Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Kammen og Vardafjellet

Date:
10.06.2012

Begynte turen opp til Kammen frå Røyrdalen ovanfor dirdalstunellen. Gjekk så gjennom Norstone sin tunell opp til steinbrotet. Siden dette var sundag var det heldigvis ingen aktivitet der. Ellers kjøres det tidvis natt og dag, og ein bør absolutt ikkje gå gjennom den tunellen når det er anleggstrafikk. Var først på vesttoppen på 370 m som eg trudde var toppen siden det låg to steiner oppå kvarandre som varde. Gjekk videre nordover til Vigaknuten som har ei mast på toppen. Såg deriffrå at det var en topp til lenger aust på Kammen som kanskje var høgaste punkt, men som eg hadde oversett pga den tette bjørkeskogen. Var oppom begge toppane på tilbaketuren. Etterpå gjekk eg frå Rage gjennom sandtaket opp i skaret vest for Vardafjellet og opp vestryggen. Vidare ned igjen på austsida >>>

Map    

7-nutstur og et par til i Sandnes

Date:
03.06.2012
Characteristic:
Hike

Start/ mål ved skytebanen på Vatne. Begynte å gå kl 11.45. Løypa går over Mattirudla, Bjørndalsfjellet, Fjogstadnuten, Dalsnuten, Øvre Eikenuten, Rudla og Vassfjellet. Mellom Fjogstadnuten og Dalsnuten tok eg ein avstikker opp på Skjørestadfjellet som ikkje inngår i 7-nutsturen. Brukte 6t inkl kvarters pauser på 300m-toppane. Lettskya fint og litt kjølig ver med nordatrekk og upåklagelig utsikt. Nordover kunne eg bl.a sjå Englafjell og Ulvanosa i Kvinnherad og Hustveitsåta, Kyrkjenuten og Skaulen i Sauda. Som vanlig mange folk som gjekk den populære 7-nutsturen. Etterpå gjekk eg frå Haga opp på Hagafjellet på andre sida av rv 13.

Map    

Sommarskitur vest for Rosskreppfjorden

Date:
02.06.2012

Gjekk frå Fossebu ved rosskreppdammen nordover vest for Bosvatnet over Dygråvatnet opp til 1295-toppen nordvest for Skrubbeskard og videre til Skrolletørnane. I det austvendte terrenget her var det stort sett samanhengane skiføre, men som vanta snøbart på toppane. Isen på "fjorden" hadde løsna frå land og var i full opløysning nord for Botnshaug og mesteparten isfritt nord for Åsneshaugane. Snudde og gjekk sørover igjen over 1336-toppen sørvest for Stordalsskardet, Taumevassheia, Bekkjedalsknuten og Skjerevassheia tilbake til demningen. Stort sett halvskya ver, men N-V frisk bris og lette snøbøyer midt på dagen og i kveldinga.

Map