Archivo - fecha

Listas obtenidas

Rust i varmen

Fecha:
16.07.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Duración:
2:17h
Distancia:
6.0km

Køyrde til Valedammen og gjekk jamnt men roleg oppover. Varmt i bakkane oppover, men fin lufting då eg kom over tregrensa. Sat bitt på toppen, og gjekk ned same vegen. Stoppa hos Olav på Skor og fekk litt kaldt vatn. Deilig! 6 km, 468 hm, 2 timar og 20 min inkludert pausen på Skor. Brukte 58 minutt opp, det er 14 minutt saktare enn rekorden min. Trur ikkje eg kunne har gått så veldig mykje raskare i varmen. Gjekk aleine.

Mapa    

Med kajakk til Hovden

Fecha:
15.07.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Duración:
1:26h
Distancia:
3.6km

Vi køyrde til Varland, der sette vi ut kajakkane på blikkstille fløyelsvatn og padla over til Hovden. Biltermometeret viste 26 grader. Tom fiska litt vidare, medan eg eg gjekk opp på øytoppen, og så møttes vi på turisthytta til kvar vår solo og bolle. Var innom kyrkja og kyrkjegarden før vi padla tilbake. Då var det litt meir lufting og overflata var ikkje like blank. Fotturen var på 3,6 km, 112 hm og tok 1 time og 24 minutt inkluder god pause på verandaen til turisthytta.

Mapa    

Hesttjennknuten

Fecha:
07.07.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Duración:
1:30h
Distancia:
5.7km

Aleine på hytta i ok vær, men ikkje varmt badevær. Så tok ein tur til Kil i Sannidal og gjekk turen frå Torsdal til Hestkjennknuten. Grei stig heile vegen, sjølv om knebukser og bare legger kanskje ikkje var heilt ideelt med tanke på flåtten. Gjekk over beina fleire gonger, og har ikkje funne nokre småkryp - enno! Fin topp med utsyn, litt merkeleg byggverk, eit tårn med takterrasse! Tjønna under toppen var nydeleg, nøkkeroser og berg freista litt til bad, men det blei ikkje noko denne gongen. I staden køyrde eg ei lita utflukt til Sannidal kyrkje der eg har forfedre på kyrkjegarden og med anna tilknyting til kyrkja. Fin tur. 5,7 km, 203 hm, 1,5 time på tur. Gjekk aleine.

Mapa