Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Tåråfjellet og Høgeli

Date:
30.10.2012

Parkerte ved Grønkjer skianlegg. Det kosta visstnok 50 kr i dagsparkering og eg tok med en giro fra en boks. Derfra gjekk eg ca 500 m vestover på hovedvegen og gjekk så på merka sti 6,3 km til Tåråfjellet. Det var bortimot 15 cm nysnø og eg mista stien noen plasser men fant den etter kvart igjen. Det var to postkasser med bøker på toppen. Fin utsikt over Notodden, og Gaustatoppen tok seg bra ut med sin pyramideforma profil sett herfa. Skyfri himmel første del av dagen men det skya etter kvart til frå vest. Da eg begynte å gå ned igjen ringte mobilen og det var fra politiet i Notodden. Dei lurte på om bilen min var stjålet og forlatt der den stod. Dei dreiv visst med undersøkelser i ei hytte ved Grønkjer der ei kvinne blei drept i midten av oktober. Var ikkje klar over at det >>>

Map    

Årnotra

Date:
29.10.2012
Map    

Røysdalsnuten og Blomtjørneggi

Date:
28.10.2012

Kjørte opp til Grimås og gjekk så på sti oppover til Grimaren. Stien var dog usynlig mange plasser pga snø. Gjekk derfra over Tjorbunuten til austsida av Årstaultjørni og nordover opp ei steinrøys vest for Røysdalsnuten. Dagen starta med klarver men det dreiv periodevis inn en del skoddeskyer frå sørvest men dei var heldigvis vekke mens eg var på toppen, men vinden auka opp frå sør. Gjekk ned mot austsida av store Tjorbutjørni og opp på Blomtjørneggi. Nå begynte det å skye ordentlig til frå vest og det var skoddeskyer nedpå Troganattan og Jøronnatten. Gjekk ned vestover mot Gråntjørn og utanom tjørnane fulgte eg stien ned til Grimås. Det var tjukk farbar is på småtjørnane mens Årstaultjørni og Tjorbutjørni hadde 4-5 cm stålis. Ellers var det stort sett 10-20 >>>

Map    

Gaustatoppen

Date:
27.10.2012

Parkerte ved Stavsrohytta der den øverste parkeringsplassen var brøyta, og gjkk normalruta opp til Gaustatoppen. Det var overraskande mange folk som hadde tatt turen og det var over 30 biler på parkeringsplassen. Godt opptråkka sti i snøen, og eg traff på mange som var på vei ned mens eg gjekk opp. Det var fint ver men dessverre skoddeskyer i vest og nord som øydela utsikten. Termometer ved turisthytta viste -8 gr og det var nordvest frisk bris, så det blei en kald fornøyelse der oppe. Returen la eg om Gaustaråen for å få med meg toppunktet i Hjartdal. Litt usikkert nøyaktig kor kommunegrensa går, men det skal vere et lite stykke sørvest for 1621-punktet. Det var en liten varde som kanskje markerte dette punktet. Det var ingen fotspor i dette området men et skispor. 15-20 cm >>>

Map    

Blefjell

Date:
26.10.2012

Kjørte fra Helleberg på bomvegen til Store-Ble og parkerte i nordenden av vegen. Gjekk derfra på T-merka sti via Nordstul, Grotbua og et stykke opp Langedalen opp til Bledalsrinden og så nordvestover til Store Ble. Gjekk så nordover til Nystulnuten og Gråfjell før eg dreide søraustover til Flesebekk-ble. La returen over Storevatn 1140 som hadde 10-15 cm tjukk is og videre sørover kom eg inn på T-stien igjen ved Grotbua og fulgte da stien tilbake til parkeringsplassen. Det var en del is i stien og ellers stort sett skaresnø som var veldig god å gå på. Det fint ver og nordvest frisk bris så det var kaldt på toppane. Skya forbigåande til frå nord i kveldinga og kom litt snødryss. Brukte ca 6t på denne rundturen.

Map    

Mannslagarnuten

Date:
25.10.2012

Sykla på en bomveg sør for Homflå opp Baklidalen til Sandtjørn. Fra austenden av tjørna skal det ifølge turkartet Seljord gå en kjerreveg ca 100 hm oppover, men den var så gjengrodd at eg ikkje såg den igjen på nordsida av bekken. Det var likevel farbart oppover i skogen og eg kom opp på Mannslagarnuten frå austsida. Lite snø her, men det såg ut til å vere atskillig meir i Lifjellområdet. Tok en runde over Hestestodnuten og gjekk ned via Mannslagarroi tilbake til Sandtjørn. Det var etter måten en tyngre tur ned enn opp så eg var litt uheldig med veivalget ned igjen. Brukte ca 6t på turen i lettskya ver, men rett før eg kom på toppen var det ei kort snøbøye. Det var nordvest stiv kuling og svært kaldt på toppen. Det var fotspor i snøen så det må ha vore andre folk >>>

Map    

Elgspiggen og Gråhøgder

Date:
13.10.2012
Map    

Nordre og Midtre Sølen

Date:
12.10.2012

Sykla på bomvegen frå Nysætra til Sølenhytta og gjekk over ei bru over elva og videre oppover i greit terreng til ryggen nord for Nordre Sølenholet. Snø over ca 1000 moh og skodd over 13-1400 moh, men det var lettgått i steinura opp til Nordre Sølen. Gjekk så ned i skaret mot Midtre og fulgte eggen opp mot denne et stykke men det blei etter kvart for vanskelig å følge eggen pga av den lause snøen og bratte steiner. Så eg måtte traversere et stykke bortover i sørsida før eg fant ei brukbar rute opp til toppen. Her var det mange fotspor så det hadde tydeligvis vore fleire folk her i løpet av dei sidte dagene. Planen var å gå over Søre Sølen også men pga den utrivelige skodda ville eg droppe det. Tenkte da å gå ned nordvestryggen men det blei til at eg fulgte spora ned >>>

Map    

Elgåhogna og Storslåga

Date:
11.10.2012

La i fra meg en sykkel i sandtaket en drøy km vest for vegkrysset ved Elgådalen og kjørte til Dalset der eg parkerte ved en vegbom. Gjekk opp til Hammarvollen og så på merka sti på vestsida av Bjørbekken til Elgåhogna. Snø over 950 moh og på ca 1200 moh låg to elger i snøen. Dei reiste seg etter å ha blitt fotografert og sprang videre oppover og ut av syne. Nokså nedsnøa varde på toppen. Gjekk videre sørover til Storslåga og ned til sandtaket og sykla tilbake til Dalset. 6t på tur i halvskya ver.

Map    

Neksjøhøgda

Date:
10.10.2012
Map