Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

På beina til Rust

Date:
31.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:32h
Distance:
5.2km

Gjekk på beina frå Øyvågsli for å unngå dei største snøpartia. Det gjekk fint, men traseen var tilnærma rett opp i dag. Dessverre var stigen opp frå Øyvågsli øydelagt av maskinell hogst. Litt å drikke på toppen. Litt vind i dag, så relativt raskt nedatt. 5,26 km, 481 hm, 2 t 38 minutt. Tom var med.

Map    

Furufjell

Date:
30.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:53h
Distance:
3.9km

Gjekk på beina med nokre snødekt innimellom. Låg lenge i lyngen på toppen. 3,9 km, 1 t og 51 min. 306 hm. Tom var med.

Map    

Blank føremiddag til Tysnessåto

Date:
29.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
4.2km

Herleg tur opp frå Myrdal. Ikkje ei sky, heller ikkje vind. Konsentrert stigning, over 500 hm på 2 km! Gjekk nok ein liten snarveg oppover, nedover var det lettare å sjå stigen, opp så eg rett ned i bakken. Brukte 1 time opp. På toppen møtte eg eit hyggjeleg lokalt par som etter å ha fått ungane i barnehage og skole, hadde inntatt frokosten på toppen. Havet som ein spegel, kvite snøfjell inn mot landet, kjende att Svenningen frå i fjor, Tveitakvitingen frå i går og sjølvsagt Folgefonna. Var på toppen i ein dryg halvtime, og brukte ein knapp time nedatt. Møtte til saman fem turgåarar på veg opp. 4,2 km, 545 hm, 2,5 time inkludert pausen. Gjekk aleine.

Map    

Draumeforhold til Tveitakvitingen

Date:
28.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:30h
Distance:
21.0km

Denne turen har eg tenkt på i nokre år, og no klaffa det med fridagar og vêr. Fekk også koordinert litt med kusine Kari, så eg overnatta med selskap på campingplass i Norheimsund, debut i campingvogn! Felles frukost og så køyrde vi til Kvamskogen. Takk til Laskemoen for info om startstad, men pga bom, måtte vi starte heilt nede ved bilvegen, og tusle oppover. Kari skulle berre halde følge så lenge ho kunne gå på beina, og det kunne ho heilt til Mødalssetra. Nydeleg stad! Eg sette på skia ca 500 meter før det, og kunne kanskje gjort det enda lenger ned om eg hadde vore budd på å ta skia av og på. Det var eg ikkje, så eg gjekk på skia frå brua over bekken før den bratte bakken oppover mot setra. Sol, ikke vind, passe temperatur. Sugande føre med slush. Om det er noko som >>>

Map    

Østre Kista

Date:
27.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:42h
Distance:
9.4km

Køyrde frå hytta til Haukeliseter. Vind, fire grader, skiftande skydekke. Gjekk på bløtt føre, litt uroleg for varselet om sørperas og skredfare 2. Men runden til høgre opp til Østre Kista gjekk fint. Av og til yr, då sol, og på toppen litt snø og ganske mykje vind. Niste på nordsida av varden der det var le. Same vegen nedatt, for eg var usikker på kor bratt den austlege traseen vill vere. Møtte ingen. 9,4 km med ein liten idiotkilometer. 2 t og 42 inkludert pause. 455 hm. Gjekk aleine.

Map    

Kveldstur til Vettakollen

Date:
25.05.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
2:00h
Distance:
8.5km

Fin kveldstur til Vettakollen med Tom. Det kjendest som den første sommardagen. 8,5 km, 272 hm, knappe 2 timar. Tom var med.

Map    

Brennåsen i litt sol, litt regn

Date:
24.05.2020
Duration:
0:48h
Distance:
3.3km

Køyrde til topps i Trollkleiva og gjekk raskt opp på fin stig. Titta bortom fin utsiktsplass nede ved myra. Då tok det til å regne, så vi snudde i staden for å gå bortom Blåfjellhytta som vi hadde tenkt. 3,2 km, 49 minutt, 122 hm. Tom var med.

Map    

Rognliåsen

Date:
22.05.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
2:30h
Distance:
8.7km

Fin, historisk interessant tur. Starta ved p-plassen nedafor Øvre Jonsrud. Følgde så vegen oppover forbi det historiske pensjonatet. Las på p-plassen om bergenske kongeveg, og hadde glede av skilting oppover. Følgde veg heilt til Rognli, ein plass eg likte veldig godt. Las i ettertid at garden blei rydda i almenning på 1600-talet. Nydelege hamnehagar, og artig med all villsauen. Gjekk til toppunktet der eg ikkje fann bolt eller anna markering. Så gjekk eg forbi den gamle nydeleg utmurte brønnen til hamnehagen der eg fann meg ein plass med utsyn for nistepause. Heile saueflokken kom brekande opp til gjerdet for å helse på. Tilbake gjekk eg litt dør- og austover. Ein av stigande på kartet fann eg rett og slett ikkje, sjølv om eg etter GPS-sporet skylle ha kryssa den fleire gonger. >>>

Map    

Kraftkollen og Glasåsen

Date:
21.05.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:57h
Distance:
3.2km

På veg for å feire eigen bursdag, stoppa vi i Lier for å huke av ein Oslomarka-topp. Gjekk frå p-plassen raskt opp til toppunktet, tok ca 12 minutt. Toppunktet gjorde ikkje noko særlevutavcseg, Vilde gjekk rett forbi, men vi bestemte oss for å ta runden om Glasåsen, og den var til gjengjeld ein flott utsiktstopp. Flott vårvær. 3,2 km, 164 hm, 57 minutt. Tom og Vilde var med.

Map    

Varingskollen vakker maidag

Date:
20.05.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
2:00h
Distance:
6.6km

Veit ikkje kvifor heilt, men denne turen begeistra meg rett og slett. Kombinasjon av fleire faktorar. Køyrde til Varingskollen p-plass, og valde å gå Kariløypa oppover etter tips frå kjentmann. Hovedløypa var delvis snødekt, og sjølv om eg såg ein kar oppi der, såg det litt kronglute ut å krysse snøfelta. Kariløypa var heilt bar og fin å gå. Eg fekk to telefonar midt i bakken, og med to stopp for dei i løypa brukte eg 40 minutt opp. Ganske dryg stigning. Nydeleg vêr, første gong med t-skjorte i år. Toppunktet var heil supert med vid utsikt i alle retningar. Hadde ein liten tanke i hovudet at eg skulle greie Glotjernshøgda også, men då eg kom ned på dei store myrane, og såg skiltet med 4,5 km til Holmetjern, skjønte eg at det var urealistisk gitt tida eg hadde til rådvelde. >>>

Map