Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Vardåsen og diverse

Date:
25.09.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
6:10h
Distance:
12.9km

Gjekk frå p-plass ved Mysingveien omtrent midtveis mellom E39 og Mysing. Fulgte stort sett merka sti opp til Vardåsen, men stien er mange plasser lite synlig og merkinga mangelfull så eg mista stien fleire plasser. Vidare stort sett uten sti i stedvis høgt gras over Vardåsen/ Nibane og Bukkaknuten/ Høgeknuten. Kom så ned til Mysing og fulgte merka sti til Hestafjellet/ Jonsokknuden og minnesmerke etter eit engelsk fly som styrta hausten 1942 i fbm operasjon Freshman. Fulgte så en annen nordligare sti til p-plassen ved Mysingveien. Tok til slutt ein tur ned til andre sida av E39 og gjekk opp til Kulefjell. Toppen der er ein markert steinknaus omgitt av granskog så lite utsikt. Overskya dag med periodevis skodd over ca 400 moh og regn av og til, men lettare og delvis oppklarning med fullmåneskin >>>

Map    

Rygla og sekundærtopper

Date:
24.09.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:18h
Distance:
20.1km

Gjekk frå tilvist p-plass på eine garden på Gya. Fulgte merka sti opp Kyrkjevegen mot Botnabrekka og så stilaust vestover via Baglitjørna til Bagli. Vidare i nokså tungt terreng til Stokkafjellet. Så nordover til Rygla, og så på god sti vestover til Gyaaksla. Stort sett stilaust sørvestover via 626-toppen til Lammaknuten. Vidare nokså bratt nedover til Slettebøtjørna, og så oppom Klubben og Kjelleheia. Klubben har mykje plagsomt kratt mens Kjelleheia er lettgått på kulturbeite. Siste topp blei 268-toppen på vestsida av Uadalen som lokalnamn.no kaller Tasabakkjen. Ved Fv 42 ved Terland hadde eg lagt frå meg sykkel og sykla drøyt 9 km tilbake til Gya i flott klarverskveld med meste fullmåne.

Map    

Vinjakula frå Gloppedalsvatnet

Date:
31.08.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:07h
Distance:
17.9km

Parkerte i austenden av Gloppedalsvatnet. Fulgte merka sti bratt opp mot Flådalen. Fleire plasser stien og merkinga var lite synlig. Oppe i Flådalen fulgte eg normalruta som kjem frå Maudalsbrekka til Vinjakula. Etter pause på toppen gjekk eg vidare sørvestover stort sett på merka sti via Lanesstølen til Mjørdalstjørn. Så stilaust opp til Lindelifjellet. Bratt ned nordsida frå Lindelifjellet, og så på god sti og traktorveg ned til Veen. Fant en del blåbær undervis på turen. Gjekk til slutt snaut 7 km langs Fv 503 tilbake til Gloppedalsvatnet. Hadde lagt frå meg sykkel ved Espeland, men det blei feil i dette tilfellet.

Map    

Snøsvassfjellet og nabotopper

Date:
23.08.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
6:57h
Distance:
15.7km

Parkerte ved E39 på toppen av Runaskaret. Fulgte merka sti opp til Snøsvassfjellet. Så vidare stort sett stilaust over Holmafjellet og topper på vest- og sørsida av Holmavatnet. Deretter tur/ retur Vardefjellet og til slutt Vauleknuten der det er sti i austsida. Overskya første del av turen og så nokså klart ein periode for skyer trakk inn igjen om kvelden.

Map    

Risfjellet og Rossåsen

Date:
30.07.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
6:23h
Distance:
16.5km

Begynte turen på Øvra Håland, og gjekk langs ein kornårker og over beite i nordsida til Kleivapiggen. Fulgte stort sett sti austover til Ravnefjell og Risfjellet, og sti ned sørsida av Risfjellet. Vidare uten sti over Ålgårdsnuten og Husaberget. Så gjennom byggefelt til Høljaberget. Ned til E39 som eg kryssa over på bru, og så på sykkelsti opp til Raudviga. Vidare via beiter og stedvis traktorveg til Midtfjell, Askofjell, Kalafjell og Rossåsen. Så på Sykkelsti ned til Opstad og veg opp til Øvra Håland og oppom Hålandsfjellet.

Map    

Vedafjellet og Hagafjellet

Date:
29.06.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
8:29h
Distance:
22.1km

Gjekk frå p-plassen mellom Svilandskrossen og Sviland skule. Første stykket på grusveg opp mot Netland og så over beite til Skålshammaren. Stien var ikkje godt merka eller tydelig. Vidare til Skjenanuten og Vedafjellet. Ned til Skjørestad og over fleire småtopper og gjennom skytefeltet til Vatneleiren. Ingen aktivitet der denne mandagskvelden. Vidare over Hagafjellet og fleire småtopper på austsida av Kyllesvatnet tilbake til Sviland der Løberget blei kveldens siste topp.

Map    

Vådlandsknuten frå Gilja

Date:
08.05.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
8:48h
Distance:
17.1km

Parkerte ved Fv 450 ca 600 m ovanfor avkjørselen til Frafjord. Sykla derfrå drøyt 2,5 km nedover der det og er mulighet for å kunne parkere i vegkanten. Gjekk derfrå på merka sti til Dokkolstølen og vidare vestover til Vådlandsknuten. Vidare austover igjen stort sett uten sti via Trettehommen til Svidfjellet. Frå tjern 641 fulgte eg merka sti frå Trettehommen til Brekkestølsvatnet og så på grusveg ned til Gilja.

Map    

Myrfjell og nabotopper

Date:
07.05.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
8:43h
Distance:
21.0km

Bommen som tidligare stod før kraftverket er nå tatt vekk, men stengt ved kraftverket. Hadde med sykkel opp til første hårnålssving, og gjekk vidare på sti austover opp til ca 800 moh der det var snø. Var litt usikker på om eg kunne krysse Krokavatnet, men det gjekk heilt fint sjøl om det var mykje overvatn. Oppom Myrfjell og Litla Kaldavassheia der det var lite snø i sør- og vestvendte hellinger. Til slutt oppom Storbakknuten før retur ned til Maudal. Sykla då ned siste stykket på anleggsvegen som er stengt med bom ved kraftstasjonen.

Map    

Hallbrekknuten og nabotopper

Date:
24.04.2026
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:59h
Distance:
18.9km

Greit skiføre, men ikkje meir snø enn det må være. Gjekk opp Teveitebrekka og opp til Kvitafjell og vidare vestover til Nonsknuden og Hallbrekknuten. Så sørover til Hefteknuten og retur via Skiftesholkletten og Tveitebrekka.

Map    

Stutaheia

Date:
23.04.2026
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:30h
Distance:
24.3km
Map