Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Snøfjellet og Dunheia

Date:
16.10.2013

Frå E39 ein snau km vest for Breim tok eg av mot Øvreset, og så etter ein snau km til tok eg av mot venstre og så etter ein snau km ved skilting til Kålsmyrane svingte eg til høgre på bomveg (30 kr). Eit virvar av vegar oppover og ikkje alt er innteikna på kartet men eg hamna ikkje så langt frå Kvilestøylen der eg parkerte i vegkanten. Herfra gjekk eg i myr og lyngterreng opp til Snøfjellet der det var stor varde på toppen. Så videre vestover ned i Tisthammarskaret på sørsida av Skarvatnet og opp til Dunheia. Var først på et nordlig utsiktspunkt med varde og bok og gjekk så opp på toppområdet der det er mange toppunkt som eg måtte oppom for sikkerhets skuld. På den sørvestre toppen var det en mindre varde med bok som synte mange besøk. Det gjekk en merka sti ned på >>>

Map    

Selda og Bruraknappen

Date:
15.10.2013

Frå fv 615 i Hyen tok eg av sørover mot Gjengedal og kjørte så til Rongkleiv der eg parkerte ved Mjellem & Rongkleiv kraftverk. Det hadde og gått an å kjørt vestover til Rongkleivstøylen på bomveg (20 kr), men eg gjekk heller denne vegen. Ein dryg km frå gardstunet gjekk eg opp ein skogsveg nordover og så på sti over ei myr og forbi vestsida av Rongkleivvatnet. Ifølge turkart "Gloppen" er det sti opp til Selda men stien var mange plasser så utydelig at eg heller gjekk min eigen veg gjennom lyngterreng nordover til Selda. Stor varde på toppen og god utsikt vestover, mens nord og austover låg skyene nedpå ein del av dei høgaste fjella. Var ein tur bortom nordaustkanten der det er utsikt ned til Ommedalsvatnet og Hyefjorden. Gjekk så vestover og kryssa Nipeelva >>>

Map    

Eggjenibba og Storefonn

Date:
14.10.2013

Frå E39 i Våtedalen tok eg av ved Egge og forbi siste garden er det bomveg (30kr) opp Øvredalen. Der bilvegen slutter på ca 540 moh går det merka sti opp til Eggjenibba. Traff på tre stykk som gjekk ned mens eg var på veg opp. Det er fleire klyveparti opp nordeggen og fleire plasser var det lagt ut kjetting. Stor varde på toppen med bok som viser gode besøkstal. Tilnærma skyfri himmel for fjerde dag på rad og stilt og sommarleg temperatur. Gjekk videre på T-merka sti sørover over 1260-toppen og ned til nordsida av Støylsvatnet. Herfra går den merka stien nordover tilbake til Eggjestøylen, men eg gjekk austover opp til vestenden av Trollebottsvatnet på en sti som eg etter kvart forsvant for meg. Fra Trollebottsvatnet gjekk eg nord og nordaustover mot Storefonnskaret der eg var >>>

Map    

Daurmål

Date:
13.10.2013

Kjørte bomvegen opp til Årdalsstøylen og gjekk så på sti litt austover og så haldt eg meg ca på 700-kota sørover over lyng og myrer og gjekk opp nordryggen til Daurmål. Skyfri himmel og varmt som ein sommardag der eg kunne ha pause i berre t-skjorta. Studerte morgondagens turmål til Eggjenibba og Storefonnskaret som er på andre sida av Votedalen. På returen gjekk eg i ein bue sørover og aust for Svartevatnet og nordover til Lågeskaret og over Klømningane forbi Eggjedalen og inn på stien ned til Årdalsstøylen. Hadde tenkt eg skulle opp på Blåfjellet og, men etter den lange turen dagen før var eg litt gele i føtene så eg droppa turen opp på Blåfjellet. 8t rundtur korav ca 6t gangtid.

Map    

Gjegnen

Date:
12.10.2013

Kom austfrå langs Hyefjorden og Hopsvatnet på fv 615. Frå Hope kjørte eg ein bratt grusveg nordover ein dryg km før eg kom til ein ganske stor parkeringsplass på drøyt 160 moh. Videre oppover vert vegen av dårlegare standard så den egner seg ikkje for bilkjøring. På ca 400 moh, litt forbi øverste høgresving ligger et treskilt i vegkanten som viser T-merka sti mot Gjegnabu som eg fulgte oppover gjennom skogen og så for det meste på snaufjellet over 8-900 moh. Forbi Gjegnabu var det fortsatt T-merking langs nordsida av 1147-vatnet, men så musta eg merkinga og det blei langdryg sikk-sakk-gåing nordover pga et slags trappeforma bergterreng med langsgåande skrenter. Måtte heile tida litt opp og så en del ned og så opp igjen osv fram mot kanten av Gjegnalundsbreen. Her blei det >>>

Map    

Botnafjellet og Blåegga

Date:
11.10.2013

Brukte turrapporten til "500fjell" da eg planla denne turen, men forkorta turen en del så eg kun fekk med meg dei to pf 100-toppane. Parkerte i en skarp sving nord for Mykland på ca 240 moh. Herfra var det god sti opp til Blådalsvatnet og så opp i ei bratt renne opp i den sørvendte fjellsida nordaust for Blådalsvatnet. Videre var det T-merka opp til Botnafjellet. Tynt lag nysnø over 1300 m og det var fleire fotspor i snøen, sannsynligvis frå dagen før for eg såg ingen folk på turen. Vardeboka låg i en grøn matboks godt skjult inne i varden, og det var ikkje skreve i boka dei siste dagane. Tok ein runde utover nordvestryggen for utsyn ned i Sørsendalen før eg gjekk videre sørover til Blåegga. Gjekk så ut på austkanten og studerte fjellsida ned og det såg greit >>>

Map    

Ryssdalshornet

Date:
10.10.2013

Hadde kalkulert med å kunne køyre opp til Ryssdalsstøylen, men det var skilta parkeringsplass på ca 80 moh ved kraftverket bortforbi Ryssdalsvatnet. Vegen hadde fleire særs bratte parti og kan ikkje anbefales med vanleg personbil sjøl om vegstandarden elles var overraskande god. Ved Ryssdalsstøylen er stien skilta mot venstre og litt opp i fjellsida er det nokre klyveparti og det hang kjetting over eit strekk på ca 30 hm. Vel oppe på nordvestryggen er det god utsikt ned til Sandane og enkel vandring vidare opp til Ryssdalshornet. Litt sein avgang men kom heldigvis opp i tide før sola gjekk ned. På nedturen var eg bortom 1160-toppen der vardeboka er. 5t tur/ retur, korav 4t gangtid.

Map