Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Fidjaknutane og Grønaknut

Date:
22.04.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:00h

Gjekk over Djupavatnet og Brådlandsvatnet, og så nordover opp sørryggen til Fidjaknutane. Rant ned nordaustryggen og der var andre spor der som stemmer overens med sporloggen til "Polarjoen" to dager tidligare. Gjekk så opp til Kvernavassheia og Grønaknut. Det er to topper som tilsynelatende virker jamnhøge med Grønaknut, men nye kart viser trigpunkt på 1065 m. ØK har 20 m-koter her. Tok ein tur nordover til Langatjørnknuten før retur via kvistaløypa mot Blåfjellenden tilbake til Hunnedalen. Tok meg betre tid og hadde fleire pauser enn dagen før.

Map    

Gleknuten og nabotopper

Date:
21.04.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:00h

Fulgte traseen til kvistaløypa mot Tomannsbu til Breievatn. Så over vatnet og opp nordsida til dei to toppane til Brattefjellskollen. Hovedtoppen har bratte sider så satte frå meg skia og gjekk opp til fots. Vidare i retning nordaust over Gamlestølsfjell og ned på Indra Skredåvatn og så opp nordvestsida til Gleknuten. Retur over Indra Skredåvatn og opp til Dramreisknuten sørfrå. Rant så ned nord-nordaustover til Smogedalen for å unngå bratte skrenter i vest. Vidare vestover via Øydevatn tilbake til Hunnedalen.

Map    

Bukkafjellet

Date:
13.04.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
8:00h

Gjekk lysløypa eit stykke og så skilting mot Karten. Fant ikkje merking til toppen, men lettgått terreng. Gjekk så sørover langs vestsida av Kartavatnet og opp vest- og nordsida til Romsknuten. Så austover til Bukkaknuten og Vedrafjellet og så opp austryggen til Bukkafjellet. Fulgte vest- og nordryggen ned til Storavatnet der eg kom inn på stien mellom Brekko og Gloppenuten. Det er såvidt eg veit ingen sti til Bukkafjellet, men enklaste rute er nok frå Brekko via nevnte sti, og så finne egen passende rute til Bukkafjellet.

Map    

Vardafjell

Date:
09.04.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
8:00h

Tur heimefrå over Kolfjellet og ned til Søredalen. Der er der merka tursti til Sygno frå sørenden av Skjelbreidtjørna. Gjekk så over Kråkeberget og Vaulaberget og rundt nordenden av Skjeldbreidtjørna og inn på anleggsvegen til Vardafjell frå Leikvam i Noredalen. Det er stengt og skilta med adgang forbudt for uvedkommende, men lett å gå rundt. Ingen aktivitet skjærtorsdag, men det var andre turgåere. Det er merka sti til Vardafjell frå sørenden av Skjelbreidtjørna som krysser anleggsvegane. Dei omstridte vindmøllene er ennå ikkje satt opp, men det kan skje om få mnd. Det skal visstnok settes opp i alt 32 (7+25) møller, så landskapet vil då endra seg ein del. Fulgte den vegen som går mot Svanetjørna og derfrå er det kort gange i terrenget til toppen. Retur via Husafjellet >>>

Map    

Svartevassknuten

Date:
07.04.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:00h

Parkerte på sørsida av Stavtjørna for å slippe p-avgifta på 60 kr på den store p-plassen på nordsida. Lite aktivitet og innstilt skitrekk denne påsken pga koronarestriksjoner. Fulgte oppkjørt skiløype til Åkroken og Sandvassdalen til Barbuvatnet. Så opp sør- og vestryggen til Eikerinden og vestover igjen til den namnlause 853-toppen. Vidare via tjern 802 og opp austryggen til Svartevassknuten. Gjekk så austover for å ta med nokre sekundærtopper mellom Krokavatnet og Storavatnet. Retur over Barbuvatnet som hadde begynt å få råtten is så måtte vere litt forsiktig der, og så skiløypa på skareføre tilbake til Stavtjørn i månelys kveld.

Map