Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Staurskorsnibbene

Date:
31.10.2015
Characteristic:
Hike

Kjørte Rusvegen (30 kr) til endes og tok ein kort fottur etter at regnet gav seg utpå ettermiddagen. Fulgte merka sti mot Steinfjellet, og oppdaga etter eit stykke at eg var i ferd med å gå forbi ein høyde så virka minst like høgt som Steinfjellet. Måtte derfor gå litt tilbake opp på høgaste punkt på den høyden før eg fortsatte vidare mot Steinfjellet som har varde og turbok. Fulgte så stien ned til utgangspunktet. I ettertid har økonomisk (digitalt) kartverk fått 1 m-koter, og det viser seg at Staurskorsnibbene er 4 m høgare enn Steinfjellet.

Map    

Gråhorga

Date:
30.10.2015
Characteristic:
Hike
Map    

Bukkanibba og Trollafjelelt

Date:
29.10.2015
Characteristic:
Hike
Map    

Låklinuten

Date:
28.10.2015
Characteristic:
Hike
Map    

Rundtur over Runderabben

Date:
19.10.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:30h

Etter turen dagen før til Skjerjavasshovden og nabotopper kjørte eg via Eksingedalen og Modalen opp anleggsvegen til Åsabotnen. Litt lenger oppe låg det snøfonn over vegen, men hadde ikkje behov for å kjøre lenger. Gjekk på T-sti til søndre Åsabotnvatnet og så oppover over 1216 til Runderabben. Glimrande utsikt til vestre del av Jotunheimen. Tok så en tur over 1247 og 1208 før eg gjekk ned igjen til Åsabotnen. Dette var siste finversdag i denne omgang, men det låg tjukk skodd nede i låglandet under meg.

Map    

Skjerjavasshovden og nabotopper

Date:
18.10.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:30h

Kjørte den gode anleggsvegen frå Trefall mot Holskarvatnet dagen før for turen over Gavlafjellet og nabotopper . Veret var fortsatt like fantastisk og nå stod kommunetoppen i Vaksdal for tur og eg gjekk frå anleggsvegen vest for Askjelldalsvatnet over Belaskardhorgi og Trollahorgi og så ned i Lonevågdalen opp/ ned austsida av Skjerjavasshovden. Tilbake igjen via Heimsta Belaskaret og ned nord for Beinhellervatnet på ca 720 moh. Derfrå 90 hm opp igjen til Askjelldalsdammen. Dagen etter blei det Rundtur over Runderabben .

Map     2 comments

Gavlafjellet og nabotopper

Date:
17.10.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:30h

Etter turen til Bjørndalshesten og Kvitanosi dagen før kjørte eg anleggsvegen frå Trefall mot Holskarvatnet. Vegstandarden var god, men det låg snø over vegen i svingen mot Holskardvatnet. Hadde ikkje behov for å kjøre så langt så eg snudde og kjørte litt sørover igjen. Begynte rundturen mellom Gavlavatnet og Skjerjavatnet og gjekk med klokka over Gavlafjellet, Sørdalsfjellet, Hellesåta og Askjellfjellet. Traff på 3 rypejegere i Skorvadalen og dei hadde visst fått ei rype. Det var nok deira skot eg haurte då eg va på Gavlafjellet. Klart ver med optimal utsikt og frå Gavlafjellet og Sørdalsfjellet kunne eg lett sjå Hurrungane og Galdhøpiggen med kikkert t.v. (nord) for Fresvikbreen. Dagen etter gjekk turen til Skjerjavasshovden og nabotopper .

Map    

Bjørndalshesten og Kvitanosi

Date:
16.10.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:30h

Kjørte anleggsvegen frå Brekkhus opp til Volavatnet. Gjekk opp til demningen og lurte litt på kva vegvalg eg skulle ta. Det blei til at eg gjekk litt ned igjen og fulgte den blåmerka stien et stykke før eg dreide sørvestover for å ta med Bjørndalshesten. Så ned i skaret der stien går gjennom, men eg gjekk derfrå bratt oppover til Kvitanosberget. Så ned på nordsida over den islagte Kvitanostjørna og opp austryggen til Kvitanosi. Det låg litt nysnø oppå den gamle snøen over 1300 moh, men ingen nysnø i området ellers. Hadde lang pause på toppen og studerte utsikten med kikkert i det usedvanlig klare veret. Ifølge infosklit nede ved parkeringa skulle det ca 600 m nordvest for Kvitanosi ligge restar av eit tysk fly som styrta under krigen. Fant denne plassen ganske greit og >>>

Map