Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Blåtjønnfjelle frå Slåkadalen

Date:
27.07.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:16h
Distance:
7.4km

Map    

Rask tur til Rennevassnutan

Date:
24.07.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:45h
Distance:
6.7km

Hadde tid til ein rask tur før eg møtte ei venninne i Svartdal. Men det tok litt tid frå hovudvegen opp forbi Oppsal-grenda og så langt eg kunne køyre, og dermed måtte eg gå raskt, og eg rakk ikkje bortom Rennevassvarden. Men det blir fint ned ein tur til i dette terrenget, for det var heilt etter min smak! Gjekk først opp grusveien til Oppsaldamtjønn. Der det var slutt på vegen stod det ei postkasse der ein kunne kjøpe fiskekort. Eg gjekk stigen til venstre over haugen og ned forbi ei hytte og bort til Rennevasstaulen. Derifrå gjekk eg noko stig før eg busha opp til den første toppen. Følgde ryggen av den bort til stigen som gjekk bortunder den midtre og høgaste toppen. Den gjekk eg opp på frå nordsida. Brukte knappe timen opp. Eg var der vel i fem minunuttar, før eg gjekk >>>

Map    

Jønneberghøgda

Date:
21.07.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
1:26h
Distance:
6.7km

Etter å ha køyrd Tom til Bø stasjon og toget, stoppe eg i Øvre Bø for å krysse av ein liten Telemarkstopp. Det var 28 varmegrader og eg var ikkje akkurat kledd for bushing, så eg gjekk vegen opp til Jønneberg, busha opp til toppen og jogga/gjekk nedatt. 6,7 km, 266 hm, 1 time og 25 minutt. Gjekk aleine.

Map    

Skorve på langs

Date:
20.07.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:30h
Distance:
20.2km

Eg hadde fått med meg nokre hyttenaboar på ein tur over Skorve som dei aldri hadde gått før, og mannen min hadde tilbudt seg å hente oss i Seljord. Så vi starta frå hytta kl 1000, køyrde ned til bommen på Millionvegen ovafor Manarosdammen. Derifrå gjekk vi vegen bort til der vegen til Stav tar av. Den følgde vi opp til Nedre Stav, Kvislin og Øvre Stav. Så var det inn på stig som vi følgde til Damtjønn der vi tok ein liten pause. Vidare opp til Bøkretjønn og Brudgomskardet. Vi gjekk ikkje opp til trigpunktet på Hestenutan, men tok heller av bort til flyvraket der vi åt nistemat. Vi hadde brukt 3,5 time opp hit i svært roleg tempo. (Tempoet var vilkåret for å få meg med desse andre.) Frå flyvraket gjekk vi ned i dalen mellom Hestenutan og Nordnibba, vi kryssa dalen på >>>

Map    

Rust i varmen

Date:
16.07.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:17h
Distance:
6.0km

Køyrde til Valedammen og gjekk jamnt men roleg oppover. Varmt i bakkane oppover, men fin lufting då eg kom over tregrensa. Sat bitt på toppen, og gjekk ned same vegen. Stoppa hos Olav på Skor og fekk litt kaldt vatn. Deilig! 6 km, 468 hm, 2 timar og 20 min inkludert pausen på Skor. Brukte 58 minutt opp, det er 14 minutt saktare enn rekorden min. Trur ikkje eg kunne har gått så veldig mykje raskare i varmen. Gjekk aleine.

Map    

Med kajakk til Hovden

Date:
15.07.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
1:26h
Distance:
3.6km

Vi køyrde til Varland, der sette vi ut kajakkane på blikkstille fløyelsvatn og padla over til Hovden. Biltermometeret viste 26 grader. Tom fiska litt vidare, medan eg eg gjekk opp på øytoppen, og så møttes vi på turisthytta til kvar vår solo og bolle. Var innom kyrkja og kyrkjegarden før vi padla tilbake. Då var det litt meir lufting og overflata var ikkje like blank. Fotturen var på 3,6 km, 112 hm og tok 1 time og 24 minutt inkluder god pause på verandaen til turisthytta.

Map    

Hesttjennknuten

Date:
07.07.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
1:30h
Distance:
5.7km

Aleine på hytta i ok vær, men ikkje varmt badevær. Så tok ein tur til Kil i Sannidal og gjekk turen frå Torsdal til Hestkjennknuten. Grei stig heile vegen, sjølv om knebukser og bare legger kanskje ikkje var heilt ideelt med tanke på flåtten. Gjekk over beina fleire gonger, og har ikkje funne nokre småkryp - enno! Fin topp med utsyn, litt merkeleg byggverk, eit tårn med takterrasse! Tjønna under toppen var nydeleg, nøkkeroser og berg freista litt til bad, men det blei ikkje noko denne gongen. I staden køyrde eg ei lita utflukt til Sannidal kyrkje der eg har forfedre på kyrkjegarden og med anna tilknyting til kyrkja. Fin tur. 5,7 km, 203 hm, 1,5 time på tur. Gjekk aleine.

Map