Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Kolltveiteggi

Date:
18.10.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
3:30h

Fulgte skogsveg austover og til venstre i første vegdele. Der vegen tilsynelatande slutter går det ein meir gjengrodd skogsveg bratt opp til høgre som gradvis vert meir utydelig, men svak sti heilt opp til Kolltveiteggi Nord der det er trigpunkt og varde med turbok. Vidare sørover til hovedtoppen som ikkje har fullt så god utsikt. På returen var eg oppom Grovås.

Map    

Brakandalsfjellet og Fjesliknatten

Date:
17.10.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
7:45h

Fulgte skogsveg ca 5 km vestover mot Nystaul. Bommen stod åpen, men tok ikkje sjansen på å kjøre inn. Denne vegen har god standard og velegna for sykling, men valgte å gå sidan eg skulle over Fjesliknatten på returen. Frå Nystaul er det ein rusjen skogsveg så eg fulgte forbi eit hogstfelt opp mot Holmevatnet. Vidare i skog- og heiterreng opp den bratte nordaustsida til Brakandalsfjellet. Retur ned igjen i nordaustsida og haldt litt vest og nord for Holmevatnet, og vidare austover i relativt åpent skogsterreng til Fjesliknatten. Fleire jamnhøge knauser på topplatået der, mens det er trigpunkt på eit utsiktspunkt litt lenger aust. Gjekk ned via Baklistaulen til eg kom ned på skogsveg så eg fulgte dei siste snaut 3 km tilbake til utgangspunktet. Då var bommen låst.

Map    

Grånåfjell og Skotplassnuten

Date:
16.10.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h
Map    

Kollingan og nabotopper

Date:
15.10.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
8:00h

Fra Rv 41 er det skilta til Venelifjell. Dette er bomveg med 70 kr som betales kontant eller vipps. Vegen går opp til Bendiksmyr som er utgangspunkt for fleire turløyper i området. Eg gjekk via Venelibu opp til Venelifjellet og ned søraustryggen til Tjørnstøyl. Så vidt eg veit er det ingen merka sti vidare til Kollingan så eg gjekk vidare i skogsterrenget opp til den toppen. Ned nordvestryggen og frå nordenden av tjørna var det bratt skogsveg nedover. Så oppom Grasnuten og eit stykke vestover gjennom skogen før eg fulgte ryggen nordover via Vrålslinuten. Kom inn på grusveg i austenden av Hornlivatnet, og tok av på ein bratt skogsveg på sørsida av Hornlinuten. Denne vegen slutter på ca 700 moh, og så ein svak sti vidare opp til toppen. Gjekk ned nordvestryggen, og etter bare >>>

Map    

Brennstøylnuten og Hægefjell

Date:
13.10.2021
Characteristic:
Hike
Map    

Ordalssåta og Grønlidfjellet

Date:
30.10.2014
Map    

Årnotra

Date:
29.10.2012
Map    

Mannslagarnuten

Date:
25.10.2012

Sykla på en bomveg sør for Homflå opp Baklidalen til Sandtjørn. Fra austenden av tjørna skal det ifølge turkartet Seljord gå en kjerreveg ca 100 hm oppover, men den var så gjengrodd at eg ikkje såg den igjen på nordsida av bekken. Det var likevel farbart oppover i skogen og eg kom opp på Mannslagarnuten frå austsida. Lite snø her, men det såg ut til å vere atskillig meir i Lifjellområdet. Tok en runde over Hestestodnuten og gjekk ned via Mannslagarroi tilbake til Sandtjørn. Det var etter måten en tyngre tur ned enn opp så eg var litt uheldig med veivalget ned igjen. Brukte ca 6t på turen i lettskya ver, men rett før eg kom på toppen var det ei kort snøbøye. Det var nordvest stiv kuling og svært kaldt på toppen. Det var fotspor i snøen så det må ha vore andre folk >>>

Map    

Roholtfjellet

Date:
20.09.2012

Sykla på en bomveg frå Eistod nordover det første stykket og så vestover til Perstøyl. Ved enden av vegen ovanfor Perstøyl stod det et treskilt, som var vanskelig å legge merke til, ca 10 m inn i skogen med "Roholtfjellet "klatrerute". Fulgte denne merka stien opp til Vestre Roholtfjellet. Kun enkle klyvepartier men et par sva kan kanskje være utfordrande i regnver. Gjekk så over til Austre Roholtfjellet som hadde litt meir utfordrande "klatring" 30-40 hm under toppen. Gjekk så ned til Perstøyl igjen og det gjekk radig å sykla ned igjen til Eidstod. Brukte ca 5t på denne turen i flott haustver men det gjekk noen bøyer i nordvestlige fjellområder som øydela noe av utsikten den veien.

Map    

Roan og Sveinsheii

Date:
13.10.2011

Fra Krossli kjørte eg Fv 355 sørover til Geitstad. Der var det sjølbetjeningsbom på 30 kr på veien opp til Rolleivstadvatnet. Ny bom 1,5 km vest for Husstøl. Sykla deretter til endes på veien og gjekk på sti nesten til Smedbu og gjekk så på en markert rygg opp til Hestekvævnuten og deretter til Roan. Stor varde med bok på Roan. Stedvis snø over 1000 m og flott utsikt i alle retninger i et praktfullt ver. Fra Roankvæven gjekk eg på skrå austover ned i dalen til austsida av Valevatn forbi Venekvævnuten og opp til Sveinsheii som er høyste topp i Kviteseid. Var oppom søre Sveinsheii før eg gjekk ned i Plagestaddalen til Smedbu og på stien til Rolleivstadvatnet. Ca 11 t fottur inkl pause på toppane.

Map