Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Blæja i draumevær

Date:
12.06.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:06h
Distance:
6.9km

Køyrde frå Ørsta, ferge frå Volda til Folkestad, så bil inn Dalsfjorden, og opp den ganske spinnville vegen frå Åmelfoten til Dansen. Eg tok igjen ein lastebil (!) på veg oppover. Han hadde ikkje nok svingradius i hårnålssvingane og måtte rygge fleire gonger i kvar sving. Han slepte meg forbi den eine staden det gjekk an. Då grusvegen starta, var det gravearbeid i høgre grøfta pga noko kabling så det ut som, så vegen var veldig smal. Men eg kom fram til Dansen utan å møte andre bilar, og hadde ingen problem heldigvis. Og så deilig å starte turen på nesten 600 hm! Eg gjekk aleine og hadde bestemt meg for å gå ei tryggast mogleg rute, så eg gjekk dalen både inn og ut, Kjerringane får andre kose seg med. Då eg kom inn i dalbotnen, svinga eg til venstre og prøvde å halde >>>

Map