Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Måkaknuten

Date:
23.05.2010
Map    

Vårskitur på Hallingskarvet

Date:
14.05.2010

Var med Stavanger turistforenings fjellsportgruppe på tur "Hallingskarvet på langs". Me hadde overnatta i telt på Finsevatnet og gjekk over Folarskardnuten før me rant ned i Folarskardet for ny overnatting ikkje så langt fra Lordehytta. Det var overskya før middag, men det klarna opp utover dagen og blei en veldig flott og varm dag. Eg tok en avstikker i forhold til dei andre og gjekk over Hellevassfonni før Folarskardnuten. Planen var at me skulle fortsette over Prestholtskarvet dagen etter, men det blei avlyst pga skodd og det var meldt nedbør utover dagen.

Map    

Kaldafjellet og Skoranutane

Date:
09.05.2010
Characteristic:
Backcountry skiing

Hadde overnatta på Krossvatn turisthytte etter turen til Over Snønuten til Krossvatn dagen før. Etter frokost på hytta fulgte eg kvistaløypa nord og nordaustover over Kringlevatnet og Midtvatnet, og så opp på Kaldafjellet's to topper på hhv 1480 og 1452 m. 1452-toppen er grensetopp til Bykle i Aust-Agder. Kryssa så Kaldevatn og gjekk opp på Heggeitlebrekkenuten og Skoranutane. Rant ned i Salttjørndalen og vidare nordvestover til Mosvatnet til det tok slutt på skiføret, og så siste stykket til fots med skia i hendene. Reiste heim om kvelden etter ei flott helg på vårskitur i i ndre Suldal.

Map    

Over Snønuten til Krossvatn

Date:
08.05.2010
Characteristic:
Backcountry skiing

Reiste heimefrå laurdag formiddag for å ta ein helgetur på vårskiføre i indre deler av Suldal. Kom til Mosvatnet middagstid. Pakka ryggsekk og bar med meg ski eit stykke før det var samanhengande snøfelt til å kunne ta skia på. Var først på Snønuten som er ein av mine favorittopper. Rant så vidare sørover og ut på Kringlevatnet der eg kom inn på kvistaløypa mot Krossvatn. Frå Gravetjørna gjekk eg vestover til Grasdalsheia, og gjekk så austover til Nøvlenuten. Vidare til Krossvatn turisthytte der eg ankom for overnatting utpå kvelden. Gjekk viare til Kaldafjellet og Skoranutane dagen etter.

Map    

Skitur over Strålaus

Date:
02.05.2010
Map    

Finnflatene

Date:
01.05.2010
Characteristic:
Backcountry skiing

Den vinterstengte Lysevegen hadde nettopp åpna for sesongen, så eg reiste opp for å sjekke snøforholdene. Anleggsvegen opp Stølsdalen var ikkje brøyta så eg gjekk på ski til Langavatn turisthytte og videre ca 3 km sørvestover og var oppom høyde 976 før eg gjekk opp til den namnlause 1030-toppen nord for Finnflatene. Så gjekk eg tilbake til Langavatnhytta der eg overnatta til neste dag. Det var skya ver og nordvest vind denne helga. Ikkje veldig mykje snø igjen etter ein snøfattig vinter i fjellet, men fortsatt greie nok skiforhold over 900 moh. Det var ingen andre folk her denne helga. Dagen etter blei det tur til Strålaus.

Map