Norddal/Rauma: Grønningsæter -> Grønningsæter (16.07.2014)  6


Start point Grønningsæter (400m)
Endpoint Grønningsæter (400m)
Characteristic Hillwalk
Distance 95.0km
Vertical meters 8,200m
Map
Ascents Krynkelen (1,494m) 16.07.2014
Litlehornet (1,436m) 16.07.2014
Bjørnabottinden (1,661m) 17.07.2014
Bjørnabottinden øst for (1,625m) 17.07.2014
Bjørnegga vest for (1,484m) 17.07.2014
Hånådalstinden (1,806m) 17.07.2014
Nordvest for Hånådalstinden (1,741m) 17.07.2014
Sylkoppegga (1,567m) 17.07.2014
Blåtinden (1,664m) 18.07.2014
Øst for Blåtinden (1,607m) 18.07.2014
Illstigegga (1,720m) 18.07.2014
Illstigegga nord for (1,601m) 18.07.2014
Vestre Illstigegga (1,679m) 18.07.2014
Kollen (1,546m) 18.07.2014
Muldalseggenden (1,659m) 18.07.2014
Storfjellet NØ2 (1,432m) 18.07.2014
Storfjellet i Tafjordfjella (1,759m) 18.07.2014
Blåfjellet (1,602m) 19.07.2014
Blåfjellet sør for (1,599m) 19.07.2014
Blåfjellet vest for (1,575m) 19.07.2014
Korga (1,640m) 19.07.2014
Muldalsegga (1,766m) 19.07.2014
Neskopptindane (1,687m) 19.07.2014
Neskopptindane V1 (1,593m) 19.07.2014
Neskopptindane V2 (1,575m) 19.07.2014
Neskopptindane Ø1 (1,623m) 19.07.2014
Trollkyrkja (1,762m) 19.07.2014
Trollkyrkja Sørøst (1,711m) 19.07.2014
Årøldalstinden (1,609m) 19.07.2014
Høghornet (1,480m) 20.07.2014

Flottaste turkommunen på Sunnmøre, NORDDAL!

Dette prosjektet har blitt målt fram og tilbake i lang tid, mange forskjellige varianter har vore på blokka. Enden på visa var å pakke lett med telt til 5 dagar og prøve. Ingen andre kunne være med dessverre, då blir det ei ekstra utfordring med det sosiale. Eg likar tross alt å treffe folk sjølv om eg er på tur. Dette ordna seg fint.

Dag 1: Grønningsæter-Tjønnebu-Krynkelen-Litlehornet-Tjønnebu
Ca 5,5 timar, 1500 høgdemeter

Kom til Grønningsæter i godt ver. Veien oppover frå betalingskassa er elendig, og ein kar eg snakka med sa eg skulle drite i å betale 20 kr. Det låg heller ikkje konvoluttar til dette. Gjekk til Tjønnebu i godt driv. Møtte far og 2 gutar frå Berlin på vegen, dei hadde hatt ein flott tur med fiske. Satte igjen sekken og gjekk med banan og kart mot Krynkelen og Litlehornet. Den største utfordringa vart vadinga i utosen til vatn 973. Vada over med vatn langt opp på låra, shorts og fjellsko søkk våte. I tillegg kom ein kamikazemåse og bombarderte meg gjentatte gongar med skrik og måsedrit. Den hadde vel helst likt at eg tippa over og flaut med elva ned i Grøndalen. Våt og kald kom eg tilbake til Tjønnebu, usikker på vidare framdrift. Der møtte eg ein meget triveleg svenske, Fredrik från Vesterås. Han hadde fyrt i og kaffien var klar. Han hadde vore på tur i Norge siste 10 åra og var imponerande godt kjent. Eg droppa vidare planar, satte opp teltet ved eit av vatna.

Dag 2: Tjønnebu-Sylkoppegga-topp 1741-Hånadalstinden-topp 1625-Bjørnabottinden-topp 1474-Tjønnebu
Ca 7,5 timar 2100 høgdemeter

Vakna til varierande skydekke og lett regn. Vurderte og grubla lenge i teltet før eg gjekk bort til Fredrik i hytta. Ny kafferunde og grublerunde. Han skulle berre følge stien tilbake til Vakkerstølen så for han var det enkelt. Han kunne fortelle at han var dritlei Vesterås, Stockholm, flatland og elendig vasskvalitet. Vurderte seriøst å finne seg jobb i Norge for å være nærare herligheten her. Eg kunne ikkje anna enn å være einige. Kl 1200 tok vi kvarandre i handa og takka for lange gode samtaler. Pakka sekken med godt med kle, mat og diverse orienteringsutstyr. Gjekk mot Sylkoppen. Heldigvis såg det greitt ut bratt opp frå utosen i vatnet. Ura langs vatnet såg ikkje fristande ut. Oppe på Sylkoppegga surna det til, regn og utriveleg. Måtte verkeleg i den mentale kjellaren for å ta ned høgde til Bjørnebottvatnet. Tanken på kaffe og Jo Nesbø i teltet var veldig fristande. Vidare mot 1741-toppen og Hånadalstinden klarna det opp. Tilbake i Hånadalsreset gjekk eg bratt opp mot 1625-toppen, over Bjørabottinden og til topp 1484. Ny runde med skodde og regn. Bratt ned til utosen i Illstigvatnet. Her var det ikkje heilt lett å finne ei god rute, krongla fram og tilbake i nokre hyllesystem før eg kom ned. Ved Tjønnebu var det nye gjester, 2 karar frå Ulsteinvik. For første gang i mitt liv fekk eg prate med ein profesjonell utøver av sporten MMA.

