Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Tveitakvitingen og Høganovi

Date:
03.06.2016
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
11:00h

Ein lenge planlagt men stadig utsatt tur til Tveitakvitingen skulle nå endelig realiserast. Hadde tenkt å ta denne turen på ski og her ligger heldigvis snøen lenge men etter ein sommarvarm mai månad var eg forberedt på ein del skibering før eg kom opp til samanhengande snø. Hadde funne ein parkeringsplass på sørsida av Rv 7 litt aust for Mødalsvegen som ikkje hadde oppslag om "Privat parkering" eller 3-sifra døgnavgift for parkering. Veit ikkje om desse avgiftene gjelder utanom sesongen, men nå slapp eg å tenka på det. Hadde med sykkel som eg brukte opp den drøyt 3 km lange Mødalsvegen som er stengt med bom. 200 hm stigning så måtte leie sykkelen mesteparten opp, men veldig greit når ein kan trille ned igjen etter endt tur. Frå Mødal går stien vidare sørover >>>

Map    

Åsen, Vesoldo og Slåttenuten

Date:
21.03.2015
Map    

Fuglafjellet i Kvam

Date:
01.05.2012

Gjekk på ski frå Osen i vestenden av Hamlagrøvatnet til Vending turisthytte. Det var en del folk på tur til Vending denne dagen. Derfra gjekk eg oppover ryggen mellom Vending og Fugladalen over topp 1143 og videre sørvestover til Fuglafjellet. Det var nokon skispor her og men traff ingen. Varden på toppen var nedsnøa og var bare en liten forhøyning på toppkammen. Kjempeutsikt i strålande ver. På tilbaketuren gjekk eg til fots ned det bratte Tverrelvgjelet, og så kvista løype frå Vending tilbake til Osen. Tok meg god tid og brukte 9t i et fantastisk 1.maiver.

Map    

Skitur over Hjortahorgi og nabotopper

Date:
29.04.2012

Gjekk på ski frå Hodnaberg i austenden av Hamlagrøvatnet i løype opp til Torfinnsheim turisthytte. Snakka med et par som rasta her og dei fortalte at den kvista løypa videre til Gråsida var lagt utenom Torfinnsvatnet for det hadde vore veldig med overvatn der før påske. Nå var det imidlertid glimrande skiføre med 10-30 cm tørr snø over vatnet. Gjekk i land der Torfinnsåni kjem ned i austenden og fulgte ryggen nord for Torfinnsdalen til Torfinnshorgi. Relativt beskjeden varde og det var ikkje andre spor her. Litt aust for toppen var det en høg skavl så eg måtte renne litt nordover for å omgå den. Ca 1 km aust for Torfinnshorgi kom eg inn på skispor frå Gråsida og eg fulgte dei et stykke sørover før eg dreide opp på Skjemmehorgi. På den vesle varden her var det et treskilt >>>

Map