Archivo - fecha

Archivo - por geografía

Listas obtenidas

Vardåsen og diverse

Fecha:
25.09.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Duración:
6:10h
Distancia:
12.9km

Gjekk frå p-plass ved Mysingveien omtrent midtveis mellom E39 og Mysing. Fulgte stort sett merka sti opp til Vardåsen, men stien er mange plasser lite synlig og merkinga mangelfull så eg mista stien fleire plasser. Vidare stort sett uten sti i stedvis høgt gras over Nibane og Bukkaknuten. Kom så ned til Mysing og fulgte merka sti til Hestafjellet og minnesmerke etter eit engelsk fly som styrta hausten 1942 i fbm operasjon Freshman. Fulgte så en annen sti til p-plassen ved Mysingveien. Tok til slutt ein tur ned til andre sida av E39 og gjekk opp til Kulefjell. Toppen der er ein markert steinknaus omgitt av granskog så lite utsikt. Overskya dag med periodevis skodd og regn, men lettare og delvis oppklarning med fullmåneskin om kvelden.

Mapa    

Rygla og sekundærtopper

Fecha:
24.09.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Duración:
9:18h
Distancia:
20.1km

Gjekk frå tilvist p-plass på eine garden på Gya. Fulgte merka sti opp Kyrkjevegen mot Botnabrekka og så stilaust vestover via Baglitjørna til Bagli. Vidare i nokså tungt terreng til Stokkafjellet. Så nordover til Rygla, og så på god sti vestover til Gyaaksla. Stort sett stilaust sørvestover via 626-toppen til Lammaknuten. Vidare nokså bratt nedover til Slettebøtjørna, og så oppom Klubben og Kjelleheia. Klubben har mykje plagsomt kratt mens Kjelleheia er lettgått på kulturbeite. Siste topp blei 268-toppen på vestsida av Uadalen som lokalnamn.no kaller Tasabakkjen. Ved Fv 42 ved Terland hadde eg lagt frå meg sykkel og sykla drøyt 9 km tilbake til Gya i flott klarverskveld med meste fullmåne.

Mapa    

Vinjakula frå Gloppedalsvatnet

Fecha:
31.08.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Duración:
9:07h
Distancia:
17.9km
Mapa    

Snøsvassfjellet og nabotopper

Fecha:
23.08.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Duración:
6:57h
Distancia:
15.7km

Parkerte ved E39 på toppen av Runaskaret. Fulgte merka sti opp til Snøsvassfjellet. Så vidare stort sett stilaust over Holmafjellet og topper på vest- og sørsida av Holmavatnet. Deretter tur/ retur Vardefjellet og til slutt Vauleknuten der det er sti i austsida. Overskya første del av turen og så nokså klart ein periode for skyer trakk inn igjen om kvelden.

Mapa    

Risfjellet og Rossåsen

Fecha:
30.07.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Duración:
6:23h
Distancia:
16.5km

Begynte turen på Øvra Håland, og gjekk langs ein kornårker og over beite i nordsida til Kleivapiggen. Fulgte stort sett sti austover til Ravnefjell og Risfjellet, og sti ned sørsida av Risfjellet. Vidare uten sti over Ålgårdsnuten og Husaberget. Så gjennom byggefelt til Høljaberget. Ned til E39 som eg kryssa over på bru, og så på sykkelsti opp til Raudviga. Vidare via beiter og stedvis traktorveg til Midtfjell, Askofjell, Kalafjell og Rossåsen. Så på Sykkelsti ned til Opstad og veg opp til Øvra Håland og oppom Hålandsfjellet.

Mapa    

Vedafjellet og Hagafjellet

Fecha:
29.06.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Duración:
8:29h
Distancia:
22.1km

Gjekk frå p-plassen mellom Svilandskrossen og Sviland skule. Første stykket på grusveg opp mot Netland og så over beite til Skålshammaren. Stien var ikkje godt merka eller tydelig. Vidare til Skjenanuten og Vedafjellet. Ned til Skjørestad og over fleire småtopper og gjennom skytefeltet til Vatneleiren. Ingen aktivitet der denne mandagskvelden. Vidare over Hagafjellet og fleire småtopper på austsida av Kyllesvatnet tilbake til Sviland der Løberget blei kveldens siste topp.

Mapa    

Vådlandsknuten frå Gilja

Fecha:
08.05.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Duración:
8:48h
Distancia:
17.1km

Parkerte ved Fv 450 ca 600 m ovanfor avkjørselen til Frafjord. Sykla derfrå drøyt 2,5 km nedover der det og er mulighet for å kunne parkere i vegkanten. Gjekk derfrå på merka sti til Dokkolstølen og vidare vestover til Vådlandsknuten. Vidare austover igjen stort sett uten sti via Trettehommen til Svidfjellet. Frå tjern 641 fulgte eg merka sti frå Trettehommen til Brekkestølsvatnet og så på grusveg ned til Gilja.

Mapa    

Myrfjell og nabotopper

Fecha:
07.05.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Duración:
8:43h
Distancia:
21.0km

Bommen som tidligare stod før kraftverket er nå tatt vekk, men stengt ved kraftverket. Hadde med sykkel opp til første hårnålssving, og gjekk vidare på sti austover opp til ca 800 moh der det var snø. Var litt usikker på om eg kunne krysse Krokavatnet, men det gjekk heilt fint sjøl om det var mykje overvatn. Oppom Myrfjell og Litla Kaldavassheia der det var lite snø i sør- og vestvendte hellinger. Til slutt oppom Storbakknuten før retur ned til Maudal. Sykla då ned siste stykket på anleggsvegen som er stengt med bom ved kraftstasjonen.

Mapa    

Hallbrekknuten og nabotopper

Fecha:
24.04.2026
Tipo de excursión:
Esquí de montaña
Duración:
6:59h
Distancia:
18.9km

Greit skiføre, men ikkje meir snø enn det må være. Gjekk opp Teveitebrekka og opp til Kvitafjell og vidare vestover til Nonsknuden og Hallbrekknuten. Så sørover til Hefteknuten og retur via Skiftesholkletten og Tveitebrekka.

Mapa    

Stutaheia

Fecha:
23.04.2026
Tipo de excursión:
Esquí de montaña
Duración:
8:30h
Distancia:
24.3km
Mapa