Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Napanuten i ettermiddagssol

Datum:
25.09.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:57h
Entfernung:
3,6km

Køyrde inn frå Garvik mot Trollebotn. Første gong på Seljordsheia for meg. Følgde Sirohos løypeval mot Napanuten, men feilorienterte i pinleg grad og styrte inn mot den mykje lågare toppen vest for Napanuten. Gjekk opp der og såg då Napanuten som eit utilgjengeleg glasberg mot nordaust. Gjekk tilbake og mot vest slik at eg kom inn på sporet til Siroho. Svakt spor av stig som det var lurt å følgje, for det meste elles er for bratt og utilgjengeleg. Toppunktet var utruleg flott, stupbratt til alle sider, blanke berg og krokfuruer. Vidt rundskode. Sporet mitt tilbake bør følgjast når ein går opp også, for her var stig nesten heile vegen! Var litt halvsjuk, men deilig å få til ein liten tur likevel! 3,57 km, 1 t 57, 217 hm. Gjekk aleine i nydeleg vær.

Karte    

Vettakollen

Datum:
18.09.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
10,1km

Gjekk heimefrå. Den tunge forkjølinga heng i, men småjogga likevel innimellom. Veldig motivert for å ta opp trening igjen! 2 timar, 10,1 km, 301 hm. Gjekk aleine.

Karte    

Eit stykke opp mot Ushba

Datum:
05.09.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:15h
Entfernung:
4,8km

Andre fjelltur i Svaneti. Vi køyrde i taxi verdas verste veg frå Mestia til Koruldi- sjøane, frå 1400 til 2700 moh. Så gjekk nokre av oss oppover mot breen under det mektige Ushba-fjellet (4700 moh). Vi gjekk frå 2700 til 3200 moh, litt tungpusta. Rart å tenkje på at det var 1500 m att til toppen der vi snudde! Heim til Mestia gjekk Anne og eg frå ca 2250 moh ned til byen på 1400. Flott gammal seterveg. Anne, Eirik, Tom, Svein og eg gjekk motbakketuren. Angrar litt at eg vi ikkje gjekk dei 50 siste høgdemetrane slik at vi hadde sett breen.

Karte    

Mentashi

Datum:
03.09.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:15h
Entfernung:
16,3km

Første dag i Svaneti, Georgia bestemte vi oss for å prøve å kome oss opp i høgda. Fire av oss valde å gå opp til toppen av skiheisen, og så følgje ryggen bort til Mentashi - høgaste punktet på denne ryggen. Dei fem andre tok skiheisen opp og nøgde seg med å gå fram og tilbake bortover ryggen. Vi manøvrerte feil i starten og endte med å bushe i bratt terreng eit stykke - før vi kom opp til neste skiheisstasjon. Derifrå gjekk vi i opne alpinløyper opp. Spektakulær utsikt ettersom vi vant høgde. Ushba (4700) reiste seg som ein vegg på andre sida av dalen for Mestia, og då vi kom bort til Mentashi, var utsynet mot Ternold (4858) imponerande. Vi gjekk ryggen tilbake, tok noko å drikke på kafeen der Tom venta på oss, og tok skiheisen ned. 16,4 km, 1274 hm, 5 t og 15 temaer. >>>

Andre i Kjølebrønn

Datum:
12.08.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:15h
Entfernung:
2,0km

Karte    

Første tur i Kjølebrønn

Datum:
12.08.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
3,6km

Karte    

Gumøyknutane

Datum:
08.08.2024
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
4:49h
Entfernung:
16,0km

To 10-ferga frå Kragerø. Starta med å gå til Revsås og Kreppa. Målet var å sjå havørna som eg hadde sett i Kreppa i fjor - og det gjorde vi! Så gjekk vi opp til Østre Gumøyknuten og spiste nista der med spektakulær og luftig utsikt mot Jomfruland og resten av Kragerø-skjærgården. Fortsatte ned til golfanleggget på Østre Gumøy, og gjekk vegen nesten til endes ved Vestre Gumøy før vi skar inn til høgre frå grusvegen, og dinest rett opp frå stigen mot toppen. Ulendt, men svake spor av stig innimellom. Flott toppunkt der, utsikt mot byen bl.a. Vi dvelte ikkje lenge, og gjekk stigen mot nordvest ned frå toppen. Veldig fin stig, truleg gamle gruvevegar. Kom til fergeleiet etter å ha dekt øya rimeleg godt. Særleg den austre delen av øya var nydeleg, tykkjer eg, eventyrlandskap >>>

Karte    

Siste i gml Oppland: Store Hestbreapiggen i kanonvær

Datum:
02.08.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
17:00h
Entfernung:
36,0km

Endeleg! Den siste toppen i gml Oppland har eg i fleire år venta på eit høve til å prøve meg på. Og så klaffa vermeldinga samstundes med at eg fekk turfølge og hadde rom i kalenderen. På onsdag kveld fann eg fram til Skjåk almenning og inatur.no der vi leigde Sauhytta frå torsdag til fredag. Vi køyrde frå Oslo torsdag morgon, plukka opp nøkkelen til hytta på Bismo, spiste litt og lada bilen, og så bar det oppover Lundadalen. Bomveg på 50 kr, ganske dårleg veg, men vi kom greitt inn til Lundadalssætre. Starta å gå noko over kl 1700, og gjekk dei 9 km inn til Sauhytta på tre timar. Hytta er perfekt for to personar. Lita og effektiv å fyre opp, vatn i elva rett nedafor, propanbluss og elles alt ein treng. Vi spiste real turmat og gjekk tidleg til sengs. Dagen etter vakna >>>

Fin runde om Ramåsmyrnuten og Søylesetknatten

Datum:
30.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:16h
Entfernung:
12,0km

Rekognoseringstur før stiryddingsdugnad seinare. Vi blei sett av på Vinsvål og gjekk vegen til Skomestaul. Deretter stigen opp Skomestauljuvet som vi skal rydde seinare. Èin sving bortom der eg trudde eg skulle finne Trollbu, men fann den ikke, så vidare til Søylesetknatten og Ramåsnuten eller Ramåsmyrnuten. Ned til Ramåsmyran og Busanden og bort til Stubbåi der eg hadde sett att ein bil. Hyggjeleg turfølge i Espen. I Skomestauljuvet skremde vi opp ein flokk orrfugl, vel eit årskull med store ungar. Og på Ramåsmyran møtte vi ei stor elgku som vi kunne følgje med blikket lenge. Storvegs tur! 12 km, 570 hm, 4 t og 27 min.

Karte    

Nutar frå Holtardalen

Datum:
29.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:53h
Entfernung:
6,0km

Køyrde for første gong inn på hyttefeltet i Holtardalen og parkerte heilt øvst ved stigstart. Hyttefeltet er kontroversielt i Vinje, og det forstår ein. Vi gjekk opp Holtardalen og såg Kjåkkmeitjønni rett fram. Då skar vi opp ryggen til høgre og styrte rett opp mot toppen. Veske Brattskarnuten var bratt til alle sider med flott utsyn. Litt vind og mindre sol enn meldt. Nedatt gjekk vi på vestsida, så ut tverrdalen tilbake til Holtardalen og derifrå rett opp til Løyningnuten. Nydeleg flatare toppunkt, litt varmare var det også blitt i veret, og vi hadde fin rast på toppen med blikket mot Raulandsfjøll. Skar så rett ned mot startpunktet - for ein del utan stig. Traff stigen rett ovanfor startpunktet. 6 km, 386 hm, 2 t og 53 inkl to pauser på dei to toppane. Tom var med.

Karte