Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Moltetur frå Rust og ned

Datum:
12.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:30h
Entfernung:
11,4km

Litt sliten frå gårsdagen, mennsykla til Valedammen, gjekk roleg til topps, koste meg litt ved varden, drog så gjennom moltestøa nedover att. Sykla frå Dammen til hytta. 4,9 km sykkel, 6,5 km på beina. 581 hm. Var borte i 3,5 time.

Karte    

Lang anmarsj, kort topptur

Datum:
11.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:18h
Entfernung:
2,6km

Var overtalt av Tom til sykkeltur etter å ha tatt Krossobanen. Eg er ingen sterk syklar, men natur og vær kunne ikkje ha vore betre. Kom til Grotte og etter 19 km fann eg ut at heile vegen til Kallhovd blei litt langt for den spede syklisten eg er. Så vi gjorde ei avtale: Tom sykla inn til Kallhovd, eg fekk meg ein Telemarkstopp. Gjekk rett opp bratthenget frå sør. 750 m i luftlinje, men 200 hm. Nydeleg toppunkt, varde, utsyn, alt var perfekt. Følgde den lengre stigen nedatt til sykkelen. Sykla tilbake til Gvepseborg. 2,6 km, 201 hm, 1 t og 20 inkludert pause på toppen, brukte 35 minutt opp. Dessutan 36 sykkelkm og 781 hm på sykkel. Toppen tok eg aleine.

Karte    

Mjøltenuten for andre gong

Datum:
10.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
4,0km

Finnliten tur etter tre dagar med vått gråvær. Gjekk frå Kvambekkheivegen og opp. Bles nokonpå toppen. Åt kanelboller og brus i skaret mellom toppane pga vinden. Gjekk om den andre toppen einnrunde tilbake. 4 km. 1 t og 42 inkludert matpause. 219 hm. Tom var med.

Karte    

Moltetur om Furufjell

Datum:
09.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:32h
Entfernung:
6,6km

Primært moltetur, men oppom toppen også. Gjekk aleine i gråværet. 6,6 km, 407 hm, var borte i 4 timar og 38 minutt. Knappe fire liter molter blei det.

Avstikkar på vegen mellom hyttene

Datum:
06.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
12,0km

Køyrde tilførslene bom forbi Brekke-grenda, den stod open, men tok ikkje sjansen. Sykla i 3,25 km oppover mot xx. Fann stigen somvut-appen hadde markert derifrå. Gjekk bratt opp skaret. Tabba meg ut og tok av mot sør frå stigen for tidleg. Ei veldig djup kløft skilde meg frå rett topp. Då måtte nedatt. Fann stigen igjen, og tok av enda ein gong for tidleg, for det er faktisk svak stig opp den bratte nordsida av fjellet. Men eg fann denneinaste staden ein kunne forsere, og der var stigen igjen. Så flotte svaberg bort til markert topp med endrast trigpunkt. Gjekk bort til varden lenger sør også. Super utsikt mot Bø og Norsjø. Følgde stigen tilbake. Ganske vått, einndel molter, ikkje fugl, folk eller dyr. Ca 12 km inkl syklestrekka. 503 hm. 2,5 time. Gjekk aleine.

Karte    

Kulturhistorisk øytopptur i Telemark

Datum:
02.08.2023
Tourlänge:
4:05h
Entfernung:
10,5km

Draumedag på Langøya. Tur med Jon Gunnar og Sigrun + datter og familie. Tom og eg blei plukka opp på Valle. Vi gjekk i land på Austre Langøy, gjekk så til toppen på Langlybratten, før vi gjekk på kulturhistorisk sightseeing. Utruleg fint å kome til Vestre Langøy der tipp-tippoldemor blei fødd i 1800. Hyggjeleg prat med noverande eigar. Også kyrkjegarden, den gamle skulen og all gruvehistorie var interessant å sjå. 10,5 km, 4 t og 5 minutt inkludert alle pauser. 288 hm. Tom var også med.

Karte