Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Vedafjellet og Melsheitopper

Date:
31.10.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
5:28h
Distance:
16.5km

Gjekk frå arboretet som ligger ved Espelandsveien mellom Bråstein og Sviland. Var først på Skogaberget og Steinfjellet som har merka sti og flott utsikt over arboretet. Vidare over beitemark uten sti til Netland, og så opp til Brekkafjellet. Der er det merka sti frå Melsheia til Vedafjellet via sør- og austsida av Skjenanuten, mens eg gjekk over Skjenanuten. Frå Vedafjellet fulgte eg merka sti ned til Kleivane og gjennom byggefeltet der eg gjekk litt feil. Fekk tilsnakk av ein fordi eg gjekk gjennom hagen hans. Beklaga meg, og sa at det ikkje skulle gjenta seg. Vidare på sti over Ragnhildnuten, og på veg og sti resten av turen gjennom Melsheia tilbake til Arboretet. Har vore på alle desse toppane før, men med litt usikker dato på fleire av småtoppane.

Map