Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Øvre Skurven

Date:
26.07.2019
Characteristic:
Hillwalk

Kjørte forbi høgaste punkt på anleggsvegen mot Store Urevatn. Var først oppom Smalevasseggi, og så over Skredenuten til Ytre Skurven. Gjekk ned den bratte nordaustryggen som hadde litt utfordrande klyving, og så bort til Heimheii. Så vestover igjen via Ugleflottskardet opp til Øvre Skurven, og ned sørvestover tilbake til vegen. Nok ein fin og altfor varm dag. Heim til siloslått dagen etter.

Map    

Snjoheinuten

Date:
25.07.2019
Characteristic:
Hillwalk

Kjørte anleggsvegen mot Store Urevatn dagen før. Vegen er bompengefri og åpnes 1. juli. Gjekk via Øystølfjellet nordover til Snjoheinuten. Dei to toppane har på nye kart begge oppført høyde på 1438 m, mens eldre kart viser 1439 m på nordtoppen. Det er derfor svært usikkert kva topp som faktisk er høgast. Retur vestover via 1345-toppen og så sørover langs Reinevatn gjennom Reinevassjuvet tilbake til Skargjesvatnet. Fint ver og helst for varmt å gå, men heldigvis mange småbekker med godt drikkevatn. I ettertid har Urevassvegen blitt stengt med bom ved Rjomeli av hensyn til villreinen.

Map    

Krodalstindan

Date:
24.07.2019
Characteristic:
Hillwalk

Kjørte den bomfrie anleggsvegen mot Store Urevatn, men svingte av ved Skargjesvatnet og parkerte i vegkanten før demningen. Gjekk vidare på vegen langs austsida av vatnet til kraftstasjonen i nordenden. Så litt vestover og kryssa innløpselva til Skargjesvatnet. Fant ein plass å hoppe over mellom to steiner. Trulig utfordrande elvekryssing her når det er stor vassføring. Vidare opp nordryggen tl Skargjevassnuten, Eggine og Krodalstindi. Så austover til Krodalstindan, Skuggetjønnfjellet og Rjomelifjellet. Retur ned fjellsida nordvestover til vegen som eg så fulgte siste stykket tilbake til Skargjesvatnet. Varm sommerdag men litt vind og periodevis nokså skya.

Map    

Trydalsfjellet og Nonåser

Date:
19.07.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
7:15h

Var først oppom Nonåsen 646 på vestsida av Trydalstjørna, gjekk opp og ned nordsida på stedvis dyretråkk. Hovedmålet denne dagen var Trydalsfjellet, som er ein del lenger tur, men relativt greit tilgjengelig via veg på austsida av Trydalstjørna. Det er to veger oppover som går saman høgare oppe og eg valgte den nordligste vegen. Ved Borkebu gjekk eg ut av vegen og opp den bratte austsida av Trydalsfjellet. Gjekk ned nordover forbi austenden av Bjonesberdalstjønni og opp på Nonåsen 894. Så ned sørvestryggen over Sandefjellet ned til Byklestigen. Særs bratt sva eit stykke i sørsida av Sandefjellet, og vil ikkje anbefale å gå der uten å vere klyvekyndig. Byklestigen er ein gammal ferdselsveg som nå er turistattraksjon.

Map    

Lomskroåsen

Date:
18.07.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
5:30h

Gjekk opp gjennom skogen til Moåsen som har mobilmast. Så vidare over Kverhusåsen og sørover til Lomskroåsen og Sollinutane. Alt er skogstopper uten særlig utsikt. I områder rundt Ytre Sollinuten var det svartbrent skog, som trulig er etter lynnedslag i midten av juli året før då det var så tørr sommer. Gjekk ned til rv 9 og fulgte vegen opp til Grasbrokke. Så vestover gjennom skogen tilbake til utgangspunktet. Kunne kanskje heller fulgt vegen rundt på nordsida, men det hadde dog blitt lenger. Overskya med litt regn denne dagen, men ikkje så gale eg frykta.

