Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Rust i mai

Date:
29.05.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:02h
Distance:
5.7km

Så kom sommarveret til Østlandet og Langlim. Tom og eg køyrde til Valedammen og bestemte oss for å gå så fort vi kunne til topps. Vi brukte under 47 minutt, men kom ikkje under min rekord på 46.26 frå 2016. Så det får bli fleire forsøk framover sommaren. Drakk og spiste ein bolle i lyngen på toppen, før vi gjekk roleg nedatt. Stoppa og snakka med hyttenaboar på veg opp to gonger. 2 timar og 3 minutt. 5,67 km, 481 hm. Tom var med. Herleg tur!

Map    

Vårkveld til Vettakollen

Date:
20.05.2021
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
1:13h
Distance:
5.6km

Sykla opp til Ankervegen, gjekk derifrå. Sykla heim att. Fin vårkveld.

Map    

Lodalskåpa - eventyrleg dag

Date:
14.05.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
14:00h
Distance:
22.5km

Etter å ha bestilt og betalt guida tur til Lodalskåpa for 2,5 år sidan, klaffa det endeleg denne kristi himmelfart-helga. Vi køyrde over Strynefjellet til Loen og Lovatnet, og så nesten opp til Bødalsseter. Det låg snø dei siste 200 metrane før parkeringsplassen. Vi hadde leigd hytte av Erik Bødal, og rigga oss fint til der etter å ha gått guiden vår i møte og hjelpt han med å bere låneutstyret fram til hytta. Han fekk det eine rommet slik at vi kunne starte samla dagen etter. Dagen starta med mildt vær og lett skylag, men vermeldinga var positiv. Vi gjekk på ski med litt bare flekkar innover. Vi heldt til høgre i dalen, for der låg det mest snø, men det gjorde at vi ikkje fann ein god stad å kryssa elva, og det endte med at vi vassa over. Så kravla vi oss opp omtrent >>>

Map     3 comments

Maitur på ski til Bislingen

Date:
08.05.2021
Characteristic:
Ski trip
Duration:
2:14h
Distance:
20.0km

Fanga opp at dei skulle køyre spor frå Myllsdammen fredag kveld, og det stemte. Starta 1030 og gjekk først til Trantjern, møtte Helge G tilfeldigvis, og gjekk saman med han tilbake til Åssjøbukta. Derifrå gjekk eg opp til Bislingen og bortom høgaste punkt. Heilt fantastisk flott vær, og overraskande mange som nytta høvet til å få med seg enda ein skitur frå Mylla. Begge parkeringsplassane var nesten fulle. Vrient føre, eg gjekk på raudt klister, men korkje festet eller gliden var heilt patent. I skuggen langs Mylla var det periodevis harde flotte trikkespor, men stort sett var det mjukare og trå slush. Helge hadde starta kl 0800 i dag tidleg, det var nok mykje betre. Men skaren heldt framleis utafor spora på Bislingen. 20 km, 2 timar og 14 minutt, 390 hm. Gjekk aleine. Har >>>

Map    

To toppar i Raulandsfjell

Date:
01.05.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:09h
Distance:
22.0km

Køyrde til Neset og bar skia opp til Tehytta. Brukte 35 minutt på det, og gjekk så 8 minutt til før eg tok på skia og gjekk innover til Kvikkevatnet. Der møtte eg ein eldre kar på føtene med stavar. Han gjekk med solhatt og bar overkropp! Sjølv hadde eg anorakk på. Prata no litt med han før eg heldt fram inn og opp dalen til høgre for Rundehaug. Då eg snudde meg og såg mot sør, oppdaga eg spektakulære trugande skyer på himmelen som var så blå og fin. Vêret skifta ganske riktig, så etter eg hadde spist matpakke i overskya vær inne ved det øvre Kvikkevatnet, starta det å snø lett, og sikten blei ganske dårleg. Lyset var veldig flatt, og måtte streve litt for å skjønne om bakken gjekk opp eller ned. Brukte gps-en aktivt og fann ein god trase opp til Husnuten nordfrå. >>>

Map