Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Mørkt, tåke og småregn

Date:
29.12.2011
Map    

Fint i Svelvik og bra utsyn frå toppen

Date:
27.11.2011

Køyrde til Svelvik sentrum - og var overraska over kor fin ein stad det er - og ein stad som eg aldri har vore på før. Flott bieffekt av dette prosjektet dette, å bli betre kjent med stader som ligg relativt nær òg! Vi føllgde rutebeskrivinga til hansn, veldig presis og fin, men vi bomma likevel litt der ein har valt mellom grasvakse brei sti og tydelegare sti - gjorde ingenting, for der den rette stigen kryssa løypetraseen, der skiltet med Bergstien dtår, kom vi innpå att, frå venstre. bergstien var artig! Små fine vardar heile vegen, og bratt, tydeleg og fin stig å gå. På toppen bles det friskt, men utsynet var upåklageleg frå tårnet. Vi så langt ut i havet. Etter fotosession og innskriving i manntalet - som stod på 953 eller noko slikt, åt vi nista nede på rasteplassen, >>>

Map    

Antikvitetsmesse og skogstur

Date:
20.11.2011

Har kome inn på eit spor der eg tenkjer mogleg kommunetopp når eg likevel skal ut i geografien i eit eller anna ærend. Messehallen på Lillestrøm let seg fint kombinere med Rælingens høgaste. Finn E og eg brukte først litt tid - og pengar i Lillestrøm, så møtte vi Marit og gjekk til Ramstadslottet. Finn var kjent der frå før, Fin topp, grei temperatur - men tett tåke dessverre. Etter nista gjekk vi ned i søkket, fann den gulmerka stigen, og gjekk greitt opp og fram til varden på Barlindåsen - som har gulmalt stein på toppen. Følgde same vegen tilbake til bilen, brukte 2,5 time med rast og pauser. Marit og Finn E var med på turen - som denne gongen gjekk utan hund!

Map    

To toppar, fire i følgje

Date:
13.11.2011

Vi møttest tre toppsamlarar + ein partnar, frå Halden, Oppegård og Oslo, for å få med oss Annevasshøgda og Presteseteråsen. Køyrde til parkeringsplassen ved Andorsrud og sykla så langt vegen heldt. Mange bratte bakkar! Så gjekk vi og fann ganske greitt den vesle bolten i steinen på Annevasshøgda og hadde lang hygggjeleg rast i låg novembersol der. Det gjekk greitt å gå ned til Annevatnet att, og byrja så klatring oppover mot aust. Etter ei stor myr, og etter vi hadde passert ei heilt fantastisk gamal furu, leita vi litt på måfå rundt utan å finne postkassa som står nemnt, men vi var inne på stigen ned til Prestesetra. Nede på myra igjen fann kartlesaren ut at vi ikkje hadde gått langt nok aust, og vi prøvde oss igjen, og fann denne gongen både bolt og kassa. Sola gjekk >>>

Map    

Aleine til Hvittingen

Date:
12.11.2011

Skulle hente Tom i Holmestrand. Han hadde køyrt motorsykkelen ned til vinteropplag. EG tok av mot Sande før Hanekleivtunnelen. FAnn den vesle vegen mot høgre etter ca ein k. Vakker kulturlandskap med beitemark. Tulla litt og køyrde gjennom eit gardstun og ein søyleveg før eg kom inn på den rette vegen. Der parkerte eg framfor bommen i bomvegen. Risikabelt om det hadde kome nokon! Men gjekk på så raskt eg kunne med hunden på slep, fem plussgrader og vått, men ikkje nedbør eller tåke. Fint vatn som eg gjekk forbi før det blei brattare veg opp mot tårnet. Sprang på fjellstøvlar mesteparten av vegen ned. Brukte ein dryg time. Strevde med å snu bilen. Så til Holmestrand for å plukke opp Tom, litt for seint etter avtala. Uncas var med.

