Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Regnådalsheii

Date:
03.06.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:30h

Bar med ski og gjekk på grusveg mot Veiåstøylen som var stengt med kjetting. Kunne ta på ski på ca 840 moh, og gjekk via vestsida av Lomstjørn opp mot Slarvedalen, 1225-toppen og Regnådalsheii. Vidare sørover til Hågeheii, Kjelkebrokkheii og Undermigheii. Litt meir skyer denne dagen enn dei foregåande dagane. Værvarslet gjekk ut på utrykt for enkelte regnbøyer i Agder og Telemark så eg rekna med det skulle gå greit. Det tjukna til i søraust og haurte fleire tordenskrall på veg til Undermigheii. Denne toppen viser seg nå å vere hårfint under pf 100 etter at ØK har fått 1 m-koter. På retur nordover kom uværet over meg og flerie lyn blei etterfulgt av tordenbak etter bare 2-3 sekunder. Snaut 1 km unna altså. Ingen dramatikk, men var ikkje høg i hatten mens det stod på. >>>

Map    

Lauvåsnuten

Date:
02.06.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:30h

Samanhengande skiføre opp den bratte nordaustsida. Måtte ta av skia 2-3 plasser på veg ned vestryggen. Vidare vestover langs snøskuterløype og oppom Slettestøylfjellet og Dammenuten. Ned igjen via snøskuterløype gjennom hyttefeltet sør for Lauvåsnuten. Bar skia det siste stykket bort til vegen og tilbake langs Bjørnevatnet. Relativt kort tur, men brukte god tid så det blei ein slags kviledag.

Map    

Krakefjell og Fagervassknuten

Date:
01.06.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:15h

Mindre snø her enn lenger vest, men stort sett samanhengande skiføre frå vegen. Gjekk via Djupetjørn over Bergeheii, og over dei to jamnhøge toppane på Krokevassnuten. Så ned over Krokevotni og sørover via Sjauskjerheii til Krakefjell. Her er det jernbolt/ trigpunkt oppå kampestein. Klarte å klatre oppå. Så nordover til Storeheii der eg gjekk opp ei snørenne i vestsida. Vidare til Fagervassknuten der eg gjekk opp ei sørvendt renne som var snøfri øverst. Vidare til fots opp vestryggen. Retur nordvestover og var då oppom Vardeknausen før eg traverserte langs nordsida av Bergeheii og fulgte spora mine tilbake til Myklevatn.

Map