Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Luster: Leirmohovden

Date:
19.05.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
1:10h
Distance:
2.8km

Parkerte litt på måfå og starta på lia oppover mot Leirmohovden. Etter kvart kom vi inn på ein sti som var delvis merka. Denne klarte vi følgje ei god stund før den bikka over kanten og hadde heilt feil retning. Her tok vi av etter nokre plastpinnar som var stripsa fast i trea. Denne ruta førte oss etterkvart opp ei bratt lita renne/hylle der vi måtte bruke nevane. Så kom vi igjen inn på ein bedre sti. Muleg ruta går ei lenger runde, men at nokon har merka ein snarvei opp der. Returnerte stort sett same rute ved hjelp av GPS og merkingane. Ein del vindfallskog lengst nede gjer nok at det som er ei gammal rute er vanskeleg å følgje her.

Map    

Luster: Dueskarhovden

Date:
19.05.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
1:13h
Distance:
2.8km

Etter tur til Leirmohovden fekk eg lura med Torleiv på denne <100-toppen. Parkerte i den knappe svingen og gjekk innover skogsveien. Gjekk litt for langt, det som sannsynlegvis er starten på ein gammal og lite brukt sti til Solsete var ikkje lett å finne. I starten over berg, før den etterkvart vart delvis meir synleg. På ca 375 moh kom ein hjort rett imot oss og stoppa ikkje før den var på 10-meters avstand. Her kryssa vi så ein liten bekk og kjempa oss forbi noke vindfallskog. Kom så inn på ryggen som førte oss til topps. Til tider mykje skog som låg overendeblåst. Fann ikkje trig.pkt på toppen, men høgste punkt seier seg sjølv. Ikkje den store opplevinga, men grei trim før heimreise.

Map    

Luster: Rundhaugan, Guridalsnosi og Keisaren

Date:
18.05.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:49h
Distance:
19.3km

Etter 17.mai i strålande ver, vakna vi til ein grå dag. Det var mange som la i veg mot Fanaråken. Kor mange som kom opp er usikkert sidan vi aldri prata med dei. Vi hadde diskutert å ta denne med, men med skodde til 1700 moh var det totalt uaktuelt. Vi gjekk mot Rundhaugan som første stopp. Her sette vi igjen skia og gjekk langs bare rabbar til topps. Så eit lite stykke retning Guridalsnosi der vi tok dagens einaste matstopp. Heilt greitt under skodda på Guridalsnosi, men mot Keisaren var det lite å sjå. Kjøyrde etter GPS og gamle spor vidare nordover og inn på skispora frå Fanaråken. Ganske sugande og trått ned breen. Tilbake ved bilen i 3-tida. God middag (pølse og pasta, same meny som dagen før) og litt avslapping før kveldsturen til Gjesingefjellet og Nosafjellet.

Map    

Luster: Nosafjellet og Gjesingefjellet

Date:
18.05.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:02h
Distance:
13.6km
Map    

Luster/Lom: Hillerhø og Gravdalstinden

Date:
17.05.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:53h
Distance:
27.2km

Vi brukte litt for lite tid på å finne beste startpunkt, noko som resulterte i ein liten knekk på ruta og litt lenger retur enn nødvendig. Skulle heller ha starta ved Sognefjellshytta. Men greitt nok. Ganske hardt og bra gli på formiddagen, dette endra seg til legendarisk sugeføre utover dagen. Hillerhø er ein lite besøkt topp litt utanfor allfarveg, men midt i blinken for oss som samlar på S&F-toppar. No er snart fylket historie, men slike tullete regionreformar forheld vi oss ikkje til. Vi vil halde fram med å samle i S&F. Vi var litt spent på den vestryggen oppover mot Gravdalstinden. Når vi stod på Hillerhø såg vi ruta ganske greitt, og det var ingen problem. Skia på heile vegen, mellom knattar og knøs. Oppe i sida der kunne Torleiv melde om stemmer frå toppen. >>>

Map    

Luster: Prestesteinshøgdi og Dyrhaugen

Date:
17.05.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:30h
Distance:
9.0km

Etter turen til Hillerhø og Gravdalstinden vart det middag i bilen. Så var det dagens kveldsøkt. Temperaturen var no til å leve med. Lett og fin tur til 2 enkle toppar. Flott utsikt og frå desse lavare toppane til mykje flott i alle himmelretningar.

Map    

Luster: Steindalsnosi

Date:
16.05.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:00h
Distance:
8.0km

Vi parkerte åleine på den vesle lommen der den vanlege ruta til Steindalsnosi startar. Ingen andre å sjå, men mykje skispor gjorde det lett å finne fram. Fella opp argaste plankane vi hadde + Scarpa T4 telemarksko. Sidan vi kjøpte fjellski for 6-7 år sidan har desse skia blitt mindre og mindre brukt, men til slike turar er det heilt topp. Snøen var blaut oppover til vi kom over siste kanten, sjølv så sent på kveld. På toppen i 9-tida og hadde den åleine i nydeleg kveldslys. Herleg nedrenn og glei heilt ned til bilen utan å gå eit steg. Torleiv var meget fornøgd med denne kveldsturen. Planen om å finne anna parkering for natta vart lagt på is, og ølboksane vart lagt i snøen. Knørva ein pakke potetgull og kosa oss i fin temeratur før vi kraup inn i bilen og tok natt.

Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
04.05.2019
Characteristic:
Hike
Map