank og flott som berre ein haustdag kan vere. Det var litt krevjande underlag, vått og søylute eller steinete stig, tidvis ordentleg bratt. Det siste strekket før ura som markerte toppstøtet var fint å gå på svaberg. Toppen var rett og slett underskjønn i klart vær med tørre svaberg. Åt niste og drakk vatn på toppen. Var oppe på knappe to timar og brukte fem minutt mindre på tilbaketuren. Måtte passe veldig på i sleipe bratte nedoverbakkar, så det var ikkje mykje raskare å hå >>>

Karte    

Andre kule i dag: Store Skykula

Datum:
24.09.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:44h
Entfernung:
11,0km

Dagens andre: var litt spent på om eg orka ein tur til etter Vinjakula, men vurderte turen på veg til Stora Skykula som eit relativt overkommeleg alternativ. Starta ca kl 1600, gjekk så raskt eg greidde oppover, var oppe på 58 minutt. Var bortom både den fine varden og den militære installasjonen, litt usikker på kva punkt var høgast. Jogga heile vegen nedatt, veldig godt nøgd med gjennomføringa. 11 km, 1 t 43 min, 421 hm. Stadig aleine.

Karte    

Kveldstur etter jobb - Brusaknuten

Datum:
23.09.2022
Tourlänge:
1:31h
Entfernung:
6,1km

Leverte kollegaer på Sola etter ferdig styremøte. Var oppom Sola ruinkyrkje, før eg køyrde vidare og til slutt fann eg startpunktet ved Mellomstrand. Gjekk oppover i veldig vått terreng etter høljregnet sist natt. Såg ein joggar på avstand framfor meg, elles ingen. Flott kveldssol og noko vind på toppen. Brukte 42 minutt opp. Surra ned i skråninga over tuer, stein og ståltrådgjerdet, og lurte litt på om det utviska skiltet markerte Hås høgaste, men konkluderte at det var det. Tok den alternative traseen markert på ut.no ned same veg. Denne var betre! 6,15 km, 1 t 33 min, 236 hm. Gjekk aleine.

Karte    

Beste kulturminnetopp i landet?

Datum:
22.09.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:36h
Entfernung:
2,2km

På veg til jobb etter overnatting på Bryne, stakk eg oppom dette fantastiske kulturlandskapet, og greidde å dekkje det meste på ein dryg halvtime. For ein stad, for ei tidsdybde i historiske spor, og for eit utsyn! Grå morgon med mild vind, var aleine og det mana verkeleg til ettertanke. 2,2 km, 24 hm, 37 minutt.

Karte    

Kvassfjell via Skarsvegen

Datum:
18.09.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:39h
Entfernung:
12,2km

Starta i Svartdal der Skarsvegen startar. Gjekk den nye bilvegen og til Nord-Skaret. Heilt idyll, velstelt småbruk og hytter, og heilt fantastisk rasteplass ved vatnet med brygge, strand, utemøblar, bålpanne og innreda hytte open mot vatnet med masse sitteplassar og grill og takke! Flott å sjå det intakte kulturlandskapet med steingardar og denne kulturhistorisk verneverdige vegen bratt opp i skardet. Då vi kom til Hasletjønni, følgde vi stig på austsida av vatnet nesten heilt inn. Men så busha vi opp lia mot den vesle tjønni som ligg mellom Kvassfjell og den veldig bratte nabotoppen mot nord. Vi følgde nokre renner oppover, mest elg som hadde gått før oss, og vi måtte klyve litt innimellom, men kom ganske rett på toppen som er bratt og luftig. Utruleg flott utsyn! Her såg >>>

Karte    

Hausttur i Skorve

Datum:
17.09.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:45h
Entfernung:
17,8km

Starta på parkeringa nord i Millionvegen. Følgde veg, så traktorvei til Stav. Deretter merkt stig til Damtjønn, Bøkretjønn og Brudgomsskaret. Så ryggen opp til nordre Hestenutan der det no var kome opp ei lita bu. Gjekk så ned til flyvraket, rasta i bakken mot vest og såg over til toppen som vi sjekka namnet på. Det var Tulla! Bestemte oss for å svinge bortom den. Gjekk så tilbake til Bøkretjønn på vestsida, og i lia bortover mot stigen frå Damtjønn. Nedatt same veg. Så ei kvinand ved Damtjønn, ikkje folk. Benjamin var med. 17,8 km, 930 hm, 5 t 45 min, 4 t 41 utan pausene.

Karte    

Stigrydding med sving oppom Skinnuten

Datum:
11.09.2022
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
4,7km

Møtte på Hovdestaul der vi var ei gruppe på 20 som saman rydda stigen til Kroktjønn. Med så mange gjekk det radig! Så var vi fire som gjekk oppom Skinnuten for å krone turen med ein topp. Fin temperatur, nydeleg terreng. Brukte vel tre timar på kort distanse, men rydda jo ein fin stig på vegen opp! 4,7 km, 298 hm. Tom, Torunn og Svein var med heilt til topps.

Karte    

Rask kveldstur til Furufjell

Datum:
10.09.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:03h
Entfernung:
4,6km

Etter dyrskun tok eg ein rask tur til Furufjell i grått, men mildt vær. Nøgd med å brune knappe 35 minutt opp, og under 30 minutt nedatt. 4,6 km, 335 hm, 1 t og 3 minutt. Gjekk aleine.

Karte    

Rust

Datum:
04.09.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
5,4km

Køyrde til Dammen, gjekk raskt opp, likevel inga god tid:47,25. Sliten! Rasta på toppen. Brukte tid nedover på å plukke ein liter blåbær. Masse bær! 5,4 km, 486 hm, 2 t og 29. gjekk aleine.

Karte