Dag 3: Tjønnebu-Børrebottreset-Storfjellet-Kollen-Muldalseggenden-Illstigegga-Bjørnabottinden-Muldalslaupet
Ca 7 timar 1900 høgdemeter

Ein forferdeleg trist dag med regn og skodde heilt ned i vatna rundt Tjønnebu. Heilt uaktuelt å starte med noko som helst. i 12-tida rusla eg bort til karane i hytta. Tok med snyltekoppen i tilfelle det var kaffe å oppdrive. MMA-utøvaren og ein av trenarane hans var i tillegg svært opptatt av godt kosthold. Etter kvart vanka det middag, sjølvjakta grågås med poteter i folie. Dette satt som eit skudd, meget god mat! Trenaren (som og var svensk) kunne fortelje litt av kvart, blant anna om språkforviklingar. Å styre på litt i hagen er på svensk: Pula lite rundt i hagen. MMA er forresten Mixed Martial Arts, ein kampsport.

I 2-3 tida slutta regnet og det vart lettare skydekke. Bestemde meg for å prøve ein etappe og gå til langt på kveld. Fulgte merka rute mot Vakkerstølen. I Børrebottreset tok eg av over eit par småtoppar og sørover til Storfjellet. Eit klyveparti her på nordegga, legg inn eit punkt på denne. Vidare rundt heile Krynkelvatnet i stadig bedre ver. Kom fram til Muldalslaupet ca kl 2300 og fann ein fin teltplass i steinete terreng. Det gjekk lenge før eg sovna, spent på neste dag vidare over ei røys med toppar.

Muldalslaupet 1320 moh
Muldalslaupet 1320 moh

Dag 4: Muldalslaupet-Neskopptindane-Korga-topp 1711-Trollkyrkja-Muldalsegga-Årøldalstinden-Blåfjellet-Trollkyrkjebotn-Middagsbotn-Fremste Heivatnet
Ca 11 timar 1900 høgdemeter

Ein lang dag, mest fordi eg tok meg god tid. Starta kl 0900 i roleg tempo. Gjekk over alle Neskopptindane og Korga til topp 1711. Etter denne var eg litt usikker. Fann greitt ei rute ned mot Nakkebreen og gjekk vidare søregga mot Trollkyrkja. Av ein eller anna grunn har eg rota det veldig til her. Lest både turrapportar og litteratur. Opptur-boka anbefaler søraustegga, eg prøvde å klyve egga frå skaret i vest. Det vart eit hårete prosjekt men eg kom opp, fullstendig klar over at dette ikkje kunne være ruta i boka. Heldigvis fann eg at retur søraustryggen var problemfritt. Berre eit par klyvetak her. Kryssa Nakkebreen nok ein gang. På Muldalsegga møtte eg ein kar frå Oschlo. Han såg ut som ei ung utgave av AP-politiker Jan Bøler. Han skulle og til Trollkyrkja og vi utveksla litt turtips. Vidare gjekk det veldig seint, plukka Årøldalstinden og Blåfjellet før eg sleppte meg ned i Trollkyrkjebotn. Vidare ned i Middagsbotnen der eg vada stor elv heilt inne. Runda fjellet og kom fram til Fremste Heivatnet i 8-tida om kvelden. Heile 5 telt stod på austsida av vatnet. La meg til i god avstand og tok tidleg kveld.

Frå Muldalsegga austovermot Trollkyrkja. 1711-toppen til høgre
Frå Muldalsegga austovermot Trollkyrkja. 1711-toppen til høgre
Fremste Heivatnet. Korga midt i bildet.
Fremste Heivatnet. Korga midt i bildet.

Dag 5: Fremste Heivatnet-Høghornet-Fremste Heivatnet-Alstadsætra-Grønning-Grønningsæter
Ca 5 timar 800 høgdemeter

Starta i 9-tida frå vatnet. Passerte speidargruppa på andre sida av vatnet og vart sjølvsagt ståande der leeeenge og prate med enno meir trivelege folk. Enkelt til topps på Høgehornet 1480. Returnerte og fulgte god sti til Heisætra og Alstadsætra. Her svinga eg austover på gammal skogsvei som etterkvart gjekk over til merka rute til Grønning. Ca 1 time labbing på vei opp til bilen på parkeringa. Ein enorm varme, ca 27-28 grader. Nokon reiser til syden, god tur!

Berre 3 toppar igjen i Norddal pf 100, ei enorm liste! Eg var sliten og klar for å reise heim. Etter burgermeny i Valldal vart det fart i både humør og tarmsystemet. Handla på søndagsåpen butikk og tok ein avklarande tlf til Lise. Dyrdalen next! Norddal: Storvasshornet og Mellomskorene

User comments

  • -
    avatar

    I bøtter og spann

    Written by otto 14.10.2014 21:56

    Her var så mange topper og godt lesestoff : at det gikk trill rundt for meg til slutt....

  • -
    avatar

    Internasjonal topp tur :)

    Written by Eikås 22.07.2014 22:21

    He-he for ein rapport Ove :) og ikkje minst for ein tur... skikkeleg internasjonal topp tur :) :) Aldri kjedeleg der du fartar!! :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.