Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Andre i Vesterålen

Date:
31.08.2013

Overnatta i leigd hus på Hennes. Møtte på brygga i Kaljord saman med sju andre som var meldt på turen. Båttur inn Lonkanfjorden. Havet som ein spegel, og ikkje ei sky på himmelen. Eventyrleg vakkert! Følgde guiden inn dalen og opp til avsatsen på 500 moh. Niste der. Så opp til elva der vi fylte flaskene. Litt spennande opp frå skardet der det heldigvis er lagt ut kjettingar. Over breen gjekk vi i tau, litt stor glippe mellom berg og bre. Greitt frå breen og opp. Utruleg utsyn! Måtte kle kraftig på oss, for sjølv om vi hadde gått i t-skjorte opp, var det mykje kaldare på toppen, og det skya til litt. Grei nedtur. 5,5 time opp og 4,5 time ned, inkludert mange pauser. 17,5 km og vel ca. 1500 hm. Anne, Eirik, Hallvard, Henriette og Tom var med. Ein av dei aller flottaste så langt!

Map    

Bryllupsdag og første i Vesterålen

Date:
30.08.2013
Map    

Første i vesterålen

Date:
30.08.2013
Map    

Snill fylkestopp i indian summer

Date:
25.08.2013

Eg kom frå Telemark og møtte TOm og Marit + Uncas i Eidsfoss. Kulturhistorisk interessant stad! Køyrde inn bomveg og sette den eine bilen att. Parkert ved neste bomveg til høgre. Gjekk vegen inn til snuplassen og følgde fin stig til Gausesetra. Helste på mann som tjæra 1700-talsselet som står der. Rottenikken budde her på Gausesetra visst. Følgde så den blåmerkte stigen til topps, ca. 3,5 km frå vi sette frå oss bilen. Kjempefin stig på berg og i lyng. Toppen var flott med utsyn i alle retningar. vi åt niste og gjekk bort på den sudaustligsaste toppen. Der fekk vi tips om å følgje stigen rett ned. Hamna mykje raskare på snuplassen. Så for andre toppturistar, om du vil gå raskaste vegen til toppen, så ikkje ta stigen der det står Skibergfjell, men stigen rett fram utan >>>

Map    

Bursdagspresang

Date:
17.08.2013

Eg gav Marit tur til Håøytoppen og lunsj i bursdagspresang i mars, og i dag: ein blank fin augustlaurdag realiserte vi turen. Køyretur til Drøbak, hurtigbåten kl 1240 til Håøya, brygga på nordøstsida av øya. Det kom som ei lita overrasking, vi trudde vi skulle gå inn til brygga rett vis a vis Oskarsborg. Men vi starta opp vegen, og tok dessverre den første vesle stigen til venstre for å gå opp og sudover øya. Så vi gjekk i terreng for det meste til vi kom inn på ein raudmerkt stig som gjekk på tvers av øya slik det såg ut. Den skar vi av igjen og heldt rett mot sør, der kom vi inn på stigen att og følgde den sudover. Vi gjekk forbi sjølve toppen for å finne ein lunsjstad med utsyn, og endte opp på berget ved den øvste bunkersen. der rigga vi oss til med duk, tapas, >>>

Map    

Siste feriedagen med omveg til Siljan

Date:
11.08.2013

Heim frå hytta etter tre flotte friluftsveker. Sidan eg var sistemann og aleine i bilen, tok eg den lange vegen heim, Seljord via Skien og Siljan til Oslo. Tok av vegen til Grorud og følgde stort sett Osten si rute. Sykla inn vegen til dei store steinane, to på venstre sida og i alle fall tre på høgre. Parkerte sykkelen, tok av rett nord for steinane til venstre, og fann den gamle skogsvegen inn til venstre etter at eg hadde kryssa bekken. Så lenge det var veg/stig gjekk alt greitt, og det gjorde det i og for seg etterpå også, takka vere gps'en. Men litt ergerleg å stadig finne fine stigar og miste dei att, og ikkje greie å halde på dei nedover heller! Men eg gjekk rett på, og fann også greitt nedatt. Toreskrell og mørke skyer gjorde at eg ikkje gjekk bort på den høgare Skiens-toppen, >>>

Map    

Tur med overnatting

Date:
02.08.2013

Køyrde frå hytta fredag morgon, drog over Skafsåheii, og fann greitt parkeringa i Berdalen. Gjekk raskt opp til Berdalsbu, brukte 1 time og 20 minutt. Tørr nydeleg stig og sol. Rigga oss til i annekset der det var lov å bu med hund. Tømte sekkane for alt vi ikkje trengte vidare. Klokka 1415 starta vi opp dalen mot Slækjeskardet. Dessverre gjekk vi inn i skodde/lågt skydekke på ca 1100 m. Takka vere GPS gjekk vi ganske rett på toppen. Vi heldt til venstre og bak nokre nutar for det første smale vatnet i skardet, dermed kom vi ned i ein bekkedal som munna ut i det første Gjuvvatnet, men lenger nord enn der helleren ligg. Gjekk forbi eit naust, kryssa elva, og gjekk så bekkedalen opp mot vatnet på 1235. Vi valde å ta av mot venstre FØR vi kom til vatnet, og det var ein veldig grei >>>

Map