Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Dyranuten og nabotopper

Date:
31.12.2011
Map    

Skitur til Vådlandsknuten

Date:
21.12.2011

Snørik førjulsvinter og gjekk på ski frå Madland i 10 cm nysnø som aukte gradvis på oppover. Forbi den øverste parkeringsplassen var det 30-40 cm gammal snø med ca 20 cm nysnø oppå så skiføret var jo veldig bra men litt tungt pga nysnøen. Gjekk over Fisketjørnane og nysnøen hadde lagt seg på isen som bestod av 2-3 cm sorpeis over 20-30 cm sorpesnø med 3-4 cm is under der igjen. Ikkje akkurat veldig trygg is så haldt relativt nær land. Lite overvatn men fekk såpass kladder under skia at det gav godt feste dei drøyt 300 hm videre opp til toppen. Skreiv meg inn i boka som nr 238 i år.

Map    

Håfjellet og Kodlifjell

Date:
18.12.2011
Map    

Fitjanuten og nabotopper

Date:
10.12.2011

Sykla heimefrå til Gjesdal Bygdahus og gjekk forbi fleire garder og traktorveg opp til ca 240 moh og vidare i terrenget opp til Tindafjellet og nordryggen til Fitjanuten. Fitjanuten har merka sti opp frå sandtaket aust for E39 på Auestad. Vidare gjekk eg austover til Einarfjellet og Øksnanuten ned til Tjetland og ned til bygdahuset igjen. Det låg ca 10 cm fuktig snø over 150 moh. Var stedvis glaserte veier om kvelden da det klarna opp etter nokon regn- og sluddbøyer i løpet av dagen og kvelden. Sykla over til Lima og gjekk opp til Høylandsfjell og Hengjefjellet i fullmåneskin. Fitjanuten og Hengjefjellet inngår i den såkalte Vardejakten i Gjesdal og eg skreiv meg inn i skrøydebøkene som hhv nr 1212 og 944 i år.

Map    

Vallresknuten

Date:
04.12.2011
Map