Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Vådlandsknuten

Date:
31.01.2017
Characteristic:
Snowshoe trip
Duration:
7:30h

Flott solskinsdag etter at det kom 20-25 cm nysnø over 600 moh på sundag. Gjekk til fots langs Fossbekken og over Fisketjørnane og tok på trugene i austenden av Indra Fisketjørn. Det var fotspor i snøen langs stien oppover mot Vådlandsknuten. Oppe på drøyt 700 m kom eit par nedover mot meg og dei hadde nettopp vore oppe på Vådlandsknuten. For min del var eg glad eg hadde truger sjøl om det var ferdigtråkka spor. Etter ein kort pause på toppen gjekk eg ein ekstrarunde aust- og sørover over Langavatn og Vådlandsvatnet for ismålinger med øks. Siste del av turen tilbake i same spor som opp mens det var nymånesigd på kveldshimmelen.

Map    

Vallresknuten

Date:
27.01.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
4:00h

Mild vinter og uvanlig lite snø for årstida. Det var omtrent ikkje snø i alpinbakken. Fin dag med litt frost i bakken så det var gode fotturforhold. Lenger oppe var den snøen som låg igjen fast og fin å gå på. Fulgte grusvegen meste til topps av alpinbakken og så ein nødla sti vidare til Vallresknuten. Stien går langs nord- og austsida av Måkavatnet, men eg gjekk over isen som er kortaste veg. Hadde med øks for ismåling og registrerer målingar på eit iskart og får dermed statistikk på isforholda frå år til år. Søraustlig frisk bris så det var hustrig nok sjøl om det var få kuldegrader.

Map    

Stutaheia

Date:
21.01.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:30h

Etter ein føremiddag med lågt skydekke klarna det opp og blei flott ver og eg såg mitt snitt til å sesongdebutere med skitur frå Hunnedalen. Mildveret siste 2-3 dager hadde tært en del på snøen, men ikkje så gale så eg hadde frykta. Snøen begynte å få skorpe i klarveret og det gjorde ikkje festet så godt men gjekk likevel greit. Gjekk frå Tverråna nordover og fulgte vinterruta til Øyarvatnet. Det var mildt i høgden tross klarveret så uvanlig mildt til å vera i januar. Avblåst og lite snø på rygger og topper, men ellers samanhengande skiføre. Fleire andre var og ute på ski i området nord for Tverråtjødna. Nådde Stutaheia akkurat før sola gjekk ner, og rant vidare ned austover til Sandvatnet. Temperatur viste 4 varmegrader på Sandvatnhytta så lurer på om den viser >>>

Map    

Flassavatnet rundt

Date:
15.01.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h
Map    

Vådlandsknuten

Date:
07.01.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
7:30h

Litt snø og isete veg oppover frå Madland, men det hadde tint såpass i hjulspora at eg kunne kjøre heilt opp til parkeringsplassen. Det stod 3 andre biler der. Var 6-8 cm snø som var kram med svak skorpe etter mildveret dagen før. Gjekk opp langs Fossbekken og over Fisketjørnane som såvidt var gangbare igjen etter et par dager med frost. Vidare oppover auka det litt på med snøen og det var nokre dager gamle fotspor, men ikkje dagsferske spor forbi Indra Fisketjørna. Litt tungt å gå i snøen som ikkje hadde berande skare, men det var ikkje akkurat skiføre heller så fottur var nok rette framkomstmåten. Vardeboka på toppen var bytta ut 1. nyttårsdag og eg vart andre mann til å signere boka for i år. Det var visstnok 832 besøkande i fjor. Gjekk vidare ned til Vådlandsvatnet >>>

Map    

Dyranuten

Date:
05.01.2017
Characteristic:
Hike
Map