Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Averøy: Hågen

Date:
16.08.2017

Map    

Rauma/Nesset: Gjuratinden

Date:
09.08.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:51h
Distance:
15.0km

Rauma pf 100 159/161 Møre og Romsdal pf 100 1055/1157 Jan Petter var klar for ny tur etter gårsdagens stortur til både Kvanndalstinden og Romsdalshornet. Kjøyrde bomveg kr 50 til Rabben. Gode parkeringsforhold, stor plass merka med P. Stien startar litt nærmare hyttene og er merka Hoemsbu og Svartvassbu. Veldig god sti som vi fulgte nesten opp til Hoemskaret sør for 1430-toppen. Her tok vi av over snøfelt/bre på austsida av Gjuratinden. Første vanskelege punkt er å kome seg av breen og inn på svapartia. For oss gjekk dette fint, men her kan det være vanskar om meir snø er smelta. Svapartiet er glatt, dvs fuktighet her er lite gunstig. Det er bra med tak om ein held seg heilt inntil fjellet. Når vi kom opp og bak den neste snøbreen fann vi rapellslynger. Vi tok ein kort rapell ned >>>

Map     1 comment

Rauma: Kvanndalstinden

Date:
08.08.2017
Characteristic:
Alpine climbing
Duration:
9:00h
Distance:
12.0km

Jan Petter og Gunn har skrive og lagt ut mange bilder + gps-spor frå denne turen: https://peakbook.org/tour/226222/Kvanndalstinden+og+Romsdalshornet.html Skriv ikkje meir om denne turen, men det var trivelege møter med andre fjellfolk. Tre andre var på Kvanndalstinden denne dagen. Sidan eit par av dei var frå Vågå-området spurde eg om dei kjende Geir Arne. Seigemannen ja! var svaret eg fekk :-) Ei av jentene var Ingvild Øyjordet som skal være på Sæbø i september. Eg valgte å rusle roleg tilbake til parkeringa medan JPV og TopGun tok laust på Romsdalshornet. Her fekk eg haik med ein gong med eit par som skulle til Isfjorden. Etter litt samtale kom det fram at dette var kameraten til Sondre Kvambekk som vi møtte på Storen og Turtagrø 15. juli. Snodige greier korleis ein møter folk... https://peakbook.org/tour/226467/Kvanndalstind+%26+Romsdalshornet.html

Map    

Rauma: Aust for Trollstigen

Date:
07.08.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:33h
Distance:
17.8km

En enslig hundrings stod igjen aust for Trollstigen. I tillegg ville eg plukke med 1549-toppen. Veldig greitt å starte der eg gjorde, ned til vatnet og så oppover dalen. Tok opp litt for mykje høgde før eg såg vidare så måtte nedigjen litt. Retursporet i dalen er bedre. Så bratt opp mot Børa. Klyvra opp ei skåre her, gjekk ikkje heilt rundt hammaren. Vestegga til 1568-toppen er grei å gå, litt stor ur eit stykke. Ned søregga og heilt problemfritt. Opp frå Isglupen er det bratt men fleire mulege rutevalg. Retur omlag same ruta. Mot Børa drog det seg til med skodde og ei sure byge. Letta igjen så kleda tørka nesten opp til eg kom til bilen. Men så var det slutt. Satte meg ned utanfor bilen før eit lyn og eit påfølgjande tordenbrak skremde meg innendørs. Det var nesten natt >>>

Map    

Vestnes/Rauma: Blåtindane, Svartevasstinden og Trolltinden

Date:
29.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:16h
Distance:
13.3km

Møre og Romsdal pf 100 1051/1156 Vestnes pf 100 komplett JP har lagt ut GPS-spor her: https://peakbook.org/tour/223868/Svartevasstinden+og+Trolltinden.html Jan Petter kom heim frå campingferie og etter eit par timar stod eg på døra klar for tur! Velget vart Svartevasstinden som vi begge mangla, og vi har diskutert ei stund. Parkerte før Venåssætra, her er ein inngjerda parkeringsplass. Tok sats over nokre myrar og opp gjennom skogen. Etterkvart på hjortetrakk og ei slags merka rute oppom skoggrensa. Første stopp vart Blåtindane, ein veldig flott topp med luftig toppunkt. Kremtopp! Kasse og bok, siste besøk 27.mai, veldig lite besøkt mao. Suste lett forbi dei 2 lavare toppane, JP hadde dei frå før og eg var berre sånn passe motivert. Svartevasstinden var neste. Her møtte vi 2 frå Molde. Dei fekk klatre hammaren før oss, vi trengde litt meir tid >>>

