Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Store Brekketinden

Date:
26.09.2017
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
10:30h

Tur i lag med mortenh (Morten Helgesen) , Þróndeimr (Christian Nesset) og Astri (Astri Gridseth Flø) på siste dag av PB-treffet. Tok ferja frå Sæbø til Lekneset, og eg sat på med Morten opp til Myrsætra. Bompengefri veg her nå, og me parkerte på sørsida av elva. Fulgte T-stien mot Patchellhytta til Steinreset der me tok av stien og gjekk opp til Brekketindbreen. Så tok me på sele og tau for å krysse breen opp til skaret sørvest for Store Brekketinden. Fleire klyvepartier frå breen til toppen. Det var frivillig om me ville la oss sikre eller ikkje, men eg var komfortabel me å gå uten sikring. Hadde ein god pause på toppen i det flotte varme seinsommarveret og skreiv oss inn i vardeboka. På veg ned var Christian oppom S1-toppen som er avansert klatring grad 5-6 eller noko i den dur. Litt for teknisk til at det var noko å prøve for min del, men spennande >>>

Map    

Storgrovfjellet og Store Trolltind

Date:
16.09.2014
Characteristic:
Alpine trip

Gjekk frå Stigrøra i knallflott haustver. Godt merka sti til Frokostplassen og eg fulgte stien til Stigbotnvatnet. Derfrå gjekk eg opp på Storgrovfjellet og så til Frokostplassen. Mindre merkert sti og bratt og laus ur vidare bortover mot Bruraskaret og Trolltindane. I den brattaste fjellsida er stien tydelig igjen og ser stadvis ut til å vere innhogd i fjellsida. Frå Bruraskret ser ein rett ned i den berykta Trollveggen som var populær for basehopping ein periode før hoppforbod blei innført i 1986 etter fleire ulukker/ redningsaksjoner. Vidare bortover var eg spent på å fine riktig renne opp til Store Trolltind. Det var uproblematisk for det var markert riktig renne og kom meg greit til topps. Sat på toppen ei stund og beundra utsikten før eg gjekk ned igjen og tilbake et stykke >>>

Map