Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Lødalsheia

Date:
09.09.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
5:30h

Fulgte traktorveg og merka sti til Lødalsheia eller Bergsnuten som det står på skilta. Stien kjem opp frå sørsida til toppen. På returen gjekk eg ned nordover i meir krevjande skogsterreng ned til Slåttedalen. Herfrå på traktorveg ned til Lovra. Var og oppom Breidvikåsen rett ved rv 13 ved Lovravatnet. Det var perioder med regn denne dagen som blei avslutningstur på ei ellers fin turveke i Suldal.

Map    

Helgafjellet

Date:
08.09.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
5:45h

Parkerte i vegkanten og gjekk på god grusveg oppover til sadelen mellom Helgafjellet og Krune. Ser ut til å ha vore eit lite steinbrot der. Vidare kort veg opp sørover det siste stykket til Helgafjellet. Det kom opp ein sti frå vestsida. Vardeboks på toppen. På returen var eg bortom Krune og så ein skogstur over Falkeheirindane og Vardaheia. På vardaheia er det vardebok på sørkanten. Her var det merka og tydelig sti ned gjennom skogen ned til skogsveg som fører ned til fylkesvegen et par km aust for Fuglastein. Kun to bilder pga tomt batteri på kamera.

Map    

Higraheia og nabotopper

Date:
07.09.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
7:30h

Gjekk oppover på ein skogsveg mellom Bogstjørna og Sandviktjørna. Skar ut av vegen aust for 390-toppen og gjekk opp på den. Der såg eg at det var traktorveg opp til Kyrkjefjellet som nok kom opp frå Fuglastein. Hadde ikkje planlagt denne turen særlig på forhånd så det blei dermed enklare enn eg hadde trudd. Gjekk vidare austover opp på ein namnlaus topp på 455 m som dermed er same høgde som Kyrkjefjellet. Så vidare til ein spiss topp aust for Økstravatnet. Ein del klyving opp i vestsida, men enklare ned i austsida og så vidare sørover til Higraheia. Runda Erfjordtjørna på vestsida og kom inn på ein skogsveg som førte ned til nordenden av Bogstjørna. Tok så ein tur over Vinteråsen og Høgafjellet nordfrå. Rett på vestsida av toppen av Høgafjelelt er det strekt ein >>>

Map    

Selsnuten

Date:
06.09.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
1:30h
Map    

Plomreidnuten og Vatndalsnuten

Date:
05.09.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h

Frå Kolbeinstveit fulgte eg den bratte vegen opp til Nedstastølstjørna som er oppdemt i fbm småkraftverk. Her slutta vegen og eg gjekk langs sørsida av tjørna for å koma inn på den merka stien opp til Midtstølen. Stien var merka med raude pinner, men dei var delvis skjult i høgt gras og stien var stedvis også utydelig. Vidare opp til Vasstølsvatnet var det endå utydeligare sti, men stedvis syntes rester etter ein gammal kjerreveg. Gjekk vidare nordover i terrenget opp til Plomreidnuten. Flott utsyn over Hylsfjorden og Lingvongfossen frå toppområdet. Fleire nokonlunde jamnhøge punkt. Ifølge detaljkart er høgaste topp ca 40 m aust for trigpunktet ved varden. Gjekk så vidare vestover mot Vatndalsnuten. Opp frå skaret aust for Tveiteskardet traff eg overraskande nok på ein annan >>>

Map    

Månastølsnuten og Søthei

Date:
04.09.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:15h

Parkerte i vegkanten av ein skogsveg nordvest for Nøkkjarvatnet, og gjekk på denne skogsvegen vidare mot nordsida av Augnestølsvatnet. Så på svak sti over myrane mot Månastølen og så på ganske god sauesti opp gjennom skogen. Over tregrensa blei det flott utsikt over Hylsfjorden og Saudafjorden. Fortsatt sti, men stedvis utydelig opp nordsida til Månastølsnuten. Gjekk så over Storhei og Hotleskornuten før siste oppstigninga opp nordsida til Søthei. Kom inn på svak sti her og som stedvis var merka med raud S på steinane. Stor varde på 860-punktet. Såg ikkje bolt til trigpunktet her, men mulig det var gjøymt under varden. Prøvde å følge stien ned igjen men mista den fleire gonger sidan den var utydelig. Kom etter kvart inn på ein skogsveg som førte ned til sørenden av Markosvatnet. >>>

Map    

Skorpa

Date:
03.09.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:15h

Frå Oddatjørnhytta nedanfor Oddatjørndammen er det kjørbar grusveg til Skreivasskleivane i nordaustenden av Blåsjø. Vegen er stedvis veldig bratt med laust grus men åpen for ferdsel på eige ansvar. Frå Skreivasskleivane fulgte eg nødla, men ikkje T-merka sti opp til Storsteinheia. Stien går litt nord for toppen og vidare til Krossvatn turisthytte, mens eg gjekk austover ned til Skreppekvelven og opp til Skorpa og 1291-toppen endå lenger aust. Gjekk så ned i Grjotdalen og runda sørenden av Krossvatnet og så nordover til Krossvatn turisthytte. Fekk dermed eit lite gjensyn med denne hytta som eg overnatta på fleire helger for nokre år sidan i fbm vårskiturer i området rundt Snønuten. Så gjekk eg T-stien sørover snaut 2 km og så den umerka nødla stien over Storsteinheia tilbake >>>

Map    

Odden

Date:
02.09.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:15h
Map    

Gyvassfjellet og Djupatjørnnuten

Date:
01.09.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:45h
Map