Map     3 comments

Sunndal/Lesja: Eggekollan og Grønliskardtinden

Date:
28.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:17h
Distance:
25.7km

Møre og Romsdal pf 100 1048/1156 Det er klart at skal ein på Grønliskardtinden er det ski som er tingen. Ganske langdrygt og kjedeleg. Dette var eg sjølvsagt klar over, men no var eg på tur her så da så... I det eg skulle til å gå fekk eg sms frå JPV som var klar for tur neste dag i Rauma! Det vart ein ekstra motivasjon undervegs. Det er god sti og gå på frå Geitavollen og inn Geitådalen. Gå forbi den raude hytta på høgre sida og du finn stien med ein gong. Det var folk i hytta når eg kom tilbake, men såg dei ikkje. Usikker på dette med den parkeringa som er avmerka her på PB. Det er veldig nære hytta og eg ville spurdt dei om dette var greitt. Evt kan ein parkere over brua på høgre sida av veien. Når ein kjem inn dalen over skoggrensa forsvinn stien delvis, men det er >>>

Map    

Nesset/Lesja: Bjørnhovda, Søre Svarthåmåren og Geitåhøi

Date:
27.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:07h
Distance:
18.9km

Møre og Romsdal pf 100 1047/1156 Bjørnhovda var turens hovudmål sidan den ligg i Møre og Romsdal. Forsåvidt heilt grei tur opp her, utan sti eller spor av menneske. Ein svært lite besøkt topp. Så plukka eg eit par 1800ingsar som ikkje var spesielt spennande. I tillegg til mykje vind vart dette ikkje den store opplevinga. Såg over mot Grønliskardtinden som eg hadde i tankane for neste dag, såg heller ikkje lystig ut. Stein, stein og atter stein, langdrygt og kjedeleg. Tilbake i bilen var eg ganske fornøgd med dagen uansett!

Map    

Nesset/Rauma: Hoemtinden, Hauduken og litt til

Date:
22.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
11:09h
Distance:
24.5km

Møre og Romsdal pf 100 1046/1156 Denne turen har stått på blokka sidan 2014, endeleg var det mulighet. Heldigvis stilde Torleiv ein mann, dette vart årets ferie for han. Overnatta i telt ved Nedste Mardalsvatnet. Kom oss avgarde 0750. Demninga er ikkje gangbar! Dvs vi kunne prøvd men eit fall ville vært ein svært dårleg start på dagen. Heldigvis såg Torleiv brua litt lenger nede. Denne var vi ikkje klar over. Har lagt den inn i systemet. Flott og enkel tur over Evelsfonnhøa og Rangåtind til Hauduken. Lange snøbakkar sparte oss for mykje tid og labbing i steinur. Så var det ryggen til 1719 nord for Hauduken. Vi gjekk nedover og tok ein titt. Torleiv fekk skrapa opp flesket litt og nesten nede i skaret bestemde vi oss for å snu. Skal du gå denne ryggen bør du være av eit anna >>>

Map     3 comments

Herøy: Keipen, pf 50&100 komplett

Date:
19.07.2017
Characteristic:
Hillwalk

Sunnmøre pf 100 518/519 Møre og Romsdal øytoppar 43/43 Ragnar ordna skyss med Lasse, som meget velvillig stilde opp med båt. Møttest kl 1220 ved hamna på Kvalsund. Susa utover til Skorpa, brukte litt tid for å komme oss inn og legge oss til. Meget grunt her. Trikset skal være å sikte på ei gule bøye som ligge oppe på marka bak husa. Ekkoen viste sånn 1-2 meter lenge så det var marginalt, mykje sidan det var nesten full fjøre. Fekk hjelp av ein artig kar på kaia. Vi måtte berre innrømme at dei to som ikkje styrde båten kunne kallast landkrabber. Rusla forbi husa og tok til høgre og gjekk langs eit gjerde. Fulgte vidare stien til toppen. Sjølv om det bles ein del på sjøen var det vindstille på toppen. Ein meget fin dag å besøke denne spesielle plassen og toppen.

Map    

Årdal/Luster: Store Skagastølstind

Date:
15.07.2017
Characteristic:
Alpine climbing
Duration:
8:55h
Distance:
18.0km

Lise har skrive om denne turen, sjå rapport og mange fleire bilder der. https://peakbook.org/tour/220613/Storen+:-%29.html

Map     4 comments