Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Tveitakvitingen og Høganovi

Date:
03.06.2016
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
11:00h

Ein lenge planlagt men stadig utsatt tur til Tveitakvitingen skulle nå endelig realiserast. Hadde tenkt å ta denne turen på ski og her ligger heldigvis snøen lenge men etter ein sommarvarm mai månad var eg forberedt på ein del skibering før eg kom opp til samanhengande snø. Hadde funne ein parkeringsplass på sørsida av Rv 7 litt aust for Mødalsvegen som ikkje hadde oppslag om "Privat parkering" eller 3-sifra døgnavgift for parkering. Veit ikkje om desse avgiftene gjelder utanom sesongen, men nå slapp eg å tenka på det. Hadde med sykkel som eg brukte opp den drøyt 3 km lange Mødalsvegen som er stengt med bom. 200 hm stigning så måtte leie sykkelen mesteparten opp, men veldig greit når ein kan trille ned igjen etter endt tur. Frå Mødal går stien vidare sørover >>>

Map    

På Bergens tak

Date:
15.03.2015

Gjekk frå parkeringsplassen i Hausdalen på grusvegen oppover mot Brekkedalen. Rett etter Tverrelva går det sti oppover sørryggen til Søre Gullfjelltoppen som eg fulgte. Bar skia et stykke men tok dei på over ca 400 moh. Gjekk så videre nordover til Gullfjelltoppen der det var ganske folksomt denne sundagen. Tok ei litt meir vestlig rute ned og la turen over Gullfjellet og forbi Redningshytta og så opp til Austefjellet og Hausdalshorga og ned til Hausdalen igjen. Minka på snøen i sørhellinga og tok av skia på ca 600 moh.

Map