Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sommardag i Rondane

Date:
15.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h
Distance:
15.3km

Så flott å få ein slik sommerdag i fjellet no på tampen! Vi drog frå Oslo etter jobb fredag, og etter å ha levert Uncas hos broren min. Kom til Spranget og parkerte der kl 2215. Med kvit høg himmel, gul i vest og stjerner i nord sykla vi inn til Rondvassbu. Fekk fire sengeplassar og sovna kvikt. Starta kl 1015, gjekk greitt opp til bandet mellom Storronden og Vinjeronden, drikkepause der. Så bratt opp til Vinjeronden og matpause der. Hadde gått vel 2 timar då. Noko vind, men ikkje plagsamt, og sol og varmt. Så var to av oss oppom Vinjeronden nord før vi fortsatte opp til Rondeslottet. Jamnt med folk - også på toppen. Ikkje ei sky og utsyn til alle kantar. Vi gjekk litt nordover for å sjå på terrenget, og det ER bratt. Så gjekk vi i stendig varmare vêr ned til bandet att, >>>

Map    

Reinshornheii i vind og sol

Date:
08.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:30h
Distance:
22.5km

Etter Roan i går overnatta vi i Valle, og starta frå parkeringa ved Suleskardvegen kl 0930. Uventa grått ver, yr varsla stor gul sol, men vi starta i yr og regnklede. Øyuvsbu, dnt-løypa forbi Øyuvsvatnet, søyle og myrar, så til Sandvatnet, Sveinstjønni og så Vidalega. Etter stigen forbi Øyuvsvatnet er løypa fin, godt merkt og variert trase med flotte bekkar, to litt større elvar som det var litt spennande å krysse. Nydelegaste parti var vel rundt Sveinsvatnet og særleg stølen på nedre Vidalega. Vi valde å følgje dnt-traseen eit lite stykke oppover, og heldt så mot aust ut av sporet. Vi skulle nok ha tatt av lengre nede, for vi endte opp mellom vatna 1062 og det andre mot nordvest. Derifrå kom vi greitt opp til toppen frå sør. Gjekk rett ned i Videdalen nedatt, på sørsida >>>

Map    

Roan med reinsdyr

Date:
07.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:15h
Distance:
8.8km

Endeleg ein dag med fint ver og varme. Vi starta frå P-plassen i Røyningsdalen ca kl 1300. Snakk om godt merkt turrute! Frå riksvegen og til topps er det umogleg å gå feil. Gjennom vakker furuskog med jamn stigning, så bjørkeskog med meir stigning, og deretter berg og lyng. Såg varden i god avstand, og var oppe etter 1,5 time inkl fotografering og småstopp. Lang pause på toppen. Vi gjekk ut mot aust og såg på stupet og på pynten mot søraust. Og der fekk vi auge på ein reinsbukk nedanfor oss. Etter kvart fekk han auge på oss også, men vi kunne følgje med han der han flytta seg heilt ned til dalbotnen til slutt. Så snudde vi oss for å gå opp til varden att, og der ved sida av varden stod to bukkar til i silhuett! Vi nærma oss forsiktig, og der materialiserte det seg ei simle >>>

Map    

Gryvla er kremtopp!

Date:
06.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.0km

Til å vere så nær hytta er det ille at eg ikkje har gått fleire turar i Heiådalen. Dei gongene eg har vore på Brattefjell, har eg alltid gått frå Sudbøsida. I dag køyrde vi til Slettevad, gjekk så bomvegen inn forbi Geiterov og Vierdokki og bratt opp til Geitenuten. Nydeleg gamalt stølslandskap! Vi gjekk til høgre for Skinnuten og følgde stig eit stykke, men mista stigen og følgde så liene bortover utan stig til vi vel kom til Djupedokk. Vi krongla oss rett opp kvæven under Springarnuten frå aust, og følgde derifrå fin stig oppover langs topprekka. Flott toppunkt, fabelaktig landskap og utsyn. Dessverre litt lågt skydekke innimellom, slik at vi ikkje såg Svafjell og Brattefjell, men hadde ganske god koll på det nære. I toppboka fann vi godt representert kollega med foreldre >>>

Map    

Ny nærtopp og dei første moltene

Date:
03.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.5km

Goplenuten er ein 100pf-topp oppdaga eg, og sidan det er mange år sidan sist, tenkte eg at eg kunne kombinere med avgrensa tur for hunden og rekognosering etter moltene, sein mogning i år! Gjekk vegen til Stemmen der det flaug opp ei hegre frå kulpen ved vegen. Storslått! Så forbi Jønnardalen og opp til Uppigard Jønnardalen, derifrå mot sud, liten stig oppover, eg kunne nesten følgje den heilt til topps. Må vere sauene som driv og riggar stigar, for annan trafikk ser eg ikkje for meg at Goplenuten er plaga med. Sjølve toppunktet er litt kronglete, for det må vere den store spisse steinen som står inne blant nokre graner. Men mot nordvest er toppen super. Flotte flate berg og utsyn rett ned i Gjevarvatnet og mot Stabbenuten der eg var i går. Og heile rekkja med fjell vest i Vinje >>>

Map    

Stabbenuten - for andre gong

Date:
02.08.2015
Characteristic:
Bike trip - mixed
Duration:
1:30h
Distance:
12.8km

På Stabbenuten har eg berre vore ein gong før, sjølv om dette er nærområdet, og oldemor vart fødd på Hyttedalen rett nedanfor ca 1860. Sist var stor familietur for 15-20 år sidan. Denne gongen blei eg og sykkelen slept av frå bilen etter at Tom og eg hadde vore på kunstutstillingar i Åmotsdal. Så sykla eg opp til høgaste punkt på hyttevegen mot Breivatn-feltet, gjekk opp i skog, myrer og sva. Koste meg litt rundt omkring, fann varden rett ovanfor Hyttedalen der eg hadde vore før, og. Nokre mogne molter. Nydeleg dag sjølv om lufta er kald. Sykla heim att.2,3 km gåing, 152 hm, brukte meir enn ein time der oppe. På sykkel brukte eg 40 minutt på 10,5 km, så nokon treningsdag blei dette ikkje.

Map    

Ein til av dei store i Telemark

Date:
01.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:06h
Distance:
5.7km

Køyrde i lettskya vêr med mest sol til Liosvingen og tok så av mot Mo og Byrte. Andre avkjørsel til høgre opp bakkane. Utruleg fint kulturlandskap med styvingstrær og gamle tømmerhus og rydningsrøysar. betalte 20 kr i bompengekassa og køyrde inn til Bessevatna. Parkerte ved Flatemo og busha rett oppover. Heldt meg mot venstre og unna bekken. Urskog med tørre gamle vridde furustomnar, kjempegraner og opne myrdrag og lyngbakkar innimellom. Fint! Kom opp på den høgda over tregrensa som ligg nordvest for fjellet (er det Stavsnuten, Nuten eller Bessefjellet?) gjekk så rett aust opp sporet av eit tråkk opp nuten. Runda litt og følgde eit nytt lite tråkk før eg gjekk opp på ryggen. Slak helling opp mot varden som var flott og høg. Fann tre peakbook-signaturer i boka på toppen. >>>

Map