Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Inste og Søre Tinden

Date:
21.08.2015

Gjekk fra FV 520 til Nedra Sandvatnet. Ennå mykje snø igjen etter den uvanlig snørike vinteren. Vegen var ikkje brøyta og det var mange fenner der eg brukte ski. Så over demningen og derfrå meste samanhengande skiføre til Tindane. Var fyrst på Inste Tinden og så på Søre Tinden og rant så ned over den islagte Kvelvatjørna og ned til sørenden av Nedra Sandvatnet igjen.

Map    

Svartenuten og Lonanuten

Date:
20.08.2015

Frå Rv 13 ved Nesflaten kjørte eg på god anleggsveg opp til vestenden av Vasstølsvatnet på 750 moh. Gjekk derfrå nordvestover i relativt lettgått terreng over dei to Benkjanuttoppane og så via Svartenutstølen til Svartenuten. Litt inneklemt topp med høgare fjellmassiv både i aust og vest, men flott utsikt både sør- og nordover. Vidare nordover kunne eg skli på snøfenner ned til Kvanngrødalen. Så opp til Lonanuten som har stort topplatå og ikkje nokon særlig markert topp. Gjekk ut på Kanten vest for trigpunktet der ein kan sjå ned i Brattlandsdalen 700 m lenger nede. På returen gjekk eg om Suldalsskaret tilbake til Vasstølvatnet. Det var ein varm og fin seinsommerdag.

Map    

Snøvassnuten

Date:
19.08.2015
Map    

Fidjanuten og Tindanuten

Date:
18.08.2015

Gjekk frå Tveitane ovanfor Hamrabø på god men bratt traktorveg opp mot Kilavatnet og over brua til vestsida av elva. Det er grusveg et stykke nordover der og før det går over til sti vidare nordover vest for Hamrabøåna. Stien er stadvis utydelig. Mellom Vasslivatnet og Svinstølvatnet er det bru over elva til Svinstølen. Gjekk vidare langs Litlestølåna et stykke før eg dreide av og fulgte bekken opp mot Øykjanuten. Så vidare i den vestvendte fjellsida forbi Uranuten og opp til Fidjanuten sørfrå. Ennå ein del snø igjen i Suldalsfjella særlig vestover i området rundt Skaulen. Herfå gjekk eg aust-søraustover mot Tyssdalsvatnet og ned i dalen nord for vatnet og opp på dei to Nonsnutane og så opp på Tindanuten. Fleire toppunkt der og gjekk bort til trigpunktet lengst aust >>>

Map    

Jollaheia og Herbrandsnuten

Date:
17.08.2015
Map    

Bakkåsen

Date:
16.08.2015
Map    

Storsteinheia og Undeknuten

Date:
15.08.2015

Gjekk frå Øvre Moen. Vegstubben mellom Øvre Moen og opp til botnen av Oddatjørndammen / Oddatjørnhytta blei brøyta 12. august. Vegen opp til toppen av dammen var ikkje brøyta og den øverste tunellen var skjult av snø i begge ender. Nedre munning av øvre tunell var ikkje synlig i det heile tatt. Kunne såvidt kravle meg ut av øvre munning av nedre tunell mellom snø-/ isveggen og fjellet. Fulgte vegen sørover til Beinlei og minst 1/3 av vegen er snødekt. Mange plasser med 4-5 m høge bratte snøfenner. Var oppom toppane etter tur sørover men tok Undeknuten til slutt pga utrygt ver. Veret haldt seg overraskande godt utover dagen med kun korte lette regnbøyer. Samanhengande regn utpå kvelden på tilbaketuren frå Undeknuten. Gjekk då ned på utsida nord for tunnelane for å kåma >>>

Map    

Pjåkavassheia og Odden

Date:
14.08.2015
Map    

Lang rundtur over Napen

Date:
13.08.2015

Etter ein relativt grå sommer kom nå den fyrste ordentlige klarversdagen sidan 2. juli. Reiste inn til Øvre Moen onsdag kveld og overnatta i "bubilen". Sykla frå Øvre Moen vestover 6-7 km og begynte å gå stien til Napen der den begynner nord for Moavatnet. Eg tok ein lengre variant over Nibbesteinheia, Månastølnuten, Midtnuten og så inn på stien igjen på nordryggen til Napen. Etter ein lengre pause på toppen gjekk eg ned austover der det ennå var ein del snø igjen etter den særdeles snørike vinteren. Var bortom topp 1203 og Kjelkanuten og gjekk så sørover igjen over den snø- og islagte Langatjørna 1032 moh. Vidare på snøfenner langs høgspenttraseen ned til Moakvelven der eg kom inn på dnt-stien mot Stranddalen som eg fulgte det siste stykket ned til Øvre Moen.

Map    

Kvitenuten

Date:
12.08.2015
Map