Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Dyranuten og nabotopper

Date:
31.12.2011
Map    

Skitur til Vådlandsknuten

Date:
21.12.2011

Snørik førjulsvinter og gjekk på ski frå Madland i 10 cm nysnø som aukte gradvis på oppover. Forbi den øverste parkeringsplassen var det 30-40 cm gammal snø med ca 20 cm nysnø oppå så skiføret var jo veldig bra men litt tungt pga nysnøen. Gjekk over Fisketjørnane og nysnøen hadde lagt seg på isen som bestod av 2-3 cm sorpeis over 20-30 cm sorpesnø med 3-4 cm is under der igjen. Ikkje akkurat veldig trygg is så haldt relativt nær land. Lite overvatn men fekk såpass kladder under skia at det gav godt feste dei drøyt 300 hm videre opp til toppen. Skreiv meg inn i boka som nr 238 i år.

Map    

Håfjellet og Kodlifjell

Date:
18.12.2011
Map    

Fitjanuten og nabotopper

Date:
10.12.2011

Sykla heimefrå til Gjesdal Bygdahus og gjekk forbi fleire garder og traktorveg opp til ca 240 moh og vidare i terrenget opp til Tindafjellet og nordryggen til Fitjanuten. Fitjanuten har merka sti opp frå sandtaket aust for E39 på Auestad. Vidare gjekk eg austover til Einarfjellet og Øksnanuten ned til Tjetland og ned til bygdahuset igjen. Det låg ca 10 cm fuktig snø over 150 moh. Var stedvis glaserte veier om kvelden da det klarna opp etter nokon regn- og sluddbøyer i løpet av dagen og kvelden. Sykla over til Lima og gjekk opp til Høylandsfjell og Hengjefjellet i fullmåneskin. Fitjanuten og Hengjefjellet inngår i den såkalte Vardejakten i Gjesdal og eg skreiv meg inn i skrøydebøkene som hhv nr 1212 og 944 i år.

Map    

Vallresknuten

Date:
04.12.2011
Map    

Holtaheia og Lauvåsen

Date:
12.11.2011
Characteristic:
Hike
Duration:
8:00h

Fra parkeringsplassen ovanfor Holta gjekk eg på merka sti opp til Holtaheia. Litt nedanfor denne toppen ligger det vrakrester etter et engelsk fly med skuleelever som styrta 9. august 1961 og totalt 39 stk omkom. Stod et stort steinkors på en knaus til minne om det. På toppen av Holtaheia traff eg et annet par som kanskje skulle til Lauvåsen men såg ikkje meir til dei. Gjekk over Midknuten og Svoda til Lauvåsen. God sti nedover igjen rundt nordsida av Lauvåsvatnet. Gjekk videre over Grimsåsen, Lågehei, Ormakam og Storehornåsen tilbake til parkeringsplassen og hadde da brukt 8t i bedagelig tempo.

Map    

Ragnhildsknuten og nabotopper

Date:
05.11.2011
Characteristic:
Hike

Kjørte først til Rossavik og la fra meg ein sykkel der vegen går opp til skytebanen og så kjørte eg opp mot Oaland og parkerte litt ovanfor den siste skarpe svingen på ca 320 moh. Gjekk derfra opp på toppane i rekkefølge Knuten, Storafjellet, Ragnhildsknuten, Raudfjellet, Øykjafjellet, Rundeknuten, Husafjellet og Helleknuten. Kupert og litt vanskelig terreng mellom Øykjafjellet og Rundeknuten med klyving i nordsida. Mellom Husafjellet og Helleknuten var det ugjestmildt terreng med mange bratte skrenter, mosegrodd stein og einarkratt. Ved Sollivatnet kom eg inn på sti og grusvei ned til Rossavik. Sykla og gjekk tilbake til Oaland. Over 12 t på tur og brukte lommelykt etter kl 17.30. Det var overskya ver denne lordagen og det bles søraust frisk bris og regna litt av og til frå om >>>

Map    

Rundtur fra Vinddalen

Date:
29.10.2011

Gjekk fra nordenden av vinddalen på merka sti opp Tverrfjelldalen. Fra Tverrfjellega gjekk eg opp på topp 935 som er namnlaus på turkarta, men som på interaktivt kart har navn både som Øykjafjell og Tverrfjellet. Gjekk ned i Øykjadalen og opp på Bergeheia. Her var det rest av litt snø. Gjekk deretter nordaustover til Sauafjellet, før eg gjekk vestover igjen til Skåpknuten, Tyrejuvknollane og Krylryggen. Runda Soddatjørna i sør- og vestsida i kupert lende til Tyrejuvknollane. Gjekk på T-merka sti dei siste 2 km tilbake til parkeringsplassen. Ca 10 t fottur med pauser. Overskya og mildt ver denne lordagen.

Map    

Ullandhaug

Date:
24.10.2011
Map    

Napuren og nabotopper

Date:
16.10.2011
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h

Gjekk på T-stien mot Hovstøl fra Rv 45 vest for Kjønnesvikvatnet. Etter drøyt 3 km forlot eg stien og gjekk opp på Høgsætet. Var først på sørtoppen og så på hovedtoppen ca 400 m lenger nord som i ØK er oppgitt til 1268,1 m. På M711-kartet fra 93 står det 1274. Lettskya ver med flott utsikt, særlig austover mot Gaustatoppen. Gjekk deretter på Draumenuten og så til Napuren som er høgaste topp i Fyresdal. Mykkje dis nå utpå ettermiddagen som reduserte utsikten betraktelig. På tilbaketuren var eg oppom Kaldheimsheii som har vidt topplatå men markert topp.

Map