Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Desserttopp

Date:
13.08.2016
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:51h
Distance:
3.0km

Som avslutning på kommunetoppveka ved Femunden, tok Tom og eg ein avstikkar til Gitvola på veg heim. Etter ei veldig kald ferieveke, var denne heimreiselaurdagen meir sommarleg, og vi fekk sol på toppen. T-skjortever! 3 km, 53 min inkludert fotopause, 160 hm. Tom var med.

Map    

Ganske krevjande tur til Elgspiggen

Date:
12.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:30h
Distance:
16.5km

Køyrde frå Femundsenden opp Holøydal, og parkerte ved bommen Øvertjønna nedst i hyttefeltet. Følgde hytteveg/traktorveg til vel forbi tregrensa. Så nedatt til elva som vi kryssa på gangbrua. Eit stykke langs elva i bjørkeskog til vi kom opp over tregrensa att. Følgde t-merkt stig litt for langt på høgresida av bekken, kryssa og gjekk på retning mot toppen. Trur det er mellom 350-400 høgdemeter som vi forserte i ura. Alt gjekk greitt, men brukte altså 2 timar og 45 minutt opp på 8,5 km. Meir enn vi hadde tenkt oss. Heimturen gjekk også greitt, korta traseen med 500 meter eller så ved å gå stigen til høgre for bekken lengre ned før vi kryssa tilbake på den raudmerkte stigen til venstre for bekken. Brukte 5 timar og 22 minutt på turen totalt inkludert pause på veg ned >>>

Map    

Elgåhogna i sol og hagl

Date:
11.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
12.0km

Ny tur på kommunetoppferien. Køyrde frå Femundsenden mot Elgå og parkerte ved Dalset. Heilt nydeleg stig oppover langs bekken gjennom bjørkeskogen og lyngbeltet. Vi delte oss, Anne og Eirik drog rett opp til venstre for toppen, medan Tom og eg følgde vardane oppover på høgre side. Dei kom opp fem minutt før oss, men vi hadde slakare trasé og mindre ur. 3 timar og 35 minutt totalt, 3 timar og 5 minutt netto gåtid. 12 km. 731 hm. Anne, Eirik og Tom var med.

Map    

Ny draumetur: Storviglen frå Ljøsnåvoll

Date:
10.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:24h
Distance:
15.4km

Denne turen får toppkarakter frå meg pga Ljøsnåvoll og heile pakka med ankomst, overnatting og tur. Etter eit par svært kalde og våte dagar, var vi i gang att tysdag ettermiddag. Yr hadde spådd opphald i nokre timar på ettermiddagen, nok til å greie sykkelturen frå Feragen til Ljøsnåvoll utan å bli gjennomvåte. Herleg sykkelveg i lyng- og furuskog med utsikt til Feragen og delvis langs sandstrender. Stølen Øya var velstelt med hesjer og kornåker, og så bar det opp dei siste 3,5 km opp til Ljøsnåvoll. Ca 100 hm gjennom eit landskap som rett og slett var velstelt og skjøtta. Beitemark, reine bjørkestomnar som det var rydde rundt, og så denne flotte elva i fine stryk nedover. Ljøsnåvoll seter var rett og slett eit eventyr! Utan straum og innlagt vatn, men utruleg velstelt >>>

Map    

Tverrfjellet

Date:
07.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:42h
Distance:
6.4km

Første topp på kommunetoppferie med Anne og Eirik. Starta kl 1200 frå Oslo, møtte Anne og Eirik ved bomkassa ved Engeren kl 1515, og gjekk frå Tverrfjellsetra kl 1600, overraskande god lyngstig, berre ur på slutten. 1 time og 42 minutt opp og ned inkludert 10 minutt med fotografering. 6,4 km. 398 hm. Grått vêr, vind på toppen, men god sikt. Anne, Eirik og Tom var med.

Map    

Andre gong på Damtjønnuten

Date:
05.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
8.7km

For nokre år sida (3?) gjekk Finn og eg til Damtjønnuten frå Dyrdal. I dag gjekk Erling, Anniken, Tom og eg frå Rorgevatnet, dvs Nes på vestsida av Rorgevatnet. Vi gjekk opp flott og bratt stig nord for bekken i hamnehagen. Stigen gjekk bratt opp på det som nok geologisk sett er ei sandmorene. Bekken rann i fine kulpar og fall ved sida av oss med sandbotnar i kulpane. Etter ca 200 m stigning kom vi opp til ein saltstein i kanten av ei myr. Her flata det noko ut, og vi var over tregrensa. Vi heldt til høgre for myra og gjekk nutane vestover. Mykje sauetråkk som vi fann og mista igjen. På ein fortopp med fine rosa flyttblokker åt vi niste i sol. Så gjekk vi til vi såg Damtjønn vest for oss, og der heldt vi til venstre, og gjekk opp frå skardet sudvest for Damtjønn. Derifrå følgde >>>

Map    

Molter på Furufjell

Date:
03.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
4.0km
Map