Map    

Vått i terrenget

Date:
30.10.2011

På veg frå hytta stoppa vi denne gongen på Hokksund, og skjønt etter éin bom at vi skulle følgje skilt til Skotselv, og etter å ha kome til Burud, køyrde vi litt langt, skjønte ikkje at vi skulle ta av til skytebane og Myre. (Vi hadde altså ikkje kart med.) Men derifrå gjekk det greitt, vi køyrde til vi kom til skiltet med Rakkestadsetra, og rett før vi kom til slutten av vegen spurde vi ein elgjegar som sa at jo - dette blei riktig, men det er ein betre stig frå Midtstua. Vi hadde sett vegen ta av dit lenger nede i dalen ved ei bru. Men gjort var gjort, og vi følgde traktorvegen til den stansa, heldt mot venstre over bekk og myr, drog etter kvart opp ein mørk granli, og vel oppe trefte vi på blåmerkt stig - truleg den frå Mitdstua. Kom til Hoggtjern - nudeleg i låg ettermiddagsol. >>>

Map    

FIre i gråvêr

Date:
23.10.2011
Map    

Kald og klar tur

Date:
16.10.2011

Hadde ærend på Gardermoen og la dette til denne sundagen som hadde føott værmelding. Slik kombinerte vi med ny kommunetopp. Tom var motivert av at det var fylkestopp, har erklært at fylkestoppane blir han i alle fall med på - ikkje så farleg med dei 411 andre kommunetoppane. Køyrde langs Hurdalssjøen, masse tåke/alvedans i nordlige enden, men den køyrde vi gjennom og ut av etter å ha svingt av ved kjerka mot brandbu, og så Fjellsjøkampen/Gjødingseter. Berre ein annan bil på parkeringsplassen etter bommen klokka 1200. fann lett stigen og gjekk greitt opp på god og stort sett tørr stig. Markert for høgdemeter både på 600 og 700. Ein stad mellom 600 og 700 såg vi den første snøen som må ha lege sidan sist helg. Uventa. ved varden var det flott utsyn, og hundeglam frå >>>

Map    

Blank haustettermiddag

Date:
09.10.2011

øyrde frå Grova, fann stigen etter fjellkløfta, og byrja oppstiginga utpå ettermiddagen. Vi hadde sol og klart ver, ikkje ei sky på himmelen og ikkje eit vindpust. Berga var tørre og oppstiginga gjekk greitt, men fekk akutt næringsbehov og måtte raste og spise litt oppe ved dei store velta tørrfuruene om lag ein tredjedel av turen opp. Vi var oppe klokka 1800, og gjekk frå storvarden bort til grensevarden lenger bak. Månen var komen opp som ei kvit skive då vi stod på toppen, og halvvegs nede gjekk sola ned bak Hægefjell. Klokka 1900 var vi ved bilen og då var det duskmørkt med måneskin. Minneverdig tur. i dag då vi vakna på hytta snødde det - haustens første! Helge var med.

Map    

Kveldstur i klart vêr

Date:
08.10.2011

Køyrde frå Grova, fann stigen etter fjellkløfta, og byrja oppstiginga utpå ettermiddagen. Vi hadde sol og klart ver, ikkje ei sky på himmelen og ikkje eit vindpust. Berga var tørre og oppstiginga gjekk greitt, men fekk akutt næringsbehov og måtte raste og spise litt oppe ved dei store velta tørrfuruene om lag ein tredjedel av turen opp. Vi var oppe klokka 1800, og gjekk frå storvarden bort til grensevarden lenger bak. Månen var komen opp som ei kvit skive då vi stod på toppen, og halvvegs nede gjekk sola ned bak Hægefjell. Klokka 1900 var vi ved bilen og då var det duskmørkt med måneskin. Minneverdig tur. i dag då vi vakna på hytta snødde det - haustens første! Helge var med.

Map