Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Kveldstur til Øyungskollen

Date:
30.04.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
1:30h
Distance:
6.3km

Fin kveldstur i vårver. Gjekk frå Skar så raskt vi kunne for å få opp pulsen. Tom jogga litt. Frå Øyungen gjekk vi litt bortover stranda før vi skar opp mot toppen. Vendte for raskt opp mot toppen, så vi bomma på stien som eigentleg er veldig fin. Vår rute innebar nesten litt klyving. Mange ungdomar telta og hadde strekt ut hengekøyer både nede ved vatnet og oppe på den superflotte Øyungskollen. Gjekk stigen sørover og ned på vegen igjen. 6,36 km, 1 time og 31 minutt. 288 hm. Tom var med. Fuglesong og kvitveis.

Map    

Vestby-toppen på nytt

Date:
28.04.2019
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:33h
Distance:
2.0km

Første vårtur etter skisesongen. Deilig temperatur og herleg luft i skogen. Køyrde til Søndre Rønjul og gjekk rett sørover. Fann nytt skilt med flagg, gjekk forbi alle ruinane og lurte på kva dette har vore. I det forfalne triste huset som står der stien starta viste det seg sjokkerande nok å bu ein mann som brått titta fram bak ei gardin. Vi stoppa og spurte han om kva ruinane hadde vore. Grisefjøs og hønsehus som blei sprengt av tyskarane under krigen sa han. Hadde heilt gløymt bort den førre gongen eg hadde vore på toppen i Vestby, men ser av rapporten at eg då hadde lese meg opp på husmannsplassen Stokkholm. Alt kjendest friskt og nytt i dag sjølv om vi hadde vore 500 meter frå toppen sist, og sjølv om eg hadde sjekka historia. Rett nok kom vi inn frå vest og tangerte >>>

Map    

Rust på Sondres 29-årsdag

Date:
19.04.2019
Characteristic:
Ski trip
Duration:
5:30h
Distance:
27.4km

Draumeforhold til Rust. Gjevarvatnet inn, opp via Hovdestaul, same ruta tilbake. Så varmt og stille at vi rasta på toppen. Erling, Anniken, Knut, Sondre og Lise var med. Sondre feira 29-årsdagen sin med den klassiske påsketuren. 27,5 km. 5 timar og 30 minutt. 644 hm

Map    

Skorve i draumever

Date:
17.04.2019
Characteristic:
Ski trip
Duration:
4:24h
Distance:
17.3km

Nydeleg påskeskitur på lette felleski. 17 km. 4 timar og 22 minutt. 799 hm. Anniken, Tom og Knut var med.

Map    

Vestfjøllet som vanleg påskemåndagen

Date:
15.04.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:30h
Distance:
30.0km

Herleg påsketur på fjellski. 30 km. 1118 hm. 8 timar og 25 minutt. Gjekk oppom Kabrettstaulfjellet først, så Storegrønut. Hallgrim var med.

Map