Map    

Støylsnuten og nabotopper

Date:
17.07.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
9:45h

Gjekk på bomvegen opp Hislii til vegens høgaste punkt, og oppom Skarshaugen. Så opp nordover i terrenget opp til Nausen. Var først på den nordre toppen som også har trigpunkt. Så vidare vestover til Støylsnuten og opp via sørsida til Skurvenuten. Såg ein elg og kalv som gjekk opp der foran meg, men såg dei ikkje igjen då eg kom opp på ryggen. Retur nordaustover via Gausen og Noheii og ned gjennom skogen til Støyldalen. Kom inn på ein sti litt vest for Hisdal som eg fulgte austover og så på god grusveg frå Hisdal og ned til Otra.

Map    

Bordalsheii og Voilenuten

Date:
16.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:45h

Gjekk i 14.30-tida på bomveg vestover opp Hislii og ned sørover til Lislehisdal. Så over demningen over elva og i terrenget opp til Juvåsen og Bordalsheii. Vidare over fleire småtopper vestover til den majestetiske Voilenuten. Etter ein lengre pause på toppen gjekk eg ned nordover og oppom Ljåråsnuten. Så ned i skaret og på sti langs bekken i Ljåråsdalen. Stedvis utydelig sti og myrete terreng langs høgspenttraseen austover, men etter kvert betre sti igjen. Bru over elva litt vest for Hisdal, og god grusveg frå Hisdal ned til Otra. I dette området ligger Hisdal naturreservat.

Map    

Namnlause topper sør for Øyuvsvatnet

Date:
10.07.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
6:45h

Gjekk frå den overfylte p-plassen kl 12.30 og fulgte T-stien sørover til Sandvasslega. Ivlungsåna hadde bru som trulig ikkje var utlagt i begynnelsen av juni. Så langs austsida av Sandvatnet og Svoetjørnin. Ville sjekke ut sadelhøyden til 998-toppen. Vanlig kart oppgir feil høyde på 880 på Sandvatnet, mens ØK oppgir 887,8 og 888,5 på søndre Svoetjørnin. Altså 0,7 m høydeforskjell. Sadelhøyden i søraustenden av tjørna er bare ca 1 m høgare enn vatnet, så dermed pf 100 med god margin på 998-toppen. Gjekk opp på den toppen sørfrå, og vidare nordvestover og kryssa utløpsåna til Sandvatnet. Så opp til 975, og vidare nordover over fleire umarkerte topper med litt usikker høyde. Gjekk så mellom Svarteløken og Øyuvsvatnet og inn på stien igjen nordover til p-plassen.

Map    

Nasefjell

Date:
09.07.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
4:45h

Fulgte bratt grusveg oppover til Trydalsheii, og var så heldig at eg fekk skyss siste del av vegen. Den går lenger opp enn inntegna på kartet og slutter på ca 870 moh. Derfrå på svak sti nord for høgspenttraseen opp til skaret vest for Stavvatn. Så ut i terrenget sørover til Nasefjell. Var først bortom trigpunktet 1069 som er fint utsiktspunkt over Setesdalen. Så opp til toppen og vidare austover til Torsdalsristi. Retur nordvestover og opp til Stavvassristi via den bratte sør- og austisda. Ned i vestsida og inn på stien og vegen ned igjen.

Map    

Skammevarden

Date:
08.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:45h

Skammefjell ligger litt utilgjengelig til i Rjuven i Setesdal vesthei, men overkommelig på ein lang dagstur frå Setesdalen. Gjekk på grusveg drøyt 4 km vestover Ljosådalen (hadde ikkje med sykkel denne gongen). Vegen går opp til ein demning i Ljosåni, og så er det sti vidare ca 1 km vestover på sørsida av elva. Så kom eg inn på T-sti som går sørover til Bossbu og Stavskardhytta. Hadde tenkt å følge denne stien til stiens høgaste punkt snaut 5 km aust for Skammevarden, men etter elvepasseringa aust for Nautetotjørna fant eg ikkje sti på andre sida av elva. Bestemte meg då for bare å gå rett sørvestover direkte mot Skammevarden. Fleire ettermiddagsbøyer kom nordfrå over Setesdalen, og fekk ei lett regnbøye over meg mens sola skein lenger vest. Kom til topps etter snaut >>>

Map