Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sandvassheia med litt klabb og babb

Date:
11.08.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:42h
Distance:
6.8km

Etter overnatting i Malm køyrde vi til demningen i Holden der vi hadde tenkt å starte. Så mykje vatn blei sluppe over magasinkanten at vi ikkje greidde å krysse elva unde demningen. Plan B blei å køyre 500 meter nedover og ta skogsvegen til høgre der det stod markert bru. Vi parkerte oppe i bakken og gjekk ned vegen som endte i store vassmasser. Umogleg å krysse! Etter ein kjapp titt på kartet, køyrde vi difor rundt Follavatnet til vatnet Kjåppån, der vi tok ein skogsveg inn til høgre (den same som endte i vassmassene som vi snudde ved litt tidlegare). Gjekk setervei/stig til Midtersetra (?), og derifrå busha vi rett opp dei bratte myrliene til vi kom opp på fjellet og kunne styre mot varden. Heilt grei trase. Vi brukte 1 time og 9 minutt. Eirik snudde, for han ville løpe tilbake >>>

Map    

Storheia i grått mildvær

Date:
10.08.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
10.7km

Etter overnatting på Nordmelan gårdshotell, vakna vi til ein grå dag og overfylte elvar. Det hadde regna hardt heile natta, og vi var budde på våt tur! Men temperaturen var grei, 16-17 grader. Køyrde bomvegen (25 kr på vipps) frå Kverneland. Parkerte inngjerda (mot kyr) over brua som kryssa den flomdigre Austvasselva. Turen blei våt, vi gav opp å halde fottøyet tørt etter 15 minutt. På Austvassgården snakka vi med hyggjelege folk som hadde overnatta der i natt. Så bar det vidare innover i klissvåte myrar og stigar som likna søylebekkar. Men stigen var godt merkt, og vi var takksame for skiltet ned «Bru», for utan bru måtta vi ha vassa i dag. Så gjennom litt bjørkeskog før det bar bratt opp til toppen, der tok vi kanskje 250 hm i eitt jafs. På toppen bles det hardt, men >>>

Map    

Seksortklumpen via vindparken

Date:
09.08.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:40h
Distance:
15.5km

Etter regn om natta og løfte om meir regn utover dagen bestemte Anne og eg oss for å gå tørrskodd gjennom vindparken i staden for å gå kortare i terrenget. Vi hadde bestemt oss for å haike innover om vi fekk sjansen, og det fekk vi! Straks etter bommen kom ein kar som skulle opp til Sørvisbygget, og han let oss sitje på pickup-planet! Der sparte vi inn 2 km, mange høgdemeter og minst ein halvtime! Turen inn til toppen gjekk greitt i grått opphaldsvær. Vi rasta på toppen og så starta småregnet på vegen tilbake. Stort å møte tre reinsdyr ganske raskt etter å ha begynt på heimvegen. Det passa fint i dette kontroversielle kraftlandskapet, der høgsterett no har slått fast at anlegget bryt med samerettane. Alltid stort å møte reinsdyr, og desse fekk vi tatt ein god titt på. >>>

Map    

Kjerringklumpen i flott vær

Date:
08.08.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:29h
Distance:
7.4km

Denne turen burde vi kanskje gått før, men når det no endeleg blei Leksviks tur, var forholda ganske perfekte. Etter fint besøk på museet Kystens arv i Stadsbygd, køyrde vi av ved Sæter, og inn til Reveltun. Der følgde vi tipset frå Knut Sverre og køyrde heilt inn til stigdelet ved Hindremselva. Starta å gå den bratte traktorveien opp til skiltet med «Kjerringklumpen», kryssa elva/bekken med litt mykje vatn til at det var heilt uproblematisk. Så opp veldig bratt li til vi kom opp i opent lende, derifrå heldt vi jamnt oppover i berg- og myrterreng. Ned i Helvetesgjuvet og bratt opp til toppen derifrå. Veldig fin temperatur og vær. Sikten var perfekt og Trondheimsfjorden låg som ein spegel. Det som trakk ned (det er jo alltid noko), var veldig vått terreng og søylute stig. >>>

Map    

Moltetur om Furufjell

Date:
04.08.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:14h
Distance:
5.7km

Gjekk raskaste veg opp. Plukka sjølve topplatået reint, og arbeidde neg over rantane og ned på austsida. Rasta borte ved det faste støte mitt i renna på frå Tjønnflyet. Så Kattedokki og om Furufjellmyra før eg gjekk nedatt. 5 t og 14 min, 5,7 km, 368 hm. Gjekk aleine og hadde med neg 4,2 l molter.

Map