Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Skjåk/Luster: Grøntjønnhøi og Krossbakkenosi

Date:
22.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:49h
Distance:
26.5km

Denne dagen berga vi forsåvidt godt i boks med å halde oss i lavare fjellterreng. Skylaget låg godt nedpå toppane og vinden var heller ikkje fråværande. Tundradalskyrkja vart droppa som første prioritet. Valget var å gå sørover retning Krossbakkenosi, og så heller gå nordover igjen over Tundradalskyrkja dersom det letta...noko som ikkje skjedde. Vi gjekk gjennom Tundradalsbandet og vidare sørover Illvatnet eit stykke. Planen var den sørlege, litt slakare ruta mot Grøntjønnhøi. Med nasa godt planta i GPSen og ein jævlige vind kom vi opp. Eit par plassar måtte vi stoppe heilt opp, utan noko haldepunkt. Berre kvitt inferno rundt oss. Nede ved Illvatnet igjen var det såpass bra at vi fekk beordra Kroksleiven ned i sittande stilling og ei lenger matøkt. Faktisk heilt på grensa >>>

Map    

Skjåk/Luster: Gjelhøi og Holåtindane

Date:
21.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:35h
Distance:
30.8km

Kristian har dokumentert denne turen grundig. Les her: https://peakbook.org/kobbenes/tour/357480/Hol%C3%A5tindan+fr%C3%A5+Sottj%C3%B8nnbu.html

Map    

Skjåk: Sottjønnbu

Date:
20.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:28h
Distance:
6.0km

Tur til Sottjønnbu for å samle toppar i Breheimen. Meir info under bilda. Skjåk/Luster: Gjelhøi og Holåtindane Skjåk/Luster: Grøntjønnhøi og Krossbakkenosi

Map    

Bremanger: Gjegnen

Date:
23.04.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:35h
Distance:
28.6km

Diverse tilfeldigheter gjorde at vi fekk til denne turen på ein torsdag. Møtte Otto og Paal Andre på ferjekaia på Lote. I Hyen stod Christian og venta på parkeringa. Spurde ein lokalkar vi møtte om denne parkeringa, og det er heilt innafor og vanleg å kjøyre opp hit. Stor parkeringsplass til mange bilar. Det vanskelege partiet såpass tidleg er frå skogsveien og opp til Lavesteinen. Vil anbefale turen frå Hope til Gjegnen på ski, men best er den når snøen er smelta opp til Lavesteinen. I 2016 gjekk eg denne turen med Geir Arne 6. juni. For meir bilder, info og dronefilm sjekk turen hos Christian, Otto og Uglefisk.

Map    

Balestrand: Johannesberg

Date:
18.04.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:22h
Distance:
18.2km

Planen var ei mykje lenger runde med 7 toppar. Diverse omstende gjorde at vi var fornøgde med berre Johannesberg. Først starta vi turen for langt oppe. Så brukte vi lang tid med diverse feller og stegjern. Ja det var så knallhardt oppover at vi labba med stegjern og skia på sekken eit stykke. Kortfeller vart bytta ut med langfeller og så tilbake til kortfeller igjen. Etter ein matpause på Sværaeggi vart vi enige om å gå for Johannesberg. Sette igjen skia og gjekk med stegjern dei siste ca 120 hm og 600 meterane til topps. Her oppe var det ganske bra snø og ikkje så isete. Vi hadde og lokalisert nokre voldsomme skavlar på den tenkte ruta vidare som ikkje let seg forsere. Sånn sett var det ikkje vanskeleg å gi seg i dag. Elendig skiføre nedover igjen sjølv om sola hadde fått >>>

Map    

Eid: Svartegga

Date:
10.04.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
12.6km
Map    

Eid: Svartegga

Date:
21.03.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Oppdal/Rennebu: Trollhøtta og Grythatten

Date:
18.02.2020
Characteristic:
Backcountry skiing

Vinterferie hos Johan på Oppdal. Johan hadde rydda i timeplanen sin så det vart 3 dagar med flotte turar. Dagen starta rimeleg bra. Vi parkerte i Grytdalsskardet på parkeringsplass og gjekk brøyta vei til Håkkårsætra. Angra på at vi ikkje kjøyrde lenger. Men når vi kom tilbake var det nokre bilar der, så vi fekk bekrefta at vidare kjøyring eigentleg var for dei som hadde hytte der. Greitt å ikkje lage parkeringskaos likavel då ja. Oppover mot Trollhøtta friskna det på ein del med vinden. Vi glei fort ned til hytta ved Smotta der vi fekk ein velfortjent matpause i le av hytteveggen. Vi var samstemte i å gjere eit forsøk på Grythatten sjølv om toppen ikkje var å sjå. Vi kom greitt opp, men besøket vart kort. På returen nedover tjukkna det ennå meir til så vi berga oss >>>

Map    

Oppdal: Vora

Date:
18.02.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Midtre Gauldal: Ølshavden

Date:
17.02.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Map