Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Risfjellet og Rossåsen

Date:
30.07.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
6:23h
Distance:
16.5km

Begynte turen på Øvra Håland, og gjekk langs ein kornårker og over beite i nordsida til Kleivapiggen. Fulgte stort sett sti austover til Ravnefjell og Risfjellet, og sti ned sørsida av Risfjellet. Vidare uten sti over Ålgårdsnuten og Husaberget. Så gjennom byggefelt til Høljaberget. Ned til E39 som eg kryssa over på bru, og så på sykkelsti opp til Raudviga. Vidare via beiter og stedvis traktorveg til Midtfjell, Askofjell, Kalafjell og Rossåsen. Så på Sykkelsti ned til Opstad og veg opp til Øvra Håland og oppom Hålandsfjellet.

Map    

Vedafjellet og Hagafjellet

Date:
29.06.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
8:29h
Distance:
22.1km

Gjekk frå p-plassen mellom Svilandskrossen og Sviland skule. Første stykket på grusveg opp mot Netland og så over beite til Skålshammaren. Stien var ikkje godt merka eller tydelig. Vidare til Skjenanuten og Vedafjellet. Ned til Skjørestad og over fleire småtopper og gjennom skytefeltet til Vatneleiren. Ingen aktivitet der denne mandagskvelden. Vidare over Hagafjellet og fleire småtopper på austsida av Kyllesvatnet tilbake til Sviland der Løberget blei kveldens siste topp.

Map    

Vådlandsknuten frå Gilja

Date:
08.05.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
8:48h
Distance:
17.1km

Parkerte ved Fv 450 ca 600 m ovanfor avkjørselen til Frafjord. Sykla derfrå drøyt 2,5 km nedover der det og er mulighet for å kunne parkere i vegkanten. Gjekk derfrå på merka sti til Dokkolstølen og vidare vestover til Vådlandsknuten. Vidare austover igjen stort sett uten sti via Trettehommen til Svidfjellet. Frå tjern 641 fulgte eg merka sti frå Trettehommen til Brekkestølsvatnet og så på grusveg ned til Gilja.

Map    

Myrfjell og nabotopper

Date:
07.05.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
8:43h
Distance:
21.0km

Bommen som tidligare stod før kraftverket er nå tatt vekk, men stengt ved kraftverket. Hadde med sykkel opp til første hårnålssving, og gjekk vidare på sti austover opp til ca 800 moh der det var snø. Var litt usikker på om eg kunne krysse Krokavatnet, men det gjekk heilt fint sjøl om det var mykje overvatn. Oppom Myrfjell og Litla Kaldavassheia der det var lite snø i sør- og vestvendte hellinger. Til slutt oppom Storbakknuten før retur ned til Maudal. Sykla då ned siste stykket på anleggsvegen som er stengt med bom ved kraftstasjonen.

Map    

Hallbrekknuten og nabotopper

Date:
24.04.2026
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:59h
Distance:
18.9km

Greit skiføre, men ikkje meir snø enn det må være. Gjekk opp Teveitebrekka og opp til Kvitafjell og vidare vestover til Nonsknuden og Hallbrekknuten. Så sørover til Hefteknuten og retur via Skiftesholkletten og Tveitebrekka.

Map    

Stutaheia

Date:
23.04.2026
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:30h
Distance:
24.3km
Map    

Tofjellet

Date:
17.04.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
7:56h
Distance:
16.8km

Fulgte merka sti til Tofjellet. Gjekk litt for langt på grusvegen oppover før eg kom på at stien til Tofjellet tek av sørover rett før brua over Bønaråna. Frå Tofjellet gjekk eg sørover for å ta med Seljeknuten. Gjekk ned den særs bratte sørsida av Tofjellet, men vil anbefale slakere terreng lenger aust eller via vestsida. Etter Seljeknuten kom eg inn på sti merka "Kaldavatnet rundt" så eg fulgte eit stykke før eg fulgte merka sti til Nipen. Så på nødla sti ned den bratte vestida til Skogarbø. Gjekk vidare ned og tok Bønaråsen som siste topp. Der er det traktorveg opp frå søraustsida, men eg gjekk eit stykke gjennom skog for å slippe å gå lenger ned først. Til slutt gjekk eg stort sett på vegar opp til utgangspunktet i Bønardalen.

Map    

Urdalsfjellet

Date:
16.04.2026
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:05h
Distance:
15.6km

Det er merka sti opp til Store Vongsen, men eg fulgte ikkje den konsekvent siden den var delvis skjult av snø. Bar skia et godt stykke oppover før det blei nok snø til skigåring. Greit nok skiføre i høyden, men mjuk og råtten snø. Søraust kuling, mildt og nokre få regnskvetter. Godt eg var på nordsida av Lysefjorden sidan vèret såg adskillig verre ut lenger sør. Godt med snø i Store Urdakveven, men en del steiner stakk opp. Dårlig is på austre del av Sandvatnet så eg kryssa over til nordsida og gjekk langs land til eg kom inn på Songesandvegen. Skibæring tilbake til utgangspunktet.

Map    

Jamnarheia

Date:
15.04.2026
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:18h
Distance:
14.9km
Map    

Vådlandsknuten

Date:
07.04.2026
Characteristic:
Snowshoe trip
Duration:
8:16h
Distance:
16.4km
Map