Sunndal: Somrungnebber (26.06.2018)  6


Start point Fale (100m)
Endpoint Fale (100m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 56min
Distance 20.1km
Vertical meters 2,230m
GPS
Ascents Litlsomrungnebba (1,700m) 26.06.2018
Litlsomrungnebba sørvest (1,657m) 26.06.2018
Storsalen vesttoppen (1,715m) 26.06.2018
Storsalen austtoppen (1,715m) 26.06.2018
Storsomrungnebba (1,799m) 26.06.2018

Møre og Romsdal pf 100 1110/1160
janyga (Jan Arne Nygaard) har gått denne turen, og etter å sjekka rapporten var det klart at eg ville ta denne turen på ein kjempedag vermessig. Overnatta i bubilen ved parkering Eiriksvollen så og seie rett under brua. Stien er litt knotete i starten rundt nokre bøar men godt merka. Etter kvart veldig god sti oppver Falelia. Fulgte denne stien til ca 900 før eg tok av mot Litlsomrungnebbene. Ettersom Jan Arne hadde vurdert egga nordover frå første topp, var eg ikkje ned og kika eingong. Gjekk tilbake og runda rundt nede i sida utan å tape vesentleg høgde. Så over 1704 og lett til Storsomrungnebba. Fantastisk dag på toppane, vindstille og utsikt i alle retningar. Lite besøk så langt i 2018. Vidare til Storsalen, som har 2 punkt. Usikker på kva som er høgaste. Målte begge til ca samme høgde. Skal du hit så gå på begge, det er ikkje langt til det vestlege punktet! (Nye kart pr november 2019 viser at vesttoppen har 1715-kote, det har ikkje austtoppen. Har flytta markøren og lagt inn austtoppen som eget PBE. Den vestlege toppen er kanskje ein halvmeter høgare!) Brukte mange snøfelt nedover mot Tverrådalen. Derifrå på sti resten av turen. Ein klar seksar på terningen.

Frå første topp mot dei 3 neste.
Frå første topp mot dei 3 neste.
Mot Tåga og Såtbakkollen
Mot Tåga og Såtbakkollen
Ferdig med 1704-toppen, ser tilbake mot dei 2 første
Ferdig med 1704-toppen, ser tilbake mot dei 2 første
Frå Storsomrungnebba mot Storlia
Frå Storsomrungnebba mot Storlia
Toppvarden på Storsomrungnebba
Toppvarden på Storsomrungnebba
Storsalen, vestlege punkt. Vi ser mot det austlege som er registrert her med 1720 og høgaste.
Storsalen, vestlege punkt. Vi ser mot det austlege som er registrert her med 1720 og høgaste.
Storsomrungnebba til venstre, Litlsomrungnebbene til høgre
Storsomrungnebba til venstre, Litlsomrungnebbene til høgre
Innerdalen
Innerdalen

User comments

  • -
    avatar

    rått!

    Written by kobbenes 02.07.2018 17:18

    Det siste biletet av Innerdalen er heilt rått :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.